Blei feilsitert - fekk tyrkisk hatkampanje mot seg

Fribyforfattaren Asli Erdoğan - portrettert i Aftenbladets store fribyprosjekt «Forbodne stemmer» - har fått ein veritabel hatkampanje mot seg i Tyrkia etter at ho blei feilsitert i ei belgisk storavis.

Publisert: Publisert:

Asli Erdoğan lever i eksil i Frankfurt. Nå er ho offer for ein massiv hatkampanje i Tyrkia, på grunn av to setningar ho aldri har uttalt. Foto: Finn Våga

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Nok ein gong er den prisløna tyrkiske forfattaren Asli Erdoğan i trøbbel. Etter det mislukka militærkuppet i 2016 - som ho ikkje var involvert i - blei ho fengsla i fire månader heime i Tyrka. I dag bur ho i Frankfurt - der Aftenbladet møtte henne i februar, som éin av seks fribyforfattarar i prosjektet «Forbodne stemmer».

Etter å ha gitt eit intervju til den italienske avisa La Repubblica 15. oktober, har ho hamna i sentrum for ein massiv hatkampanje i Tyrkia.

I eit brev til internasjonale støttespelarar - blant anna Helge Lunde i Stavanger, som er direktør i det internasjonale fribynettverket Icorn - ber Erdoğan om støtte og hjelp etter at ein landsomfattande lynsjekampanje har blitt sett i gang mot henne. Ho viser til at nesten alle aviser, leiarane for høgreradikale parti og millionar av sosiale mediebrukarar i Tyrkia har delteke i kampanjen, som både har gått ut over Erdogan og hennar 75 år gamle mor, som framleis bur i Istanbul.

– Alt dette skjer på grunn av to setningar eg aldri har sagt, skriv Erdogan.

Aftenbladet møtte Asli Erdoğan i hennar eksilby Frankfurt i februar. Ho deltok også på bokmessa i Frankfurt i oktober. Foto: Finn Våga

Fatal feilsitering

Utgangspunktet for det heile er altså eit intervju Erdoğan gav til ein italiensk journalist. La Repubblica trykka intervjuet, der Erdoğan blant anna var sitert på at «tyrkiske barn går gjennom nasjonalistisk og militær indoktrinering heilt frå barneskulen». Ho sa også at «alle parti i parlamentet, utanom HDP, har ein tendens til å stempla alle kurdiske organisasjonar som «terroristar». Tittelen på artikkelen blei i La Repubblica «Me er indoktrinert til å sjå kurdarane som fiendar» - sjølv om dette ikkje var eit direkte sitat frå Erdoğan.

Åtte dagar seinare trykka den belgiske avisa Le Soir intervjuet, omsett til fransk. Erdoğan var ikkje informert om dette. Men i Le Soirs versjon blei Erdogan nå sitert på at «Me lærer å hata kurdarane frå barneskulen av» og at «alle politiske krefter i parlamentet er terroristar, bortsett frå HDP.»

Den franske, feilaktige omsetjinga blei så plukka opp av det engelskspråklege russiske mediebyrået Sputnik, som så spreidde intervjuet vidare. Og slik hamna dei feilaktige sitata i tyrkiske aviser og mediekanalar - til massive reaksjonar.

Orsaking og støttekampanje

Le Soir gjekk tysdag denne veka ut med ei offisiell orsaking til Erdogan:

– Me har retta desse feila og publisert den korrekte versjonen av intervjuet. Le Soir ber Asli Erdoğan om orsaking, heiter det frå Le Soir.

Både den tyske og den svenske greina av ytringsfridomsorganisasjonen PEN har engasjert seg i saka.

– Hatstormen mot Asli Erdoğan må takast på største alvor og avsluttast umiddelbart. Det er også viktig at ein finn ut av kvifor avisa Le Soir og mediebyrået Sputnik har spreidd desinformasjon av dette slaget, skriv svenske PEN.

Les meir om Asli Erdoğans dramatiske livshistorie i Aftenbladets serie «Forbodne stemmer»:

Publisert:

Les også

  1. – Heile verda har blitt mitt fengsel

  1. PEN
  2. Icorn
  3. Frankfurt
  4. Stavanger