Kvinnekamp mot mannsære

BOK: Shazia Majid (44), journalist og tidlegare kommentator i VG, har skrive si første bok. Det er ein formidabel debut.

Shazia Majid Foto: Janne Møller-Hansen

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Grade: 6 out of 6
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Shazia Majid: Ut av skyggene. Den lange veien mot likestilling for innvandrerkvinner. 335 sider. Aschehoug.

«Ut av skyggene» er dels ein sjølvbiografi, dels ei allmenn historie om kvinnelege innvandrarar i Norge og deira kamp for respekt og likestilling, og dels ein hyllest til Gulzar, mor til forfattaren.

Foreldra til Shazia Majid var blant dei første pakistanske innvandrarane som kom til Norge, tidleg på 1970-talet. «71-arane» kallar Majid dei. Gulzar var ei av dei få pakistanske kvinnene som var i arbeid – for dei fleste pakistanske menn var det ei skam at kona skulle ut og jobba. Men innvandrarparet trong inntekter for å gi eit verdig liv til ein familie som etter kvart talde fem døtrer, og ikkje minst for å senda pengar heim til slekta i Pakistan. For dette var dei villige til å tola hardt arbeid, kyniske arbeidsgivarar og hushaiar, rasisme og bitande norsk vinterkulde. Men dei møtte også hjelpsame og anstendige nordmenn. Enkelte av dei vart vener for livet.

Klamra seg til det gamle

Shazia Majids bok er ikkje ei svart-kvitt-forteljing. Framfor alt er det ei ærleg skildring av dei dilemma og det krysspresset som innvandraren ofte står i. Pakistanarane kom frå eit kollektivistisk, patriarkalsk samfunn der familien og klanen stod i sentrum, og møtte det norske, individualistiske velferdssamfunnet der kvinnene hadde ein heilt annan fridom enn heime.

Mange innvandrarar reagerte med frykt på det nye og ukjende, og svara med å klamra seg endå sterkare til dei tradisjonelle verdiane, inkludert kontrollen over kvinnene: «Kvinner var bærere av æren. Ære var det eneste de hadde igjen, der de tørket svetten over oppvaskkummen på Grand Hotel.»

Slik kunne livet i Norge bli ei forverring for dei pakistanske kvinnene. Storfamilien heime gav dei trass alt fellesskap, vern og en viss status. I Norge var dei i mange tilfelle fangar i eige hus, utan språk og kunnskapar om det norske samfunnet, og prisgitt kontrollerande ektemenn og slektningar. Ikkje alle hadde styrken til å kjempa imot, som Gulzar.

Utdanning, utdanning, utdanning

«Ut av skyggene» er eit glødande forsvar for utdanning som vegen fram mot større fridom og likestilling. Shazia Majid var ei flink jente, som elska den norske skulen. Ho las bøker av norske kvinnesakspionerar, særleg Camilla Collett, og fann fellestrekk mellom Norge på 1800-talet og det pakistanske miljøet 150 år seinare. Ho gleder seg over innvandrarjenter som gjer det bra på skulen, men er uroleg for at me er i ferd med å få ein «kontrollskule» utan danningsambisjonar og som «ikke klarer å skape tilhørighet og felles opplevelse av hva det vil si å være norsk» - eller meir konkret: som ikkje lærer Oslo-elevar noko om Lofoten.

Majid er også kritisk til det ho kallar «de lave forventningers rasisme», som ho meiner minoritetsgutane i stor grad blir offer for. Det rammar i neste omgang også jentene, for når gutane droppar ut av skulen og stiller svakt på arbeidsmarknaden, blir dei endå meir opptatt av å verna om sine kjønnsprivilegium. Det er eit fenomen som vel ikkje er heilt ukjent blant etnisk norske menn heller.

Kokosnøtt og husneger

Forfattaren har lang erfaring som aktivist på vegner av innvandrarkvinner, og skildrar inngåande den vanskelege balansegangen mellom feminisme og antirasisme.  Kritikk av sosial kontroll og kvinneundertrykking i innvandrarmiljøa blir møtt med skuldingar om å skita i eige reir. Majid er blitt kalla både «kokosnøtt» (brun utanpå, kvit inni) og «husneger». Samstundes risikerer kritikarane å bli omfamna av høgreekstremistar som berre er ute etter bevis på kor primitiv og vond islam er. Likevel er ho optimist. Patriarkatet er på vikande front. Og ho endar med å sitera mora, ikkje eigentleg heime verken i Pakistan eller Norge, men trass alt lykkeleg fordi barna har klart seg så bra. Immigrantens draum til alle tider er blitt til røyndom også på norsk jord.

Som etnisk nordmann frå Jæren er eg sjølvsagt ein outsider. Det er vanskeleg å vurdera kor objektiv og representativ Shazia Majid er. Men eg kan ikkje hugsa å ha lese ei bok som til dei grader har gitt meg kjensla av å ha fått eit nært og ærleg innsyn i livet som innvandrar i Norge. I tillegg er boka drivande godt skriven, med skjønnlitterære kvalitetar. Skildringane av Oslo kan beint fram gjera deg glad i byen.

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Bokanmeldelse
  3. Tom Hetland
  4. Innvandring
  5. Likestilling

Mest lest akkurat nå

  1. Viking FK har beklaget til Berntsen – styre­lederen vurderer å trekke seg

  2. Fugleinfluensa påvist på fugl i Nærbøparken

  3. Coop møter Coop i ny bydel som kan få flere innbyggere enn hele Bjerkreim eller Hjelmeland

  4. Fisker frastjålet hummer til 20.000 kroner: – Aldri opplevd før

  5. Verdensmesteren bor i en ombygget container. Tett på naturen for 500.000 kroner

  6. Gigant­broen på E39 vil gi en stor klima­gevinst, mener tilhen­gerne. Nå er et nytt regne­stykke klart