Oljespråket som styrer tankane våre

BOK: «Rikdommens språk» er ein god idé som hadde blitt endå betre av tydelegare styring.

Frå Veslefrikkfeltet i Nordsjøen.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Eivind Hofstad Evjemo og Knut Christian Myhre (red.): Rikdommens språk. Tekster om Oljefondet. 170 sider. Cappelen Damm.

Idéen er god. Korleis snakkar me om den norske oljerikdommen? Eller meir spesifikt, om Oljefondet, som i skrivande stund utgjer vel 2 millionar kroner per nordmann, og som med bokredaktørane Evjemo og Myhres ord «har gjort Norge til et sant privilegienes land».

For å få svar på dette, har dei to invitert åtte forfattarar – likt fordelt mellom sakprosa og skjønnlitteratur. Sju av dei skriv med utgangspunkt i eit nøkkelord: Klaus Mohn (eigarskap), Amalie Kasin Lerstang (portefølje), Karl Emil Rosenbæk (ressurs), Cathrine Knudsen (verdi), Anne Karin Sæther (ansvarlighet), Bjørn Vatne (generasjon) og Morten Søberg (tid). Øyvind Rimbereid skil seg ut med sin «Ode til oljen i det norske oljefondet», ein poetisk versjon av norsk oljehistorie.

Stor spennvidde

Spennvidda i bidraga er stor. Dei fleste er lesverdige, men den litt diffuse problemstillinga som ein anar alt i forordet ( «Fondet er like fullt noe som er skapt og utviklet både i samarbeid med og på vegne av andre. Språk er en viktig dimensjon i dette, som forhandles, forvaltes og foredles i samvær og samtale.») forsterkar seg under lesinga. Tekstane kan vera både tankevekkande og morosame, men gir i varierande grad svar på hovudspørsmålet.

Kva er «ansvarleg»?

La meg gi tre eksempel på dei beste:

Ein av dei som nærmar seg kjernen, er Anne Karin Sæther, som viser korleis «ansvarlighet» er blitt eit honnørord hos alle aktørane i oljedebatten, men at dei legg vidt forskjellig meining i det. For Oljefondet er det «ansvarleg» å sikra langsiktig og trygg avkastning på oljeformua. For miljørørsla er det «ansvarleg» å redusera oljeutvinninga og dermed utsleppa av klimagassar, sjølv om det vil gå ut over oljeinntektene. For norske politikarar var det lenge «ansvarleg» med ein moderat utvinningstakt, både av omsyn til andre næringar og til miljøet. Då moderasjonslinja vart oppgitt på 1990-talet, samstundes som Norge feila spektakulært i å oppfylla eigne klimamål, vart Oljefondet det nye retoriske ankerfestet for «ansvarligheten». «Det kan være at Oljefondet faktisk bidro til at det første norske klimamålet aldri ble innfridd», meiner Sæther.

Flaks? Flink?

Også UiS-rektor og tidlegare Statoil-økonom Klaus Mohn trykker på nokre ømme språklege punkt når han skildrar den norske oljeforteljinga, som både olje- og gassnæringa, fagrørsla og eit stort fleirtal av politikarane identifiserer seg med. I denne forteljinga er det «veldig få som har hatt flaks, men veldig mange som har vore flinke», omplassering av formue frå naturressursar til finans blir reservasjonslaust omtala som «verdiskaping», og ingen har vore dyktigare enn oss til å forvalta oljerikdommen til beste for alle. Men Mohn spår at klimakrisa vil utfordra dette sjølvbildet. I kampen om «kven som har skapt rikdommen, kven som har rett på rikdommen, og kva for føremål rikdommen skal tene», vil orda og forteljingane spela ei endå viktigare rolle i tida som kjem, spår han.

Banklogikken formar oss

Eit tredje eksempel er Cathrine Knudsens problematisering av kva det gjer med oss og vår kjensle av personleg ansvar når banklogikken, «at penger faktisk kan vokse», blir ein del av tenkemåten og språket også i det offentlege og i samfunnet elles. Det stadig veksande Oljefondet har skapt ei tru på at det alltid er nokon der ute som kan hjelpa oss. «Men denne tryggheten kan også gi en snikende følelse av at det vi gjør, ikke lenger skjer på ordentlig, det får ikke virkelige konsekvenser, vi blir berget uansett. (…) Hvem er vi da, hvis innsatsen vår i det daglige egentlig ikke teller så mye?»

Slike spørsmål kan medverka til at redaktørane får oppfylt sitt ønske om fleire samtalar om språk, olje og rikdom. Andre av bidraga er ikkje like utfordrande, sjølv om dei kan vera interessante på sitt vis. Ein skal vera forsiktig med å disiplinera skrivande folk, men ei tydelegare redaktørhand kunne nok gjort «Rikdommens språk» til eit meir vellukka prosjekt.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Vår anmelder trodde hun leste om en kvinne, men det var helt feil...

  2. Ung kvinne + voksen mann = traumer (og en god bok)

  3. Debuten var sjokkerende god. Her er bok nummer seks

  4. Har hun mensen ...?

  5. Nå er krim­dronningene tilbake på hjemme­banen

  6. Dundrende gode små­historier fra et Ukraina i kon­flikt

  1. Bokanmeldelser
  2. Sakprosa
  3. Oljefondet
  4. Språk
  5. Bokanmeldelse