Inviterer til gatefestival

Festivalsjef Espen Røsbak inviterer til gatefestival i fargegata når Kapittel 14 går av stabelen i september.

Publisert: Publisert:

Her, i Øvre Holmegate, eller "fargegata" som festivalsjef Espen Røsbak helst kallar henne, skal det bli festivalstemning når Kapittel 14 går av stabelen 17.-21. september. Foto: Fredrik Refvem

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

— Eg vil ha meir leirbålstemning på Kapittel. Eg blei ikkje heilt nøgd i fjor, og vil ha meir av det i år. Dermed inviterer me til gratis gatefestival i fargegata, seier Røsbak.

Fredag og lørdag kveld i festivalveka blir det Kapittel-arrangement på seks utestader i Øvre Holmegate i Stavanger. Tidlegare har Kapittel hatt kveldsarrangement på båten M/S Sandnes i Vågen, men nå skal altså folk kunna sirkulera mellom diverse utestadar i byens mest fotograferte gate, og dermed få meir leirbål- og festivalstemning.

Tema: Olje

Tema for årets Kapittel er olje. Både konkret, i den forstand at Kapittel vil diskutera korleis olja har forma det norske samfunnet – ja, heile verda – men også meir abstrakt og litterært.

— Me håper å trekkja nye grupper til festivalen med årets program. Her er ikkje stoff bare for litteraturinteresserte, men for samfunnsinteresserte menneske og oljebransjefolk, seier Røsbak, som i fjor trekte mellom ti og tretten tusen besøkande, alt etter korleis en tel.

— Kva gjer de for å få folk frå oljebransjen til å koma?

— Me har hatt noko kontakt med både selskap og organisasjonar, og kjem til å gjera meir av det.

— Korleis er responsen?

— Positiv, avventande og avmålt. Potensielle publikummarar er veldig positive til temaet, mens sjefane vil sjå meir av kva me faktisk kjem med før dei kastar seg med, svarer Røsbak.

Omfattande program

Men nå er altså programmet klart. Og som vanleg er det omfattande, både i gjester, sjangrar, uttrykk og målgrupper. For å starta litterært, og med forfattarane:

— Me har med oss eit stjernelag frå den norske samtidslitteraturen, seier Røsbak, som blant andre har invitert Vigdis Hjorth, Gaute Heivoll, Tor Åge Bringsværd, Tore Renberg, Tomas Espedal, Kjartan Fløgstad, Ruth Lillegraven, Lars Ramslie og Carl Frode Tiller. Og så skal Dag Solstad lesa i ein time og 20 minutt frå sin siste roman(?) "Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896".

Alle andre les kortare.

Internasjonalt

Men Kapittel er Stavangers internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom, og dermed høyrer internasjonale namn naturleg med.

— Me får både besøk av store namn folk har høyrt om, og folk som er meir ukjende for nordmenn, men store og viktige ute i verda, seier Røsbak. Han er spesielt nøgd med å ha fått den kritikarroste amerikanske forfattaren Philipp Meyer til byen.

— Han har skrive romanen "En amerikansk sønn", som handlar om eit familiedynasti som byggjer seg opp på olje. Det burde passa veldig godt i Stavanger, seier Røsbak, som også er stolt over å ha fått Jung Chang – forfattaren bak "Ville svaner" og den kontroversielle boka om Mao.

Samfunnsdebatt

Og dermed er me ved samfunnsdebatten og sakprosaen. Journalist og forfattar Alan Weisman skal halda Aftenblad-foredraget. Weisman har skrive boka "Verden uten oss", om kva som vil skje med jorda når me ikkje lenger er her. Nå er han aktuell med "Countdown", som handlar om at me reint økologisk nærmar oss kanten.

— Og så har me fått inn leiarane for alle ungdomspartia for å diskutera framtida. For det er jo dette det handlar om, seier Røsbak.

Ei slags rosin i pølsa blir nok også "Oljekontoret" lørdag kveld, med programleiar Thomas Seltzer.

Barn og film

Kapittel inneheld som vanleg også eit eige program for barn og unge, under vignetten Bokmerke.

— Overraskande mange har olja som bakteppe når dei skriv for barn og unge, seier Bokmerke-sjef Siri Odfjell Risdal.

I tillegg byr eit eige filmprogram på åtte dokumentarfilmar. Blant anna "20,000 Days On Earth", med Nick Cave.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinne skadet i arbeidsulykke i Sandnes

  2. 27 bilførere fikk fartsbot ved skole i Sandnes

  3. Sykepleierleder reagerer på feil bruk av munnbind på flyplasser

  4. Kommunen fjernet stupebrett umiddelbart etter dybdemåling

  5. Disse lokale trenerne er tatt ut til A-lisenskurs

  6. Utbrytere kan avgjøre thrilleravstemning om bioteknologiloven

  1. Litteratur