Ingen Heddapris til Rogaland teater
Etter rekordmange nominasjonar og storeslem i fjor, blei det ingen Hedda-prisar til Rogaland teater i år.
«The Book of Mormon» på Det norske teatret og Kilden teater og konserthus blei søndag kåra til «Årets forestilling» då Hedda-prisane blei delt ut i Oslo. Foto: Fredrik Arff/Det norske teatret
- Jan ZahlKulturjournalist
Etter å ha fått Hedda-prisen - Norges gjevast teaterpris - for «Årets forestilling» tre av dei siste fire åra, nådde årets nominerte frå Stavanger, «En folkefiende», ikkje opp då årets Hedda-prisar blei delt ut i Oslo søndag ettermiddag. Det gjorde heller ikkje den andre av årets nominerte frå Rogaland Teater, musikken, video- og lysdesignet til «Chaplin: Diktatoren».
I staden blei Det norske teatrets og Kilden teaters versjon av musikalen «Book of Mormon» kåra til «Årets forestilling». «The Book of Mormon» er skriven av South Park-skaparane Trey Parker og Matt Stone, og har gjort stor suksess i New York og London. Men juryen meiner regissør Vidar Magnussen og omsetjar Are Kalvø, saman med eit gneistrande ensemble, har klart å laga sin heilt eigne versjon - som også fekk susande gode kritikkar og har gått for fulle hus både i Oslo og Kristiansand. «The Book of Mormon» fekk tre Hedda-prisar.
Og med to prisar til «Utafor» og éin til «Sofokles» kunne Det norske teatret feira nok ein stor Hedda-kveld.
Nationaltheatret og Trøndelag teater fekk to prisar kvar. To av skodespelarane i Nationaltheatrets maratonframsyning «Engler i Amerika» - som Aftenbladet trilla ein seksar for på terningen - fekk Hedda-pris, mens Johannes Holmen Dahl fekk prisen for beste regi og Ragne Grande fekk prisen for beste kvinnelege hovudrolle for «Glassmenasjeriet» frå Trøndelag teater.
Heddakomiteens ærespris blei delt ut til Therese Bjørneboe, redaktør for Norsk Shakespearetidsskrift. For å sidera frå grunngjevinga:
«Teatervitenskapfaget er svekket og scenekunstomtaler- og kritikk lever på nåde i hovedstrømsmediene. Noen betrakter det som et forfall, andre ser mer pragmatisk på det, men uansett er vi alle enige om at den skriftlige refleksjonen over faget vårt må opprettholdes, og at når samfunnet rundt oss svikter, så må vi ta skjeen i egne hender.
Heddakomiteen ønsker å hedre en person hvis redaktørgjerning i 20 år har stått helt i sentrum for opprettholdelsen og utviklingen av samtalen om scenekunst.»
Mest lest akkurat nå
Fortsatt anbefaling om å unngå besøk
Emilie (22) skulle ut for å kjøpe Pepsi Max, havnet i Oslo
Regjeringen holder pressekonferanse om koronasituasjonen
Han fikk ALS: – Jeg blir levende begravet i min egen kropp
Bilselger tiltalt for å ha svindlet over 40 privatpersoner, egen arbeidsgiver og flere bedrifter
Politiet frigir navn på de fem omkomne i hyttebrannen i Andøy