Det blir (nesten) vanleg Kammermusikkfestival

Arrangørane satsar på å gjennomføra årets Kammermusikkfestival nesten slik det var før koronaen slo ut kulturlivet. I år med Brahms som raud tråd i programmet.

Christian Ihle Hadland og Katrine Lilleland ser fram til live musikk på årets Kammermusikkfestival. Det er nok strømming nå. Foto: Fredrik Refvem

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

– Nå er det nok strøyming! Nå skal det bli levande musikk av levande musikarar og med eit levande publikum, seier festivalsjef Katrine Lilleland.

– Det blir kanskje eit par-tre færre arrangement, litt færre publikummarar og ein meters avstand. Men det blir live, seier kunstnarisk leiar Christian Ihle Hadland.

Les også

Ikke akkurat noen nivåsenkning

Les også

Publikum lå strekk ut på hver sin matte

Les også

Solgte flere billetter enn ventet

Kjører på

Mens andre sommarfestivalar rundt om i landet avlyser eller nedskalerer kraftig, slår Stavanger Kammermusikkfestival eit slag for normaliteten og køyrer på. Om enn med færre utanlandske aktørar enn i tida før korona – slik det også var i fjor.

– Dei fleste musikarane på årets program bur i Norge. Men det går bra, for her er så mange flinke folk, seier Lilleland.

Dermed blir det 22 arrangement, inkludert barneprogram og yogakonsert, på arenaer som St. Petri, Skur 2 og Spor 5 – pluss nykomaren Solastrand gård.

Brahms på programmet

Ihle Hadland er kunstnarisk leiar, saman med Andreas Brantelid. Og i år har dei to altså valt seg Johannes Brahms (1833–1897) som raud tråd i programmet. Nærmare bestemt Brahms og kretsen rundt Brahms.

– Dette er mitt 12. år som kunstnarisk leiar. Då me skulle finna ei ramme for årets festival, sjekka eg dei tidlegare programma for å finna ut kva det ikkje hadde vore så mykje av. Då dukka Brahms opp. Han er ei kjempe. Ei kammermusikkjempe.

– Kvifor har han då ikkje vore meir til stades på programmet dykkar?

– Det er litt tilfeldig. Kammermusikkrepertoaret er enormt. Sånn sett er kvart einaste program ei oppvisning i å oversjå folk. Men me har vore opptekne av å unngå å spela slagerane. Me har leita etter litt ukjende perler.

Katrine Lilleland er katastrofeorientert, Christian Ihle-Hadland optimist. Dei utfyller kvarandre fint når ein skal planlegga festival. Foto: Fredrik Refvem

Ein gigant

Og slik har kanskje Brahms hamna litt i skuggen. For Brahms var – og er framleis – ein gigant i musikkhistoria. Ifølgje Ihle Hadland er han ein interessant syntese av fleire ting. Av strenge, klassiske former og arven etter Mozart, Haydn og Beethoven, samtidig som han lagar blomstrande konstruksjonar. Her er element av folkemusikk. Og så er Brahms ein av dei første som eksperimenterte med klangflater og -blokker. Altså at musikken kan vera meir av ein tilstand enn ein melodi.

– Brahms kan vera grandios og kjempeintens på same tid. Få eller ingen har klart det, verken før eller etter, seier Ihle Hadland.

Brahms var ein gigant i si samtid. Han blei løfta opp og fram av store namn som Robert Schumann. Den førti år lange relasjonen med Schumanns kone Clara er forresten eitt av musikkhistorias store mysterium. Sidan skulle Brahms hjelpa andre, som Anton Dvorak.

Ja, og så kjende Brahms folk som Grieg og Tsjajkovskij. Noko som førte til eit aldri så lite syltetøyslagsmål i eit middagsselskap i Wien.

– Brahms var ein storetar. Han forsynte seg så grovt av syltetøyet at Tsjajkovskij var redd det ikkje skulle bli noko igjen til han og hissa seg opp. Dermed måtte Grieg gripa inn og redda situasjonen, seier Ihle Hadland.

Les også

Sammenstøt som slår gnister

Les også

10 festivaler får støtte fra Kulturrådet

Optimisten og pessimisten

Kammermusikkfestivalen har økonomisk kome seg greitt gjennom koronaen. Avlysinga av utanlandske artistar, kombinert med bra billettsal i fjor gjorde faktisk at dei kom ut av det rare året med ein liten pluss.

– I år trudde me at me skulle laga ein heilt normal festival, med utanlandske musikarar. Men den planen måtte me snu på i april. Og akkurat nå er det faktisk verre enn i fjor, med endå strengare reglar for innreise og karantene, seier Lilleland, som dermed har venta heilt nå med å lansera eit ferdig program.

– Eg er jo litt sånn, eh, ja …

– Katastrofeorientert?

– Nettopp!

– Mens eg er optimist, seier Ihle Hadland – som alt har hatt korona.

– Så me utfyller kvarandre fint, avsluttar Lilleland.

Publisert:
  1. Kammermusikkfestivalen
  2. Christian Ihle Hadland

Mest lest akkurat nå

  1. Kan vi kjøre moped og traktor gjennom Rogfast?

  2. Berntsen skal bygge toppklubb og utvikle Bryne stadion

  3. Jan-Erik klemte til og bommet på mål. Det kan koste ham dyrt.

  4. Aftenbladets web-kamera viser en person som går vekk etter at bobil havnet i sjøen ved Tunge­nes fyr

  5. Sergio Ramos tok til tårene – sier han ville fortsette i klubben

  6. To nyfødte fikk ikke den hjelpen de trengte - kan være konsekvens av utfordrende arbeidsmiljø