Knark og knep i Køben

BOK: Hardkokt og nådelaust om ungdomsdrap i Danmarks mest krim-belasta kvartal.

Danske Morten Pape er aktuell på norsk med romanen «Guds beste barn».
  • Leif Tore Sædberg Meister I Lesevitskap
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Morten Pape: Guds beste barn. Roman. 458 sider. Omsett av Cecilie Winger. Aschehoug.

Eigentleg er Morten Pape (f. 1986) utdanna filmskapar, men har dei seinare åra fått mykje merksemd og blitt prislønte som skjønnlitterær forfattar. Dansken held på det dokumentariske: «Guds beste barn» er inspirert av det ein kan kalla «Danmarks Benjamin Hermansen-sak» – drapet på det 16-årige avisbodet Dennis Uzun i 2008. Skrivestilen er dessutan ganske filmatisk, med klipping mellom synsvinklar og ofte sceniske framstillingar med mange og lange replikkvekslingar.

Personane og handlinga er derimot oppdikta, og går føre seg i Amager i København, Papes eigen bydel. Det 16 år gamle avisbodet heiter i romanen Zeki, og blir slått i hel med kølle i kriminelt belasta Holmbladsgade, kvartalet med det høgaste drapssnittet i landet. Drapsmannen er 17 år gamle Mickey, og motivet var at hans syntest offeret stira på han og Simon, den to år eldre og noko meir empatisk utvikla fetteren. Tilbake sit Zekis kamerat Jamil med sorga over bestekameraten. Og skuldingar frå nærmiljøet om at han ikkje gjorde nok for å forsvara sin beste ven.

Sentralt i romanen står spørsmålet om drapet var rasistisk motivert. Svaret er innlysande ut frå handlinga og miljøskildringane, men både politi og rettsapparat vel å sjå vekk frå denne kjensgjerninga. Pape lanserer, gjennom ein av bipersonane, ei storpolitisk årsak til dette, ei forklaring som verkar både søkt og utanpåklistra og med touch av konspirasjonsteori. Akkurat denne delen skil seg ut, for gjennomgåande klarer forfattaren å gi oss ei usentimental og rå skildring av eit hardkokt og nådelaust ungdomsmiljø i søre København. Prega av vald, rusmisbruk, prostitusjon og eit rasemedvit som går begge vegar.

Det kunne fort blitt «over the top,» men Pape har eit konkret og saksorientert språk og så stor innsikt i kriminalitet, fengselsvesen, dop-mekking og variantar av skjellsord at situasjonane blir truverdige i all sitt utmålande elende. Aller best er romanen når den i delen om Simon klarer å få abstrakte omgrep som brotsverk, straff og soning til å stå konkret og klaustrofobisk fram for oss. Etter fengselsopphaldet forsøker Simon å byggja ei framtid med sambuar, tvillingbabyar, ny bustad – og skjult identitet. Men snart dukkar skrømta opp frå fortida, og gjer kvardagen og leseopplevinga ubehageleg.

Etter kvart går framstillinga noko på tomgang, og dei ulike perspektiva blir gjentakande i staden for å bringa noko særleg nytt. Pape har nok i lengda større tyngd som engasjert samfunnsaktør enn stilsikker skribent, og blir litt føreseieleg i handling og einspora i personteikning etter kvart. Likevel er det grunn til å sitera Prudence’ gamle og bannlyste knarke-refreng om å «bli med, bli med til København!»

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. En bok om voldtekt

  2. Hvis noen vil hente fram krimdronning-tittelen igjen, er det greit for meg

  3. Så galt kan det gå når en voksen tukler med barn

  4. Opp­rørende be­skriv­else av hvor kynisk arbeids­folk er blitt ut­nyttet

  5. Anmelderen er imponert: En historisk roman av de sjeldne!

  6. Kunnskapsbasert og entusiastisk om viking­tida

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Roman
  4. Anmeldelse
  5. Litteratur