Snop for togelskarar

BOK: Bjørn Stærk skriv godt, entusiastisk og kunnskapsrikt om togreiser – så godt at han kunne ha ført ordet meir sjølv.

Bjørn Stærk si bok «Togeventyret» er ei kjelde til mykje kunnskap, leseglede, nostalgi og inspirasjon til reiselyst. Foto: Siw Pessar

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Grade: 5 out of 6

Bjørn Stærk: Togeventyret. 336 sider. Res Publica.

Eg reiste på interrail for første gong i 1972, same år som togbilletten vart lansert. Det var eigentleg tenkt som eit eingongstilbod i samband med jubileet til den internasjonale jernbaneunionen. NSB-ekspeditøren på Sandnes stasjon forsikra om at eg hadde gjort noko lurt, «for denne sjansen kjem aldri igjen».

Så feil kan ein ta. Interrail vart ein knallsuksess, og aldersgrensa vart heva igjen og igjen, og kvar gong slik at eg fekk ein ny sjanse. Seinare har eg reist på togferie i Europa både med og utan ungar, eg har vore togpendlar på Jærbanen i 30 år, og eg skiftar ut fly med tog så ofte eg kan.

Eg er altså midt i målgruppa for Bjørn Stærks nye bok: «Togeventyret». Det er ei bok for togentusiastar, ei bok som talar toget si sak i samferdselspolitikken, og ei bok som håpefullt spår at toget vil leva lenge i landet.

«Eventyr langs bakken»

Stærk ser to grunnar til at toget kan få ein ny vår, også når det gjeld ferieturar. For det første klimakrisa, som vil tvinga oss over på meir miljøvennlege transportmiddel. Stærk er ingen utprega moralist, men også hos han finn me det djupe alvoret som krev at me må tenkja radikalt annleis om transport når klimaendringane trugar. 

For Stærk er likevel kvalitetane ved sjølve togreisa – «gleden ved å legge ut på eventyr langs bakken», som han uttrykkjer det, vel så viktig. På toget kan du slappa av og sjå landskapet endra seg gradvis undervegs, du kan lesa, arbeida eller bli kjend med medpassasjerar. Toget er ein stad der du opplever noko, ikkje berre flytter deg raskt frå stad til stad. Få har skrive noko interessant frå ei flyreise.

Naturen blir med deg når du reiser med tog. Her frå Flomsbanen. Foto: Sara Johannessen Meek / SCANPIX

For ein som er glad i toget, er det lett å nikka til dette. Bjørn Stærk skriv som vanleg godt, lett og reflektert. Å følgja han gjennom jernbanehistorie, jernbanepolitikk og praktiske erfaringar frå togreiser er fengslande, og ein kjenner seg ofte igjen.

Etter kvart er likevel det meste sagt, og då treng det ikkje seiast ein gong til. Boka er med andre ord litt for lang. Når han kjem til kapitla med praktiske reiseråd, kan forfattaren bli i overkant detaljert, og i tillegg Oslo-sentrert. Ja, me forstår kor vanskeleg og keisamt det er å koma seg frå hovudstaden til Hamburg med tog, men lurer på kva tid han oppdagar at det finst eit alternativ over Hirtshals. (Det skjer gudskjelov seinare i boka.)

Best med eigne ord

Det er heller ikkje ein udelt fordel at Stærk har valt å formidla ein stor del av innhaldet gjennom intervju med ei rekke togentusiastar, ganske mange av dei forresten MDG-politikarar. Her blir det ganske mykje repetisjon og togpolitisk korrekte formuleringar. Bjørn Stærk er definitivt best når han fører ordet sjølv. Uansett, om han nå plent skal fortelja gjennom andre, så hadde boka sannsynlegvis styrkt seg på at fleire motstemmer hadde kome til orde.

Når det er sagt, fortener «Togeventyret» høg karakter som kjelde til mykje kunnskap, leseglede, nostalgi og inspirasjon til reiselyst. For dei som vil bruka koronatida til planlegging av sitt personlege togeventyr, har Stærk mange tips til nyttige nettstader og bøker. Tida vil visa om toget går mot ein ny gullalder, men Bjørn Stærk har i alle fall gjort sitt.

Publisert:
  1. Tog
  2. Interrail
  3. Bok
  4. Bokanmeldelse
  5. Sakprosa

Mest lest akkurat nå

  1. Elevar frå Finnøy byter til kristen privatskule på grunn av mistrivsel

  2. Trafikken i bomringen har ikke vært høyere siden februar i fjor

  3. Tore Navrestad langt unna finale i sitt siste OL

  4. Fire nye smittetilfeller i Sandnes, to i Stavanger

  5. Søtsuget er stort, skriver leseren. Her er syv måter å bli kvitt det

  6. Dette skjer i OL fredag 30. juli: Viktig kamp for Norge