Her er vårens aller beste spel

DATASPEL: Dataspel treng ikkje berre vere dum skytemoro. Sjølv om nyheitsbiletet i dei store avisene gir inntrykk av at Fortnite Battle Royale er det einaste folk bryr seg om, har 2018 imponert med fleire engasjerande opplevingar.

Publisert: Publisert:

God of War er ein av dei mest populære seriane i spelindustrien. Siste spel får terningkast seks av vår mann.

  • Mikkjell Lønning
    Journalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Storslåtte kampar i dei ni rika

Grade: 6 out of 6

God of War: Tilgjengeleg på: PlayStation 4. Sjanger: Action-rollespel. Anbefalt aldersgrense: 18 år.

God of War er ein av dei mest populære seriane i spelindustrien. Me har følgt den greske krigsguden Kratos gjennom spektakulære sjefskampar heilt sidan 2005. Åtte år har gått sidan Kratos tok livet av Zevs, og no får me endeleg sjå kva som skjedde i etterkant.

Etter God of War 3 har Kratos flykta til Skandinavia. Krigsguden har fått seg familie og ansvar. Han er framleis den same barske drapsmaskinen, men fokuset i det nye spelet ligg like mykje på figurane som på slakting av gudar og monster.

Spelet opnar med kjensletunge bilete av gravferdsbålet til kona hans, omringa av snødekka skogar og åsar. Kratos er no aleine med den ti år gamle sonen Atreus, som han knapt kjenner. Saman må dei dra ut på eit oppdrag for å oppfylle moras siste ønskje, om å spreie oska hennar på den høgaste fjelltoppen i Midgard. Vegen dit er fylt av monster; draugar, troll, dragar og illsinte norrøne gudar. Sjølv i opningssekvensen blir me møtt av ein sjefskamp som er så kul at det går kaldt nedover ryggen.

Spelaren blir invitert til å utforske alle dei ni rika, framstilt med ein visuell detaljrikdom me knapt har sett i eit spel før. I løpet av spelet lærer Kratos sonen å kjenne, og dei mentale veggane hans brytast sakte, men sikkert ned. For God of War er ei forteljing om forhold mellom menneske, ikkje berre sverdslåssing. Ein møter ei rekkje fargerike og komplekse figurar, som alle bidrar til å skape eit gripande narrativ.

Forventningane til dette spelet har vore enorme, og utviklar Sony Santa Monica har innfridd så til dei grader. Dette er ein solid kandidat til årets beste spel, noko alle med ein PlayStation 4 i hus bør få med seg.

Utforsk ein skremmande og framand planet

Grade: 5 out of 6

Subnautica. Tilgjengeleg på: PC, offisiell slepp på Xbox One i løpet av 2018. Sjanger: Overlevingsspel. Anbefalt aldersgrense: 7 år.

Du har sikkert vore ute med båt på havet. Då har du kanskje som meg kikka ned i vatnet, og tenkt over korleis ein eigentleg berre flyt på ei tynn overflate i ein trekasse, over ei botnlaus djupne. Veit me eigentleg kva som finst nedi der? Subnautica lar deg oppleve nettopp dette botnlause djupet. Det er noko heilt spesielt å kunna stå på havets botn, tusenvis av meter under overflata, og sjå store skuggar flyte forbi over hovudet ditt.

Subnautica er milevis framfor andre spel i overlevingssjangeren.

Subnautica gjer deg til ein utforskar. Romskipet ditt har krasja ned i eit hav på ein framand planet, og du er tilsynelatande den einaste overlevande. Du må samle inn ressursar, bygge base, ubåtar og våpen, for å kunne finkjemme det himmelblåe havet etter spor av kollegaene dine. Kanskje finn du nokre hint frå ein tidlegare sivilisasjon, og kanskje møter du på nokre av dei skrekkelege skapningane som held til under overflata.

Overlevingssjangeren har vore ganske metta dei siste åra, men Subnautica er milevis framfor alt anna sjangeren kan by på. Spelet snur flosklane me er blitt vande med på hovudet, og gir oss eit eineståande innblikk i gleda (og farane) ved å utforske det ukjende.

Monsterslakting med gode vener

Grade: 5 out of 6

Warhammer: Vermintide 2. Tilgjengeleg på: PC, kjem til PlayStation 4 og Xbox One i løpet av 2018. Sjanger: Action. Anbefalt aldersgrense: 16 år.

Ei og anna «guilty pleasure» må vere lov, og dette er nesten obligatorisk å få med seg. Det nye spelet i Warhammer-serien er rett og slett frykteleg mykje moro. Vermintide 2 byggjer vidare på ein godt testa formel, og tar deg med til ulike arenaer for å utrydde ein pest av rottemonster. Variasjonen av utøy er større enn før, vanskegraden endå høgare. Her er det berre å finne fram sverd, øks, boge og muskedunder, samt nokre gode vener til å halde flanken din.

Warhammar: Vermintide 2 er fryktelig moro, meiner vår meldar.

Returen til fantasy-universet kjennest ny nok til at ein vil investere mange, mange timar i spelet. Dei tekniske sidene er meir straumlinjeforma, og kampsystemet har fått ei overhaling. Lite er så tilfredsstillande i dataspel som å sjå åtte-ti monster gå i bakken frå eitt enkelt sverdslag. Det er slike augneblink som får smilemusklane til å kicke rett inn, og dei augneblinkane er det mange av i Vermintide 2.

Gode samarbeidsspel er sjeldan kost. Difor må slike opplevingar ønskast velkomne med opne armar. Er du ute etter litt hjernedød underhaldning til å kople av med saman med nokre kompisar, er Warhammer: Vermintide 2 midt i blinken. Berre ver obs på at du passar på klokka, elles forsvinn sumaren så fort at du knapt merkar det.

Filosofisk robotdrama

Grade: 5 out of 6

Detroit: Become Human. Tilgjengeleg på: PlayStation 4. Sjanger: Eventyr. Anbefalt aldersgrense: 18 år.

Kva betyr det eigentleg å vere menneske? Er det vala våre som gjer oss til dei me er? Detroit: Become Human prøver å drøfte slike store spørsmål. Me får reise til den amerikanske byen Detroit i 2035, og ta rolla som tre ulike androidar.

Spelet byggjer på eit omfattande dialogsystem som lar deg velje mellom ei rekkje alternativ. Kva du seier kan ha store konsekvensar for kva som skjer vidare, og for kvart val du tar, skapar du tre-fire nye potensielle stiar å følgje, og tre andre forsvinn. Du må følgje med på kva dei andre figurane seier, korleis dei oppfører seg, etterforske detaljar i livet deira, alt dette for å kunne finne den rette vegen å gå vidare. Går du glipp av ein detalj, kan det få fatale konsekvensar.

Filosofi som dataspel, joda, det funkar i «Detroit: Become Human».

Interaktivitet er kjernen i Detroit: Become Human. Spelet har ein heil haug med ulike sluttar, slik at forteljinga heile tida utviklar seg på bakgrunn av kva du gjer. Det betyr òg at den første gjennomspelinga di neppe blir lik den andre. Dessverre har spelet ein tendens til å legge litt for mykje fokus på keisame aktivitetar for å introdusere figurane, men ein kan likevel vente seg ei spanande og unik oppleving.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  2. Jeg må dessverre stadfeste at det selvoppnevnte kvinnepolitiet lever i beste velgående

  3. Thomas Alsgaard gjorde en tabbe på Tax-free. Det forandret livet hans.

  4. Bli med inn i Bent Høie og Dag Terje Solvangs atriumhus: – Vi kan ikke komme oss fort nok hjem

  5. Høie vurderer strengere tiltak: - Den mest alvorlige situasjonen siden mars

  6. Tre innvandrere om hvordan de lærte seg norsk – og én som ga opp

  1. Fantasy
  2. Spill
  3. PlayStation
  4. Xbox