Olaug Nilssen: Tung tids tale. Roman. 158 sider. Samlaget.
Olaug Nilssen har lånt tittelen til denne slåande knyttneven av ein roman frå den diktsamlinga til Halldis Moren Vesaas som kom i «fredsåret» 1945. Då var det tid for gjenoppbygging og solidaritet over heile linja («Det heiter ikkje eg no lenger, no heiter det vi»). Olaug Nilssens roman av året har eit heilt personleg og privat utgangspunkt, som ho her maktar å skriva ut så det gjeld oss alle, same kor høgt og tørt vi sit, men ganske særleg dei som bestemmer over vår felles pengesekk og om pengane skal prioriterast til å letta dagane for dei som slit tyngst – om dei ikkje kan døyva sorga i liva deira.
Ein roman kan ikkje ha eit røynlegare utgangspunkt enn «Tung tids tale», som handlar om koss forfattarens eigen son, Daniel – nå ni år, retarderte frå å vera ein fremmeleg to-tre-åring til å vera ein autist som ikke bare treng omsorg og tilsyn, men pleie, heile tida. Som handlar om koss det slit ut mora (i ein roman som ser det frå moderleg kvinnesynsstad, jf. Halfdan Freihows «Kjære Gabriel», 2004, og Lars Amund Vaages «Syngja», 2012, med sine forskjellige strategiar), og dét ei mor som dessutan har eit eige yrke ho vil utøva i den mon ho har krefter, praktisk høve og økonomi til det.
I forteljinga her treng ho – og familien – avlasting; omsorgsløn også kanskje, så det verkeleg monnar. Etterkvart som dagane i Daniels og mors liv går, og det halar ut med den avlastinga som på papiret er tildelt dei, aukar slitasjen og frustrasjonen så teksten utviklar seg til å bli eit smerteskrik eigna til å gå inn i lidinga og tvinga fram empatien i den mest nomne lesaren, og det så sjølv tungnemme innser kva tittelen uttrykker: Det går frå dei to, mor og son, til også å gjelda samfunnets solidaritet.
Olaug Nilssen er ein driven og klok forfattar, som samstundes har skrive ein roman med skjønnlitterære kvalitetar og teknisk utstyr, i alt frå allusjonar til oppbygging med stigande spenning, og ein politisk pamflett. Slik kan ho ha von om å bevega endå fleire enn ho alt gjer i sakprosa og debattinnlegg. Ho står sikkert i å ble skjelt ut for å vera eit rivjern av ei kjeftesmelle (den har ho høyrt før, «Få meg på, for faen»), her ho skildrar også si eiga danningsreise i lag med ein son og sjukdommen hans.