Ikkje heilt skamlause

«De skamløse jentene» Nancy Herz og Faten Mahdi Al-Hussaini har både blitt truga og prisa for å krevja det ein skulle tru var sjølvsagt i Norge i 2017: At folk - også unge minoritetsjenter - får bestemma over seg sjølv.

– Kvardagsheltane i denne diskusjonen, er dei jentene og gutane som tek dei små kampane i sine miljø. Dei som litt om gongen prøver å utvida handlingsrommet sitt, seier Nancy Herz (t.v.). Saman med Faten Mahdi Al-Hussaini fekk ho denne veka Kverulantkatedralens nasjonale pris for 2016.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

– Eig de ikkje skam?

– Absolutt! Alle normale, oppegåande menneske skammar seg. Du må vera psykopat for aldri å skjemmast. Men dette handlar om å få lov til å bestemma sjølv kva som er skammeleg - og ikkje la andre påføra seg si skam, svarer Nancy Herz.

Ho og Faten Mahdi Al-Hussaini sit oppe på Café Sting. Det er torsdag kveld, og dei skal snart ned i kjellaren for å få Kverulantkatedralens nasjonale pris for 2016. Ifølgje juryen var desse to - og Sofia Srour og Amina Bile i «De skamløse jentene» dei viktigaste motstemmene i Norge i fjor.

Skamlause jenter

Merkelappen fekk dei etter at norsk-libanesiske Herz - frå Haugesund - skreiv eit innlegg i Aftenposten der ho erklærte: «Vi er de skamløse arabiske jentene, og vår tid begynner nå.» Aftenposten-skribenten og jusstudenten Herz hadde lese eit intervju med Faten Mahdi Al-Hussaini, som etter at ho i 2014 heldt ein tale med kraftig kritikk av muslimar som støtta IS, opplevde utfrysing, utskjelling og hets frå delar av det muslimske miljøet. Talen skulle fullstendig endra Al-Hussainis liv - til det verre.

Al-Hussaini blei ikkje nødvendigvis skjelt ut på grunn av meiningane sine, men fordi ho som jente hadde heva stemmen og deltok i den offentlege debatten.

– Det finst mykje ein kan skamma seg over. Men eg skammar meg ikkje over å delta i debatten, over å ha flytta for meg sjølv, over å ha mannlege kolleger på jobb. Heilt vanlege ting for dei fleste norske jenter, men altså ikkje lov for meg i den æreskulturen eg kjem frå, seier Al-Hussaini. Ho blei fødd i Kerbala i Irak, men kom til Norge og Oslo som toåring. Dei siste to åra har ho jobba for å forebygga ekstremisme og radikalisering blant ungdom i Norge gjennom organisasjonen JustUnity, som ho var med på å stifta i 2015.

Perfekte jenter

I den strenge varianten av arabisk og muslimsk æreskultur, er handlingsrommet for mange unge jenter svært lite.

– Kravet er at me skal vera perfekte arabiske jenter. Bryt me sjølv den minste regel, blir me stempla som skamlause - og då har me bragt skam over heile familien, forklarer Al-Hussaini.

– «Skamlaus» er skjellsordet som blir brukt på arabisk om du skil deg ut, er deg sjølv. Men det er ikkje noko skammeleg over å ta ansvar for seg sjølv, slik alle vaksne personar bør gjera, seier Herz. Også ho er einig i at det finst grenser for kva ein kan gjera, men meiner grensa går ein stad nær Kardemommelovas mest kjende devise:

– Gjer du andre vondt, bør du skamma deg, seier Herz.

– Familiar som hevdar at «dei skamlause barna» har brakt skam over familien meiner vel at dei har blitt påført vondt av barnas handlingar?

– Ja, men me kan som unge jenter ikkje vera ansvarlege for heile familiens ære og skam. Me kan bare ta ansvar for vår eiga skam, ikkje den andre prøver å påføra oss, svarer Herz.

Dei skamlause jentenes kamp handlar ikkje bare om at muslimske jenter skal gjera opprør mot streng sosial kontroll, æreskultur og strikte muslimske reglar.

– I kjerna handlar dette om alle folk sin rett til å få bestemma sjølv. Skamma og den sosiale kontrollen finst ikkje bare i muslimske miljø. Det kan til dømes unge menneske i strenge, norske kristne miljø også fortelja om, seier Herz, som meiner kvardagsheltane i denne diskusjonen er dei jentene og gutane som tek dei små kampane i sine miljø. Dei som litt om gongen prøver å utvida handlingsrommet sitt,

– Eg var opphavleg ikkje ein del av «dei skamlause», men me kjempar for same sak: For dei jentene som vil gå med hijab, men blir hindra. For dei jentene som ikkje vil gå med hijab, men som blir pålagt å bæra han, seier Al-Hussaini. Ho meiner dette ikkje handlar om islam eller religion, men om kultur.

Ulike jenter

Og for dei som nå måtte ha plassert Al-Hussaini og Herz i same bås, er dei altså ikkje prikk like. Dei er til dømes svært ulike på eitt, sentralt punkt: Al-Hussaini reknar seg som konservativ muslim, mens Herz har forkasta si muslimske tru og er ateist.

– Men det valet handlar framfor alt om at religion ikkje funkar for meg, og ikkje nødvendigvis om islam, seier Herz.

Eitt grunnleggjande spørsmål i diskusjonen om unge, muslimske jenters fridom, er om dei i praksis må forlata religionen sin for å kunna leva etter liberale, vestlige verdiar.

– Ein må ikkje bryta med islam for å vera fri, svarer Al-Hussaini, som sjølv meiner at ho ikkje er begrensa eller undertrykt av religionen sin.

– Islam set kvinner høgt. Det er kulturen, ikkje religionen i seg sjølv, som begrenser, hevdar ho.

– Men det finst vel enkelte punkt der islam kolliderer med liberale verdiar, som til dømes i haldninga til homofili?

– Homofili er ikkje tillate i islam. Men sjølv har eg homofile venner eg set veldig høgt, og eit anna syn på homofili, svarer Al-Hussaini, som gjer så godt ho kan i å følgja islams lære. Ho ber til dømes fem gonger om dagen og gir almisser.

– Synet på homofili er ikkje eksklusivt knytta til islam. Men same kva ein grunngjev homofobi med, er det ikkje greitt å diskriminera eller dømma andre menneske, supplerer Herz.

Islamsk reformasjon?

– Må islam gå gjennom ei modernisering, ein reformasjon, slik kristendommen har, for å minska den sterke sosiale kontrollen og endra æreskulturen?

– Ifølgje Koranen kan ikkje islam reformerast. Men eg er ingen teolog. Og det er viktig å hugsa at muslimar ikkje er noka homogen gruppe. Det finst både liberale og konservative muslimar, og dei praktiserer religionen sin ganske så ulikt, svarer Al-Hussaini.

– Er det ikkje ein type reformasjon når folk som Faten seier at ho aksepterer homofile? Reformering av religion handlar ikkje bare om kva som står i Koranen, men også om korleis folk praktiserer religionen, seier Herz.

Både Al-Hussaini - konservativ muslim - og Herz - ateist - har blitt skjelt ut og fått beskjed om at dei bør brenna i helvete. Dei krasse orda har kome både frå muslimar som meiner dei har brote deira kulturelle og religiøse reglar, og frå nordmenn som syns dei er for muslimske. Legg så til at dei er unge, at dei er kvinner, at dei har ein annan etnisk bakgrunn enn bare norsk - og mang ein «God nordmann» og «God muslim» meiner tydelegvis dei er berettiga til å ta fram dei aller styggaste orda dei kjenner. Ein kan til tider undra seg over kven som er dei skamlause.

Norske nok?

– Om me skal bevega oss bort frå religionen og gå over til kulturen: Må unge menneske med minoritetsbakgrunn forsaka noko av kulturen sin og «bli norske» for å bli så frie som de argumenterer for?

– Mange nordmenn heiar på meg. Samtidig blir eg aldri norsk nok for mange, sidan eg held fast på religionen min og går med hijab. På same måte som folk frå mine eigne miljø kan meina at eg har blitt for norsk. Eg blir tilsynelatande aldri verken norsk nok eller irakisk nok til å tilfredsstilla alle, seier Al-Hussaini.

Også Herz ser at dei som unge minoritetskvinner står i ein slags spagat mellom sine to kulturar. Men ho meiner det må vera mulig å velja gode sider ved kulturane dei kjem frå og lever i - og å velja bort dei dårlige. Begge er stolte av bakgrunnen sin, av delar av den arabiske kulturen, som gjestfridomen. Samtidig ser dei mykje positivt ved Norge.

– Det viktige burde jo vera om me var gode nok medmenneske, ikkje om me er norske nok eller libanesiske nok, seier Herz. Sjølv føler ho seg norsk - kva nå enn det måtte innebera - med ein dæsj av Libanon i seg.

Risikabel debatt

Som så mange som har stukke hovudet fram i den offentlege debatten, opplever også Herz og Al-Hussaini at orda deira blir tekne ut av samanhengen og brukt på måtar dei sjølv ikkje nødvendigvis er samde i.

– Det er alltid nokon som prøver å definera oss og som prøver å ta eigarskap til historiene våre, for så å bruka oss som argument for den eine eller den andre sida. Men det øydelegg for meinings- og handlingsrommet vårt når me på denne måten blir assosierte med folk me ikkje er samde med.

– Risikoen for å få klypt ut enkeltsetningar og mista noko av råderetten over orda sine gjeld vel alle som deltek i det offentlege ordskiftet?

– Men det gjeld endå sterkare for dei som tek opp betente tema, svarer Herz.

Prisen

«De skamløse jentene» er altså i Stavanger for å motta ein pris. Men engasjementet deira har også kosta. Dei har opplevd truslar, utskjelling, utstøyting og hat, og i november 2016 sa Al-Hussaini til Fædrelandsvennen at livet hennar er øydelagt.

– Du sa også at du var usikker på om du orka å halda fram med arbeidet du har sett i gang. Korleis ser det ut i januar 2017?

– 2017 er eit år som bare må gå oppover for meg. Engasjementet mitt har kosta veldig mykje, det har vore både fysisk og psykisk øydeleggjande for meg. Men eg skal ikkje gi nokon gleda av å trekka meg. Eg kan ikkje gi opp, same kor mykje dette kostar. Blir eg drepen for engasjementet mitt, var det ein verdig død for meg.

Les også

  1. Mirakelmannen

Publisert:
  1. Jenter
  2. Islam
  3. Skam
  4. Religion
  5. Kultur

Mest lest akkurat nå

  1. Gir seg som Bryne-trener, assistenten kan overta

  2. Gutt sto bak brann i barnehage

  3. Drapet på Birgitte Tengs: Krever svar om skjult etterforskning

  4. Her er 22 navn som gjør Vikings akademi-sjef stolt

  5. Falsk kjæreste lurte åtte menn for 1,5 millioner kroner

  6. Fylkesledelsen i Rogaland KrF har full tillit til Kjell Ingolf Ropstad