Å ribba ein sogehelt

BOK: Det er lite som står att av Olav Tryggvason når Øystein Morten har forsøkt å gå i fotspora hans.

Olav Tryggvason og Sigrid Storråde. Erik Werenskiold brukte Fridtjof Nansen som modell for Olav Tryggvason.

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Grade: 4 out of 6
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Øystein Morten: Jakten på Olav Tryggvason. 324 sider. Vigmostad & Bjørke.

Langs ei av joggeløypene mine ved Frøylandsvatnet står det ein minnestein som fortel at her, på Lalandsholmen, vart kong Olav Tryggvason fødd. Ifølgje Snorre var mora, Astrid frå Obrestad, på flukt frå fiendar og fødde son sin på ein holme. Seinare kom mor og barn frå kvarandre, Olav kom til slutt til Novgorod (Holmgard) i Russland og slo seg opp til å bli gardesjef for fyrst Vladimir. Etter kvart kom han tilbake til Norge, kristna landet og grunnla Trondheim. Mang ein gong har eg skrytt for trønderar over jærbuen dei har sett så høgt på søyle i trønderhovudstaden.

«Mang ein gong har eg skrytt for trønderar over jærbuen dei har sett så høgt på søyle i trønderhovudstaden.» Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Og så er alt saman berre tull.

Det meiner i alle fall Øystein Morten, som etter Olav den heilage og Sigurd Jorsalfare prøver å gå opp spora etter ein tredje norsk konge.

Det har ikkje vore enkelt. Morten finn nesten ingenting. Ingen samtidige kjelder, bortsett frå eit diffust skaldekvad, stadfester at Olav har vore i Russland i det heile, knapt nok i Trondheim. Sannsynlegvis, meiner Morten, var Olav Tryggvason av dansk opphav og ikkje etterkomar etter Harald Hårfagre.

Eventyr og mytar

Den eventyrlege soga om den spreke og tapre Olav Tryggvason er ifølgje forfattaren altså ikkje til å lita på. Den er sett saman av Snorre og andre islandske sogeskrivarar to hundreår seinare, og er full av mytiske vandrehistorier som liknar på ting ein kan finna i andre gamle skrifter, heilt tilbake til det gamle testamentet i Bibelen.  Og biletet vårt av den høgreiste idrettsmannen Olav er teiknaren Erik Werenskiolds verk, som brukte naboen Fridtjof Nansen som modell i eit nasjonalromantisk prosjekt. Ein samtidig mynt tyder på at Olav Tryggvason såg heilt annleis ut.

Olav Tryggvason har gitt navn til Olavsdagane i Trondheim. Foto: Gorm Kallestad

Der Morten finn noko, er i England. Olavs herjing og kriging mot kong Ethelred er vel dokumentert, like eins alliansen hans med danskekongen Svein Tjugeskjegg. Seinare skulle dei to bli fiendar, og det enda med at Olav forsvann i sjøen under slaget ved Svolder i år 1000. (Ikkje ein gong det velsigna runde talet lar Morten oss få ha i fred, han meiner slaget må ha stått i 999.) Men når det elles gjeld slaget er Morten for ein gongs skuld dristigare enn dei fleste historikarar før han, og nærmast fastslår at Snorres Svolder må ha vore øya Ven i Øresund. Han gjengir også, rett nok med langt større skepsis, den mytiske forteljinga om den norske pilegrimen som mange år seinare i eit kloster i Midtausten møtte ein gammal norsktalande munk. Oldingen var påfallande nysgjerrig på kva nordmennene tenkte om Olav Tryggvason og bad pilegrimen ta med ein kniv og eit belte heim til Einar Tambarskjelve.  

Fascinerande metode

Øystein Mortens metode er som alltid fascinerande, der han lar lesaren ta del i si eiga oppdagingsferd i dei historiske kjeldene – og i spekulasjonane der slike kjelder er mangelfulle. Men eg må innrømma at eg vart mindre fengsla av denne boka enn av dei to førre. Det finst rett og slett for lite handfast å byggja på, bortsett frå tida i England, der framstillinga om den tids engelske maktkamp til gjengjeld blir så detaljert at lesaren ofte slit med å henga med.

Diskusjonen om kor mykje ein kan stola på sogelitteraturen er gammal. Øystein Morten er ikkje aleine om å dra han i tvil som påliteleg historisk kjeldemateriale, og det er eit prisverdig og spennande prosjekt å skriva norsk historie som om Snorre ikkje eksisterte. Men lett er det ikkje å overgå den gamle sogediktaren på Reykholt. Om det ikkje er sant, så er det godt loge. Eg kjem nok framleis til å føla eit lite historisk sus når eg spring forbi støtta ved Lalandsholmen.

Publisert:
  1. Bok
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. historie

Mest lest akkurat nå

  1. Tre til sykehus etter kjedekollisjon på E39

  2. – Noen få representanter står tidvis for en debattstil som gjør det ubehagelig for andre

  3. Aksjonistar vil ha Forsand ut av Sandnes – har søkt om grensejustering

  4. Milliardprosjekter i kø i Ryfylke. Fare for strømmangel

  5. El-bil under lading tok fyr

  6. TV 2 har tilbudt VAR-løsning for Eliteserien