Bitter manns tale

BOK: Igjen er ein KrF-politikar djupt såra og vonbroten. Det skriv Emil André Erstad godt og ærleg om.

Publisert: Publisert:

Knut Arild Hareide, parlamentarisk leder i KrF på tur inn til landsstyremøte i Oslo 9. november i fjor. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Grade: 4 out of 6

Emil André Erstad: Hareides fall. Trettiseks dagar som endra norsk politikk. 191 sider. Samlaget.

Eit år er gått sidan Kristeleg Folkeparti med knapt fleirtal valde blå side i norsk politikk og gjekk inn i Solberg-regjeringa.  Men såra etter den harde partistriden har ikkje grodd hos alle. I alle fall ikkje hos Emil André Erstad, som var politisk rådgivar for dåverande partileiar Knut Arild Hareide, og dermed på den tapande sida.

Han seier det rett ut: «Eg er bitter som få. Du kan gjere mange ting når du er bitter. Som for eksempel å skrive ei bok.»

Les også

Hareides tidligere rådgiver beskylder blå rivaler for svik

Det har Erstad gjort. Han vil skildra striden innanfrå. Og han vil forklara kvifor det gjekk som det gjekk.

Uvanleg open tale

Det første greier han bra.  Svært bra, faktisk. Erstad er ein drivande god skribent, her er temperatur og rettferdig harme, og han er ærleg inntil det sjølvutleverande. Så open tale er ikkje daglegdags i norsk politikk, i alle fall ikkje i KrF.

Nor nesten et år siden: Daværende KrF-leder Knut Arild Hareide, i midten, intervjues før han deltar i debatt på NRK. Til venstre rådgiver Emil André Erstad. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Erstad gir oss fascinerande innblikk bak kulissane i ein intens politisk strid, som etter kvart vart så krevjande at legen kommanderte Erstad til å ta ein kvilepause. Og han teiknar samstundes eit bilde av livet i det moderne politiske apparatet, der unge menneske som Erstad lever i krysspresset mellom idealisme og maktspel. Det kan vera altoppslukande for dei som er innanfor, framandgjerande for dei som står på utsida.

Les også

Kulturkrigen på KrF-grasrota

Les også

Hareide ikke overrasket over at Frafjord Johnson går av

Men så mykje vesentleg nytt om sjølve striden har ikkje Erstad å fortelja. Han nyttar harde ord som «svik» om enkelte av trekka til dei blå. Nestleiarane Olaug Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad kjem ikkje godt ut av denne soga. Det er særleg spelet med abortlova og «vinnaren-tek-alt»-vrien i Rogaland som er dei to og store avgjerande blå fantestykka også i Erstads versjon, men det er jo ingen original analyse.

Kampglad

Erstad står fram som ein meir kampglad natur enn partileiar Hareide, han skriv rett ut at han var «manisk oppteken» av at Hareide skulle vinna. Derfor synest han partileiaren tidlegare burde ha skifta ut silkehanskane med boksehanskar.

Les også

Kjell Ingolf Ropstad valgt til partileder på Sola: – KrF er i krise

Erstad meiner at Hareide burde ha gått meir direkte på utsendingane for å overtyda dei, at han aksepterte for mykje ureint spel frå nestleiarane og andre på den blå sida, og at han burde ha gjort det klarare på eit tidlegare tidspunkt at han stod og fall med eit ja til samarbeid med Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Om det kunne ha forandra noko, får me aldri vita. Då utsendingane kom til landsmøtet, var i alle fall posisjonane fastlåste. Og Hareide kan vel neppe klandrast for at han ikkje ville etterlata seg eit fullstendig splitta parti. Erstad ville for sin del helst ha skrive i avskjedstalen hans at dei blå delegatane hadde øydelagt KrF. 

Kven hadde størst frykt?

Erstad seier seg samd med den politiske redaktøren i Bergens Tidende, Frøy Gudbrandsen, i at det var meir dramatisk for dei raude enn for dei blå om den andre sida skulle vinna: «Vi frykta Frp-samarbeid meir enn dei blå frykta Ap-samarbeid, og det måtte vi utnytte den siste veka, skriv han.

For min del var inntrykket det motsette, at mange på den blå sida kjende djup uro ved tanken på å gå mot venstre. Hjartesakene – framfor alt abort – var framleis ei kraftig sperre mot samarbeid med Arbeidarpartiet, same kor samde ein kunne vera om økonomisk politikk, miljø, distrikt og bistand. Kanskje undervurderte både Hareide og Erstad kor sterk den gamle sosialistskrekken var i KrF-kjernen. Kanskje undervurderte andre kor mykje som stod på spel for dei raude.

Erstad avsluttar med å sitera Per Sivle: «Merket det stend, um mannen han stupa». Det kan passa for ein stridslysten kar som han. Men sinnet og sorgarbeidet er han ennå ikkje heilt ferdig med.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Frykter at mange barer må stenge etter nye koronatiltak

  2. Sjekk alle tiltakene: Innfører forbud mot skjenking av alkohol etter midnatt

  3. Nytt smittetilfelle i Sandnes

  4. Fly med over 180 passasjerer har krasjlandet i India

  5. Koronaens klasseskiller

  6. Jentene sjarmerer anmelderne fra hele landet: Slik er Vega og Billie fra Tottori-filmen i virkeligheten

  1. Politikk
  2. Abort
  3. Knut Arild Hareide
  4. Olaug Bollestad
  5. Kjell Ingolf Ropstad