Drap, løgner, Trump og dataspel

KOMMENTAR: Trump meiner valdelege dataspel har skulda for masseskytingar. Det seier han mest for å verne om si eiga lommebok.

Foto: LEAH MILLIS / X90205

  • Mikkjell Lønning
    Mikkjell Lønning
    Journalist
Publisert: Publisert:

220 dagar inn i 2019, har det så langt vore 250 masseskytingar i USA. President Donald Trump meiner at mentale helseproblem og dataspel er grunnane til at dette skjer.

– Me må slutte med herleggjeringa av vald i samfunnet vårt. Dette inkluderer dei grufulle og fryktelege dataspela som er blitt vanlege her i landet. For utsett ungdom, er det blitt for lett å omringe seg sjølv med kultur som fremmar vald. Me må stoppe eller betydelege redusere dette, og det må skje med ein gong, sa Trump for nokre dagar sidan.

Det er den same, gamle leksa. Igjen og igjen er det blitt motbevist at dataspel har betydeleg samanheng med valdelege tendensar, men framleis tviheld republikanarane på ideen om at dataspel er rota til alt vondt. For dette har jo ingenting med våpenlovane i USA å gjere.

Les også:

Les også

Trump besøker åsteder for massakrer

President Donald Trump kan vente seg skarp kritikk når han onsdag besøker åstedene for skytemassakrene i Texas og Ohio.

Omtrent null fagleg belegg

Dataspel er riktig nok i ei særstilling på grunn av mediets interaktive natur. I eit skytespel, er det du som bestemmer om du skal skyte noko. Men det er trass alt berre underhaldning. I USA driv 72 prosent av mannleg ungdom med dataspel, og her i Noreg speler over 90 prosent av ungdommen. Det å kople masseskytingane i USA med dataspel blir litt som å seie at å drikke vatn gjer deg til ein mordar. Når tala er så høge som dette, driv omtrent alle med det. Og viss dataspel er syndaren, kvifor er det ikkje fleire masseskytingar i land der ein større del av befolkninga speler dataspel – som her i Noreg?

Det er godt mogleg at all vald me opplever i TV, film, dataspel og litteratur har ein viss effekt på oss. Men forsking har enno ikkje funne noko anna enn minimale samanhengar, og andre faktorar vil vere langt meir utslagsgivande. Det er òg nok av forskingsrapportar som seier at dataspel ikkje har effekt på forholdet vårt til vald i det heile.

Trump påstår vidare at mental helse er ein annan hovudgrunn til skytingane. Ein av fem slit med mental helse. Ein av fem driv ikkje og skyt på skuleelevar. Det får vere måte på kor brei pensel Trump skal male med.

Les også:

Les også

22 drept i El Paso-skyting: Gjerningsmannen la ut hat-manifest på nettet

USA: 22 personer er drept og 24 skadet, etter masseskyting ved et kjøpesenter i El Paso i Texas, lørdag.

Stoverein korrupsjon

Våpenindustrien i USA er enorm. I 2019 låg omsetninga på 250 milliardar kroner, men det er framleis berre halvparten av kva dataspel omset for i landet. Førebels er dessverre lobbyistane innan dataspelindustrien mest opptatt av forundringspakkar og eiga evne til å tene meir pengar.

Det er ikkje nytt at Trump skuldar på dataspel. Presidenten er djupt nede i lommene til National Rifle Association, som blant anna brukte rundt 250 millionar kroner på å få Trump vald inn. Dataspel har difor blitt ein syndebukk.

Slik valdonasjonane fungerer i USA, har mange av dei store selskapa rett og slett kjøpt seg politisk innflytelse. Det fremste dømet er gjerne korleis Demokratane stort sett er sentrum-venstre i amerikansk forstand, men ligg langt til høgre når det kjem til regulering av Wall Street og finans. Dei fleste representantane er avhengig av valkampfinansiering derifrå, og tør ikkje gå imot. Berre i løpet av dei siste åra har partiet byrja å vende meir mot venstre her.

For oss nordmenn verkar det heile ganske korrupt. Og det er det. Men i amerikansk politikk er dette status quo, og det kjem ikkje til å endre seg med mindre politikarar som Bernie Sanders overtar styringa – noko som heller ikkje er spesielt sannsynleg.

Les også:

Les også

Mexico vil granske El Paso-skyting som terror

Mexico vil granske massedrapet i El Paso, der åtte mexicanere ble drept, som terror og kan komme til å kreve…

Mekka for våpenfrelste

Statistikk viser at USA tronar aleine på toppen av lista over våpen per sivile innbyggjar. Det finst 1.2 våpen for kvar innbyggjar i USA, mens Yemen ligg på andreplass med rundt 0.5 per innbyggjar (dersom me ekskluderer ørsmå øystatar). Yemen er ikkje akkurat eit land ein har lyst til å assosiere seg med for tida. Situasjonen er mildt sagt håplaus.

Nummer tre på lista er Serbia, som har 0.39 per innbyggjar, mens ein del europeiske land ligg rundt 0.30. Dei fleste landa er altså langt unna nivået i USA. Det er derimot talet på drap med våpen som er mest interessant, og i USA står skytevåpen for heile 73 prosent av drapa. Til samanlikning er talet på tre prosent i England.

Av dei 73 prosentane er heile 64 prosent handvåpen. Berre fire prosent av drapa er gjort med rifler eller automatgevær, og ein forsvinnande liten del av drapa er masseskytingar. Difor fungerer ikkje argumenta om at USA har strenge lovar om automatgevær. Det er handvåpen som er problemet.

Ei årsfersk studie av British Medical Journal (BMJ) ved Columbia University, viser at talet på masseskytingar aukar dess færre våpenlovar ein amerikansk stat har. Ei anna undersøking, av Cornell Law School, viste at statar som innfører rett til å bere skjulte våpen, får ei auke på 15 prosent valdeleg kriminalitet.

For alle andre land i verda er det openbert kva som er den fremste grunnen til dei mange masseskytingane i USA. Ein må sjå seg fullstendig blind på eigne verdiar for å ikkje forstå at restriktive våpenlovar fungerer. Det har forsking vist, gong på gong.

Les også:

Les også

Trump gir mental sykdom og internett skylden for massakrer

President Donald Trump fastholder at gjerningsmennene bak helgens to skytemassakrer var psykisk syke og ser ingen grunn…

Hat og spreiing

Trump sin retorikk er utan tvil med på å skape polarisering og meir hat og framandfrykt. Mange av masseskytarane har hatt rasistiske motivasjonar. Til dømes hadde skytaren i El Paso, Texas, idear som minner mykje om Trump sine eigne betraktningar.

USA står ovanfor eit storstilt skifte. Multikulturalismen har vakse seg så stor at kvite vil ende opp som ein minoritet. Landet har alltid vore ein kulturell smeltedigel, men det er mange som kjenner på avmakt på grunn av utviklinga. Kombiner dette med stagnasjonen til middelklassen, stopp i klassemobilitet og djupare skyttargraver mellom dei to politiske partia, er det ei oppskrift på konflikt – og hat.

Mediefokuset på masseskytingar har nok òg ført til inspirasjon for eventuelle nye mordarar.

Den eventuelle påverknaden frå dataspel blir meiningslaus samanlikna med desse faktorane. Det er absolutt ingen grunn til å slutte med å spele dataspel berre på grunn av at Trump ikkje vil tape pengar.

For nokon mordarar kan speling godt ha vore ein del av miksen som motiverte dei, men å peike ut mental helse og dataspel dei to fremste skurkane er lite anna enn løgn og bortforklaring for Trump og republikanarane. Dei vil berre verne om si eiga lommebok, og om oppslutninga si blant dei som tviheld på dei grunnlovsfesta rettane til å gå med våpen.

Kanskje er det på tide å sette nokre spørsmålteikn ved ei lov som vart forma for over 200 år sidan. Veldig, veldig mykje har endra seg sidan den gong.

Les også:

Les også

  1. – Jeg aner ikke hva motivasjonen hans var. Det var ikke hatkriminalitet.

  2. Oljeprisen ned etter Trumps Kina-toll

  3. Politiet med detaljer om gjerningsmannen i El Paso

Publisert:
  1. Donald Trump
  2. Bernie Sanders
  3. Våpen
  4. Politikk
  5. Amerikansk politikk

Mest lest

  1. «Vi har mye å bevise og er tøffe i trynet som tar denne jobben»

  2. Vikings styreleder legger seg flat – forstår fansens vrede

  3. Endelig ble Roar kvitt huset sitt

  4. Podkast: Vikings utskjelte styreleder har blitt truet – nå forklarer han seg om Berntsen-exiten