Urokråke i individualismens republikk

SJØLVBIOGRAFI: Dette er ei flott bok om ein fargeklatt i det norske historikarmiljøet. Men her er også mange friske konspirasjonsteoriar og dryge personkarakteristikkar.

Publisert: Publisert:

Foto: Carina Johansen

  • Hallvard Tjelmeland
    Historikar ved UiT

Grade: 4 of 6 stars

Torgrim Titlestad: Ustoppelig. En røst fra den kalde krigens Norge. 406 sider. Omnibus

På framsida av denne politiske og faglege sjølvbiografien står det «dissident», eit omgrep som nok treff sjølvoppfatninga til forfattaren godt. Torgrim Titlestad framhevar innleiingsvis i boka at han heilt frå barnsbein av valte sin eigen veg, meldte seg inn i «individualismens republikk». Og slik er det folk kjenner Titlestad: Han som får ting til å skje rundt seg, som har vore i store offentlege polemikkar, og som har lagt seg ut med folk både på venstre og høgre fløy, «ustoppelig». Boka gir eit levande inntrykk av Torgrim Titlestad sitt liv som dissident, med vekt på erfaringane frå den kalde krigen.

Dette er ikkje bare ei bok om Torgrim Titlestad sjølv, men også ei bok om dei tema som har styrt livsløpet hans. Framstillinga av barndom på Titlestad vil vera gjenkjenneleg for mange med bygdebakgrunn. Samstundes er barndomsheimen hans spesiell, fordi foreldra Samuel og Olaug Titlestad hadde ei dramatisk krigshistorie bak seg. Dei første åra etter krigen var dei toppsjiktet i NKP, og etter partisplittinga følgde dei Peder Furubotn ut av partiet og inn i ein politisk isolasjon. Familiebakgrunnen på begge sider er interessant og viser til eit meir allment fenomen: Ein bygderadikalisme som omfatta både arbeidarpartifolk, kommunistar og folk som sympatiserte med det antikapitalistiske Samfunnspartiet.

Kua kommunistar

Men særleg er Torgrim si barndomstid prega av dei vanskane foreldra hadde som dobbelt kua kommunistar, ramma både av kaldkrigsatmosfæren og av å vera utstøytte av det partiet dei hadde bakgrunn i. Då han var seks år gammal, flytta familien til Bergen der faren sleit med å skaffa seg inntekt, etter forfattaren si meining på grunn av ryktespreiing og boikott frå krefter i Arbeidarpartiet og NKP.

Her er friske fråspark som gir leseglede og eggar til motførestillingar.

Boka er gjennomsyra av desse bitre erfaringane, som også inkluderer politisk overvaking – av han sjølv sidan han var ni år! Oppveksten var elles sterkt prega av ambivalens overfor Sovjetunionen. Som 14-åring var han på ferieleir i Sovjetunionen, der han skulle ha fått eit meir kritisk syn på systemet, og Cuba-krisa året etter karakteriser han som eit «vendepunkt» i synet på Sovjetunionen, noko som kom til uttrykk i seinare engasjement for og kontakt med sovjetiske dissidentar.

Alt på denne tida etablerte han seg som politisk aktivist: Først med engasjement mot nynazisme i Vest-Tyskland og seinare med aktiv deltaking i kampen mot norsk medlemskap i EEC og i målsaka. Nå byrja også hans store faglege engasjement for rehabilitering av Peder Furubotn, som han også samarbeidde politisk med. Under arbeidet med ei hovudfagsoppgåve i historie om NKP sin krigspolitikk gjorde han ei stor innsamling av intervju, og etter kvart fekk han hand om Furubotn sitt store arkiv frå krigens dagar. Det la grunnlaget for eit livsvarig engasjement som førte han inn i franske og russiske historikarkretsar. Dei første fruktene av dette vart ein tre binds biografi om Furubotn. 

Aldri anerkjent

Ein stor del av boka handlar om korleis hans arbeid med Furubotn aldri vart anerkjend av historikarlauget, i samband med tilsettingssaker og faglege vurderingar elles. Han vart kraftig motarbeidd i tida som vikar på Rogaland Distriktshøgskole (RDH) på slutten av 1970-talet, men han lukkast likevel i å få fast stilling i 1982. Det er nok grunn til å meina at hans uortodokse bruk av munnlege kjelder og at han utfordra sentrale dogme som gjeld kommunistane si rolle under krigen, har ramma han på ein uakseptabel måte ved fleire høve.

Torgrim Titlestad har fått mykje merksemd for prosjekta sine, her frå lanseringa av Flatøyboka i 2014. Foto: Geir Søndeland

Les også

Storslått sagaverk fullført

Les også

«Ein kan gjerne kalla Flatøybok for eit nasjonalromantisk prosjekt, og velja om ein vil fnysa eller jubla over det.»

Les også

Nasjonalromantisk verk, Tom Hetland?

I alle åra ved RDH og seinare Universitetet i Stavanger har Titlestad skapt blest  rundt sine mange engasjement, frå den oppsiktsvekkande motstanden han fekk frå byens betrestilte då han kartla kor dårleg fattigfolk vart behandla i mellomkrigstida, til så forskjellige ting som den spektakulære konferansen for dei russiske atombyene i 1992 og til kampen for å byggja norsk-nederlendaren Cornelius Cruys som russisk-norsk felleskultur. Og til dette kjem det store arbeidet han har gjort når det gjeld kjeldeutgivingar og bokproduksjonar som gjeld norsk vikingtid, praktisk talt unemnd i boka.

Fargeklatt

Dette er ei flott bok, i dobbelt forstand, om ein fargeklatt i det norske historikarmiljøet. Titlestad skal ha ros for å ha fått fram den tidlege kommunistiske motstanden under andre verdskrigen, ein analyse som seinast vart stadfesta i Jan Magne Arntsen si bok frå 2018 om Tjemslandgruppa i Stavanger.

Men det er også sider ved boka som vekker ubehag. Det burde gå an å sjå at det kunne vera andre årsaker enn kaldkrigs-haldningar og fanatisme bak kritikken av den enormt store betydninga Titlestad tillegg Furubotn. Her er mange friske konspirasjonsteoriar og dryge personkarakteristikkar, dei fleste knytt til den uproporsjonale betydninga Titlestad tillegg slike marginale grupper som NKP og AKP (m-l).

Det er klart at historikarane er prega av haldningar i si samtid, slik Titlestad også er det, men det er også eit nivå for profesjonalitet som tilseier at dei ikkje er lydige reiskap for dei herskande i samfunnet – som Titlestad meiner.

Men dette er ei bok som er vel verdt å lesa! Vi får rulla opp eit fascinerande fagleg og politisk livsløp, her er mykje vestlands- og Stavanger-historie, og her er friske fråspark som gir leseglede og eggar til motførestillingar.

Publisert: