Franske forviklingar

FILM: Farseaktige franske forviklingar om skapinga av «Cyrano de Bergerac».

Publisert: Publisert:

Ifølgje filmen «Cyrano og jeg» skreiv Edmond Rostand «Cyrano de Bergerac» på tre veker, og med masse forviklingar.

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 3 out of 6

Cyrano og jeg

Originaltittel: Edmon. Sjanger: Biografi / Komedie / Drama. Med: Thomas Solivérès, Olivier Gourmet, Mathilde Seigner. Regi: Alexis Michalik. Nasjonalitet: Frankrike, 2018.
Lengde: 1 t. 53 min.

«Cyrano de Bergerac» er tidenes største, franske teatersuksess. Frå premieren 27. desember 1897 er stykket sett opp over 20.000 gonger. Det er laga filmar, animasjonar, radio og opera om den taleføre mannen med den gigantiske nasen.

«Cyrano og jeg» er filmen om korleis teaterstykket blei til. Om den moderat vellukka poeten Edmond Rostand, som på tre veker og med mange forviklingar skreiv fem akter på vers som altså skulle bli ein global teatersuksess.

Det vil seia: Etter å ha sett filmen, tviler eg på at eg har sett historia om korleis teaterstykket blei til. For historia står fram verken som særleg biografisk eller dokumentarisk korrekt. Det verkar ikkje ein gong som om det er filmskaparanes intensjon.

Regissør Alexis Michalik har valt å gi filmen ei komisk, til tider nesten farseaktig preg. Skodespelarane spelar med store fakter, overtydeleg, eg hadde nesten sagt som i stumfilmar. Målet er sannsynlegvis å laga komedie og få oss til å le. (Eg lo ikkje.) Men hadde målet vore at me skulle tru på eller sympatisera med karakterane, og sånn sett følt på noko av det eventuelle psykologiske dramaet som låg bak skapinga av teaterstykket, fungerer det dårleg med slike karikaturar av nokre rollefigurar. Poeten og dramatikaren Edmond blir ein tafatt gomfjott, ikkje ein figur du kjem under huda på.

Persongalleriet blir for karikert til at me kjem under huda på dei.

Forviklingane er også farseaktige, nesten som i ei forviklingskomedie, der folk forvekslar kvarandre og plutseleg ramlar ned ein lem. Musikken spelar bokstaveleg talt opp under det melodramatiske, affekterte tidleg-filmaktige uttrykket, med overtydeleg lidande, lukkeleg eller dramatisk orkestermusikk i bakgrunnen.

Også språket er pompøst, bileta av det historiske Paris nesten teikneserieaktige. Kanskje speglar filmspråket noko av det teatrale og romantiske språket i «Cyrano de Bergerac», men det fungerer berre sånn passe på film.

Filmen er frå 2018 – nøyaktig 100 år etter Edmond Rostand døydde. Her er ein ekte fun fact – som kanskje ikkje er så veldig fun, og som ikkje er med i filmen – i desse koronatider: Rostand døydde av den førre pandemien, av spanskesjuka.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Smitteutbruddet i Haugesund: - Involverer flere hundre mennesker

  2. Ektemannen Artur leter på 11. dagen etter sin kone, Elizbieta

  3. Seilbåt kan bli solgt som hittegods

  4. Stavanger og Sandnes var blant de hardest rammede byene da koronaviruset spredte seg i Norge. Så snudde det brått

  5. Gjedebo-millioner til Innovation Dock - starter opp i Sandnes

  6. Arrangøren kan miste skjenkeløyvet etter knusende smittevern-kritikk

  1. Filmanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Film