Kjedeleg blodfest

FILM: Lo eg? Nei. Blei eg skremt? Nei. Kjeda eg meg? Ja.

Publisert: Publisert:
Grade: 2 out of 6

BODIES, BODIES, BODIES

Kinopremiere: 09.09.2022. Med: Pete Davidson, Maria Bakalova, Amandla Stenberg, Rachel Sennott, Chase Sui Wonders, Myha'la Herrold, Lee Pace, Conner O'Malley. Sjanger: Komedie / Skrekkfilm / Horror. Regi: Halina Reijn. Nasjonalitet: USA, 2022. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 1 time, 35 minutt.

Som filmkritikar har eg eit par enkle prinsipp. Skal ein komedie vera vellukka, må eg ha ledd. Skal ein skrekkfilm vera vellukka, må eg ha blitt skremt. I løpet av «Bodies, Bodies, Bodies» – som både er kategorisert som komedie og skrekkfilm – oppstod ingen av desse fenomena. Til gjengjeld kjeda eg meg ganske kraftig.

Filmen startar med at dei to kjærastane Sophie og Bee drar til eit enormt hus med badebasseng og luksus. Huset tilhøyrer kompisen David, og i bassenget er ein gjeng unge menneske med velståande bakgrunn og «interessante» yrke som podkastarar og skodespelarar. Her finst tydelegvis ein del bagasje frå før av i vennskapa.

Ein storm er på veg, dei unge privilegerte rusar seg både på alkohol, tablettar og pulver, og bestemmer seg på eit visst tidspunkt å leika «Bodies, bodies, bodies». Leiken går ut på å skru av lyset, la éin få ansvar for å «drepa» ein annan i mørket – og så skal lyset på og resten finna ut kven mordaren var.

Du treng ikkje vera rakettforskar for å finna ut at dette blir meir verkeleg enn ein hadde tenkt.

Konseptet med å plassera ein gjeng menneske i eit stort hus i ein storm, der både straum og telefon sluttar å verka, og så la nokon døy og la resten vera ei jakt på å finna mordaren/halda seg i live, er ikkje akkurat veldig originalt. Her skjer det igjen, med ei svært tynn historie. Og igjen kan ein lura på kor truverdige reaksjonane frå folk er på det som skjer når det dukkar opp blodige lik i hytt og ver. Det blir mykje skriking, «Oh My God» og evig snakking – utan at det gjer særleg inntrykk på oss som ser på.

Men i tillegg påstår filmen å vera morosam og ein slags skarpt og satirisk blikk på dagens woke-kultur. Bortsett frå ein sekvens langt uti filmen – som verken er særleg skarp eller morosam – såg eg lite til det.

Kritikarar som har likt filmen, har trekt fram at dette handlar om Generasjon Z – folk fødde frå midten av 1990-talet og fram til rundt 2010. Også omtalte som «digitalt innfødde» – mobiltelefonen er framme heile tida i filmen – eller «snøfnuggenerasjonen».

Eg er open for at eg – ein mann frå Generasjon X og ironigenerasjonen – ikkje oppfattar kodane og humoren som ligg her. Men enn så lenge meiner eg at det er filmens problem, og ikkje mitt.

Publisert: