Ein litteratur­kritikar kryssar sitt spor

Jan Askelund har vore litteraturkritikar i dagspressa i snart 60 år og har levd eit liv i bøkene. Men han meiner det kjem ut for mange bøker i Norge.

Aftenbladets fotograf besøkte Jan Askelund då han passerte 70 år i 2010. Nå har 11 år gått – og han les framleis.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

– Ja, det var kjekt å få pris. Eg rakk det før eg daua, humrar Askelund over telefonlinja frå fødebyen Haugesund.

Før helga offentleggjorde Kritikarlaget at dei gir Olav Dalgard og Henrik Rytters kritikarpris for 2021 til Aftenbladets litteraturkritikar Jan Askelund.

I grunngjevinga skriv juryen at om ein ung kritikar i dag las seg gjennom Askelunds omfattande, kritiske forfattarskap ville ho «oppdaga at denne eine einskilde kritikaren kunne lesast som eit prisme for norsk litterær offentlegheit frå tidleg på 1960-talet til i dag, og som eit førebilete for ei forplikta deltaking i den offentlege samtalen om litteratur i vidaste forstand.»

– Det er vanskeleg å tenkja seg ein meir fortent mottakar av denne tradisjonsrike prisen enn Askelund, skriv juryleiar Trond Haugen.

Les også

Nydelig roman fra koro­naens tid

Enorm forskjell

Korleis har avisenes litteraturkritikk utvikla seg i løpet av dei 60 åra Askelund har vore aktiv?

– Forskjellen på då og nå er enorm, seier han.

Askelund hadde si første bokmelding på trykk i Aftenbladet i 1963. Av ei bok og ein forfattar ingen i dag hugsar. Ja, bortsett frå Askelund, då.

– Det første som slår meg, er kor lang den teksten var. Ingen får skriva så lange tekstar i avisa i dag, ikkje ein gong på kronikkplass, seier Askelund, som meiner dagens utfordring er å prøva å gjera det umoglege: Seia noko fornuftig om form og innhald – og gi ei vurdering – av ei bok – men gjera det på vel 2000 teikn.

Terningens tyranni

Etter å ha gitt karakterar på stilar gjennom eit langt liv som lektor, har Askelund dei siste åra også måtta begynna å trilla terning på bøker. Han er under middels begeistra for terningar:

– Når ein veit korleis folk les på nettet, risikerer ein at dei berre les terningen og ikkje teksten. Terningen kan tidvis motseia teksten.

Les også

Raja dobler stimuleringspakken fra 400 til 800 millioner

Les også

Avverga tidenes kultur­poli­tiske skan­dale

Den aller største endringa frå då og til nå, er at avisene har gått frå å vera fysiske papirprodukt til å bli digitale og nettbaserte.

– På nettet kan me sjå både om folk klikkar på artiklane og kor langt dei les. Kan det henda at tekstane var for lange før i tida – las folk verkeleg så lange tekstar?

– Det kan godt henda at det blei for langt. Men avisformata var noko heilt anna då, svarer Askelund.

Aftenbladet motstraums

Mens dei fleste norske mediehus har kutta brutalt i (litteratur)kritikken, går Aftenbladet motstraums og satsar framleis på dette stoffet – sjølv om det også er kutta her. Då Klassekampen før jul talde opp kven som hadde meldt flest skjønnlitterære debutantar i 2020, hamna Aftenbladet på topp. Me hadde meldt 27 av 49 debutantar. Statsfinansierte NRK hadde meldt fire.

– Aftenbladet har stolte tradisjonar innan kulturkritikken, og me vil framleis stå i den tradisjonen. Me meiner anmelderiet er ein del av samfunnsoppdraget vårt – og stemma vår blir ikkje mindre viktig når andre trappar ned. I tillegg er det viktig at det finst offensiv og solid kulturkritikk også utanfor Oslo, seier redaktør Tarald Aano i Aftenbladet.

Talas nådelause tale

Samtidig er talas tale nådelaus i den digitale tidsalderen. Forklaringa på at så mange medium har kutta i kritikken, er at for få klikkar på desse sakene og at dei ikkje utløyser nye sal av abonnement. Korleis kan ein forsvara å bruka tid og pengar på dette stoffet då?

– Kulturjournalistikken, og anmelderiet, vil nok aldri kunna finansiera seg sjølv. Men det er ein integrert del av vår redaksjonelle totalpakke, svarer Aano.

Aftenbladredaktør Tarald Aano ser anmelderiet som ein del av Aftenbladets samfunnsoppdrag - sjølv om det kanskje ikkje lønnar seg økonomisk.

Han trur dette stoffet er viktig for å halda på ei lojal lesargruppe, nemleg dei kulturinteresserte.

– Lojalitet er like viktig som nye sal, seier Aano.

Men kulturjournalistikken og kulturkritikkens store utfordring framover blir å nå gjennom i ei heildigital medieframtid der alt skjer på nett, gjerne på den vesle mobiltelefonskjermen.

– Ei bokmelding vil ofte tapa i konkurransen med ei dramatisk ulukke, ein politisk skandale eller siste koronatiltak. Men me har jobba bevisst med dette og har dei siste åra mangedobla lesinga av kulturkritikken vår. Det gir motivasjon til å jobba vidare for å sikra og styrka plassen til kulturkritikken, seier Aano.

Dermed har Aftenbladet det siste året knytt til seg fleire nye meldarar, både innan skjønnlitteratur, sakprosa og musikk.

Det gror altså etter Askelund.

For mange bøker?

Også Askelund er glad for at Aftenbladet har gitt dette stoffet rom, og meiner det har vore viktig både for folk som er interesserte i litteratur – og for dei som skriv bøker.

– For 60 år sidan var det kanskje eit par forfattarar i Rogaland. I dag er det over 100. Litteraturen betyr noko for mange og der har Aftenbladet vore viktig, seier han.

– Med tanke på at så mange bøker nå slit med å nå fram, både i avisene, i bokhandlaranes utstillingsvindauge og dermed til lesarane: Kan problemet vera at det kjem ut for mange bøker i Norge?

– Dette er vanskeleg å seia for meg som har levd i bøkene og meiner dei er så viktige. Men: Det kjem for mange bøker. Mange av dei er greie nok, gode nok og viktige for dei som skriv dei. Men dei er ikkje nødvendigvis noko viktig tilskot til litteraturen, svarer Askelund.

Men så legg han til:

– Samtidig er dette ikkje ei gyldig innvending. For dette kan jo seiast om oss alle. Verda kunne klart seg godt utan dei fleste av oss.

Lese det før?

– Etter å ha lese så mange bøker gjennom så mange år: Kan du føla at du bli lei, at du har lese det meste før?

– Det kan sjølvsagt bli mykje. Men for å snu på det: Eg har altså levd eit liv i bøkene. Bøkene tilfredsstiller mange ulike behov samtidig. Underhaldning, stadfesting, danning, læring. Alt dette får du i ei god bok. Bøker gjer verda og livet større og rikare. Du kan sitja i lenestolen og reisa langt bort, møta folk du elles aldri ville møtt.

Når Askelund nå har passert 81 år, merkar han at spensten er i ferd med å bli mindre, både kroppsleg og mentalt.

– Men eg er glad eg merkar det sjølv, og at det ikkje er nokon andre som må fortelja meg at det er slik, humrar han.

– Du har jo nådd ein relativt mogen alder. Du har aldri tenkt på å pensjonera deg som litteraturkritikar?

– Som med alt anna kunstnarisk arbeid, finst det ingen pensjonsalder. Så lenge eg kan lesa, kjem eg til å lesa.

– Kva er den beste boka du har lese?

– Det er den boka der alt står. Boka blei skriven av Henrik Ibsen på 1860-talet og heiter «Peer Gynt».

Publisert:
  1. Litteratur

Mest lest akkurat nå

  1. Sira Kvinas største magasin er mer enn halvert. Nå ses villreinens gamle trekkvei

  2. Politiet etterforsker truck-ulykke

  3. 68 Nortura-ansatte mister jobben på Forus: – En ned­slående beskjed

  4. – Aftenbladets forside er ikke avisen verdig

  5. Nå får du 1200 kroner for fire piggdekk i Stavanger

  6. Den draps­siktede fra Kongs­berg bodde i Stav­anger