Kult radioteater, kjedeleg teater

TEATER: Fascinerande tekst, tøft lese inn på tape, kul musikk. Men som visuelt scenestykke er «Lenis plassar» statisk.

Her skulle det sete ei jente med ein mobiltelefon, og du hadde hatt biletet av den første timen av «Lenis plassar» på Rogaland Teater.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Lenis plassar

Rogaland Teater, Teaterhallen. Av Øyvind Rimbereid. Regi: Jonas Corell Petersen. Med: Ragnhild Arnestad Mønness, Marko Kanic, Mira Shepard, Kiara Urbanovska, Mea Fjelldal. Scenograf, Kostymedesign: Ida Grimsgaard. Dramaturg: Matilde Holdhus. Maskør: Jill Tonje Holter. Lysdesign: Karl Oskar Sørdal. Komponist: Lasse Marhaug. Lengde: 1 time, 15 minutt.

Går det an å laga teater av dikt? Absolutt. Då det berre var lov å samla fem publikummarar – i kontrast til dei ti som fekk vera på premieren på «Lenis plassar» – framførte Anders Dale Henrik Ibsens legendariske langdikt «Terje Vigen» utandørs. Enkelt, men fascinerande. Eller ta vår store, stavangerske poet, Øyvind Rimbereids genierklærte «Solaris korrigert», som Ane Dahl Torp framførte på Det Norske Teatret i ei fantastisk oppsetting Heddajuryen kåra til «Årets framsyning» i 2016.

Det kan altså bli flott teater av dikt. Spørsmålet er korleis ein gjer det.

Av med lyden

Hadde me skrudd av lydanlegget, kan den første timen av «Lenis plassar» – altså kva du ser – summerast opp sånn: Ei jente sit på ein benk på ei strand og tastar på telefonen i 35 minutt. Ho plukkar opp ei appelsin av ein sekk, skreller, et, tek fram telefonen igjen.

Etter ein time skjer det noko. Eg skal ikkje øydeleggja spenninga og seia kva det er. Men noko skjer. Så er det tilbake til å sitja på ein benk.

Blir ikkje det litt statisk å sjå på, spør du. Jo, det blir det. Litt kjedeleg, kanskje? Absolutt. Og kva har jenta på benken med diktet å gjera? Det lurte også eg på, i cirka 1 time og 14 minutt. Men så viser det seg å vera ein samanheng.

På med lyden

Okei, la oss så ta inn lyden. For det er framfor alt ei lydmessig framsyning me får oppleva på Intimscenen. Støymusikkpioneren Lasse Marhaug legg eit suggererande, knitrande – som elektrisitet – lydbilete i botn. Og oppå der kjem ei mannsstemme, «Eg» i Rimbereids dikt, ekstremt bra lese av Marco Kanic. Han les Rimbereids langdikt om den 42 år gamle elektrikaren som ikkje finn Leni, kjærasten som ber barnet hans i magen.

Aftenbladets meldar visste nesten ikkje kva fot han skulle stå på i begeistring over teksten då diktet kom i bokform i 2017. Han kalla Rimbereid den tydelegaste, mest interessante og vidtrekkande lyriske stemma som syng her i landet akkurat nå, og fann referansar både til segna om Orfeus og Evridike og til Shakespeare.

Eg er verken så belest eller så djup, men registrerer også at dette er ein fascinerande god tekst. På eitt vis kvardagsleg og jordnær, tidvis mystisk – og altså framført på det som viser seg å vera eit flott og veleigna språk for lyrikk, nemleg stavangersk. Ragnhild Mønness er Leni på tapen, på sitt austlandsk, også ho nær, overtydande, flott.

Intime stemmer

Eg er blant dei som går ekstremt mykje rundt med høyretelefonar på øyra og høyrer folk snakka. Det er noko særs intimt og nært over å få ei stemme så tett på. Dette lukkast også «Lenis plassar» med. Særleg Kanics stemme er så nær at du nesten føler at han inne i hovudet ditt. Som lyd – som radioteater – fungerer dette veldig bra.

Regissør Jonas Corell Petersen, kjent og hylla for sine særeigne oppsettingar, har altså gjort eit radikalt visuelt val. Nesten eit anti-teaterval, sidan mange av oss forventar at teater skal vera noko visuelt.

Eg heiar på dette også. På å ta kunstnarisk risiko, stå på ein idé, ta han heilt ut. Men sånne val risikerer jo også å føra til at eg jo sit der og lurer på kvifor. Kvifor er ikkje skodespelarane på scenen? Kvifor snakkar dei på tape og ikkje live? Kvifor spelar dei ikkje ut scenane seg imellom på scenen? Er det eit poeng her? Eller er det berre ein fiks idé? Eg veit ikkje.

Likevel: Dette er ei teateroppleving du neppe har sett maken til før. Det er eit argument for å gå og høyra sjølv.

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Scenekunst
  3. Teater
  4. Øyvind Rimbereid
  5. Rogaland Teater

Mest lest akkurat nå

  1. Navnet på omkommet MC-fører i Sandnes frigitt

  2. Denne leverandøren har de minst fornøyde kundene

  3. Rennfast: – Løftebrudd om bergingsbil

  4. Maria fikk nesten ikke puste da hun trente. Hun fikk diagnosen mange har, men få kjenner til.

  5. Toppscorer i fyr og flamme - herjet i storseier

  6. Alle i Sandnes fikk uvanlig papiravis mandag