Ei ganske dårleg bok om terror

BOK: Rune Salvesens nyaste roman er vag, sjølvsentrert og verkar prega av berøringsangst.

Rune Salvesen er aktuell med romane «Bunkers».
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Rune Salvesen: Bunkers. Roman. 208 sider. Cappelen Damm.

Stavanger- og Sandnes-baserte Rune Salvesen (f. 1978, debut 2005) har opparbeida seg eit visst ry som ein forfattar med litt friske og ukorrekte tilnærmingar, sist med «Antifeministen» i fjor. Derfor var forventinga merkbar til «Bunkers,» der temaet i følgje omslaget er «fryktens og voldens natur.» Med 22. juli som eit dystert jubileum til sommaren kan ein ana eit aktuelt utgangspunkt.

Dessverre er resultatet skuffande.

Les også

Skriv om å skriva

Romanen har tre ulike handlingar: Den eine om arbeids- og farlause David som plantar ei bombe ved Oljedirektoratet og går i dekning i nettopp ein bunkers under sjøen. I tillegg blir me kjent med livsløpet til Snorre Sand, medløpar under krigen og seinare lyrikar. Men mest av alt handlar «Bunkers» om ein annan forfattar, Rune Salvesen sjølv, og korleis han har skrive romanen.

Meininga skal nok vera at desse tre historiene skal tangera kvarandre, og slik skapa ein samanheng og heilskap. Det fungerer ikkje spesielt bra, og særleg meta-delen om romanskrivinga havarerer grundig. Det er rett og slett direkte keisamt å lesa om forfattarkvardagen til Salvesen, der han ventar på e-post frå forleggaren, minnest tidlegare utgjevingar, går tur med hunden og siterer Albert Camus. Kanskje interessant på eit skriveseminar om den kreative prosessen. I ein romansamanheng verkar dei langdryge skildringane interne og irrelevante.

Les også

Skriv om å skriva

Litt meir truverd er det over David-forteljinga, sjølv om ein har noko vanskeleg for å sjå føre seg at han skulle gå hen og bli terrorist. Enkelte kreative grep er gjort, men samla verkar heile romanen noko tafatt og vag, og burde truleg blitt meir kritisk gjennomarbeida før publisering. Det verkar som terror-tematikken på nåverande tidspunkt er for stor og kompleks for forteljaren, som får ei slags berøringsangst. Han blir snill, pinglete og sikrar seg. I staden for å gå heilhjarta inn i vondskapen, hatet og forakta sin tankegang og skildra han kompromisslaust, blir det ei snakkesalig framstilling som sirklar ufokusert rundt temaet, med eit litt for stort og påtrengande ønske om å seia noko viktig. Det blir som å tru ein skal høyra Slayer, og i staden berre får Kvelertak.

Eg håpar Salvesen neste gong finn fram antifeministen i seg, trøkkar litt til og skriv noko det er risiko for at både forleggar og forfattarkollegaer kanskje ikkje vil lika.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Så galt kan det gå når en voksen tukler med barn

  2. Opp­rørende be­skriv­else av hvor kynisk arbeids­folk er blitt ut­nyttet

  3. Anmelderen er imponert: En historisk roman av de sjeldne!

  4. Kunnskapsbasert og entusiastisk om viking­tida

  5. Hun jobber som advokat for Google. Så skrev hun en roman som virkelig tok av

  6. Han har anmeldt 27 av Saabye Christensens bøker. Denne gang er han ikke helt fornøyd

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Bøker
  5. Litteratur