Bak scenen med Greta Thunberg

FILM: «Greta» teiknar eit sobert bilete av populær og kontroversiell verdsstjerne som helst ikkje vil vera i sentrum.

Greta Thunberg gjekk frå å vera aleine om å streika for klimaet til å få med seg hundretusenvis av unge verda over.

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Greta

Med: Greta Thunberg. Sjanger: Dokumentar. Regi: Nathan Grossman. Nasjonalitet: Sverige, 2020. Aldersgrense: Tillaten for alle. Lengde: 1 time, 40 minutt.

«Eigentleg er alt eg har opplevd dei siste månadane, som ein draum. Eller ein film. Men ein veldig dårleg film, sidan handlinga er heilt utenkeleg.»

Sånn startar filmen om og med Greta Thunberg, den svenske tenåringen som gjekk frå å sitja aleine utanfor den svenske Riksdagen og streika for klimaet kvar fredag til å bli invitert til å møta statsleiarar og tala i FNs hovudforsamling. Og Thunberg har rett, der ho sit og tenkjer over det ho har opplevd, i ein seglbåt i røff sjø på veg mot FN og klimatoppmøtet: Det er ei nesten utenkeleg historie. Men ho tek også feil. For filmen er ikkje så verst.

«Greta» bruker ikkje store fakter eller roper veldig høgt for å formidla denne utenkelege, usannsynlege historia – og samsvarer dermed i gemytt med filmens hovudperson. Filmen går ganske nøkternt og stillferdig fram. Kanskje for stillferdig.

Greta Thunberg er oppteken av å leva som ho lærer. Dermed blei det ikkje fly til New York, men seglbåt.

Regissør Nathan Grossmann har lagt seg tett på Greta, heilt frå ho sit aleine utanfor riksdagen og fram til ho talar til FN. Her er ingen voice over, ingen intervju, men eit reint «fluge på veggen»-perspektiv. Me både får bli med på dei offisielle møta, men også bak fasaden saman med faren Svante, som reiser rundt med henne. Dermed får me også høyra kva den plutselege verdsstjerna sjølv tenkjer og seier om det ho opplever. Mora ser me knapt – som er litt rart.

Fordelen med dette grepet, er at ein kjem tett på. Ulempa er at me ikkje får hjelp av andre og utanforståande til å skjønna meir, og at her ikkje er nokon kritiske spørsmål – ut over kjeften ho får av Trump & Co.

«Greta» teiknar eit portrett av ei ung jente, eigentleg eit barn, som har ein diagnose som bidreg til å gjera henne så spesiell som ho er. Thunberg har asperger. Ho har blitt erta i barndommen, blei deprimert – og delvis stum – i årevis etter å ha oppdaga korleis det stod til med klimaet. Ho kan bli ekstremt oppslukt av ting som interesserer henne, les, har nesten fotografisk minne, er enormt kunnskapsrik, ein nerd, som ho sjølv seier.

Samtidig er ho kantete, lite fleksibel, sosialt utilpass, kan ikkje fordra small talk, utstår ikkje all snakkinga, vaksne politikarar som vil ta selfie med henne. Ho er knallhard i sin retorikk og i kravet om handling. Ho vil ikkje vera populær, vil ikkje vera i sentrum, men føler så intenst på ansvaret for å gjera noko at ho nektar å gi seg – sjølv om det går ut over det som burde vore ei lysare og enklare ungjenteliv.

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Filmanmeldelse
  3. Film
  4. Greta Thunberg

Mest lest akkurat nå

  1. Såpeglatte veier i distriktet: – Alt mannskap er ute

  2. Fortsatt anbefaling om å unngå besøk

  3. Emilie (22) skulle ut for å kjøpe Pepsi Max, havnet i Oslo

  4. Sandnes, Sola og Randaberg letter delvis på koronatiltakene

  5. Alle ansatte ved pandemi­posten på SUS må i karantene

  6. Smitte i to barnehager i Stavanger