Samlivsbrot og folkemord

BOK: Nokså standard, norsk samlivsprosa med pretensiøs holocaust-kopling.

Mattis Øybø er aktuell med romanen «Den siste overlevende er død».
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Mattis Øybø: Den siste overlevende er død. Roman. 255 sider. Forlaget Oktober.

I den nyaste romanen sin gir Mattis Øybø (f. 1971) oss fem forteljingar som har ei laus kopling til kvarandre, liknande tidlegare omtalte «Alt som ble borte». I «Den siste overlevende er død» møter me blant andre Jonathan, som har fått vita at den ukjente faren er død samstundes som sambuaren er gravid, Louise og Henrik, som under oppussing finn eit kjærleiksbrev frå krigen, og Tessa, som får ein forboden løyndom frå fortida si omtalt i ein sjølvbiografisk roman.

Tematisk krinsar forteljingane rundt tankar som at fortida lever vidare i oss: At me stadig fortolkar og rekonstruerer historia, og bruker nære og fjernare figurar og hendingar frå svunne tider for å definera oss sjølve og skapa oss ein identitet. Me grev etter meining, og finn me det ikkje, vrir me gjerne litt på soga slik at ho passar betre inn i kven me er og kva me trur på.

Store og komplekse tankar, ingen tvil om det, og Øybø har valt å bruka andre verdskrig og jødeutryddingane for å poetisera desse filosofiske problemstillingane. Sentralt står Jakob Meyer og faren hans, som måtte flykta til Sverige under krigen grunna det jødiske opphavet. Etter kvart viser det seg at Meyer og faren har band til alle dei mest sentrale personane i handlinga.

Det er ikkje vanskeleg å sjå at framstillinga får næring av debattane rundt mellom anna heimefronten dei seinare åra. Men snarare enn å kjennast aktuell, gir romanen meir eit inntrykk av å forsøka surfa på ei tidsriktig bølgje. «Den siste overlevende …» er kløktig sett saman, og Øybø har ein lettflytande og velartikulert måte å fortelja på. Men dei fem novelle-aktige tekstane er likevel nokså standard, norsk samlivsprosa om eks-ar, samlivsbrot og fråverande fedrar. Den gjennomgåande koplinga til holocaust framstår som eit noko lettkjøpt grep for å få handlinga til å gå opp og gi meir djupne til tekstane enn dei faktisk har.

Forfattaren verkar altså å bita over for mykje tematisk, og resultatet er ei til tider pompøs «alt heng saman med alt»-framstilling, med svulstige formuleringar som «Hvilke mytiske størrelser foreldre er» og «Så ensomt det er å være barn.» Tekstane er like fullt jamt over underhaldande, og tittelforteljinga gir eit interessant innblikk i dokumentarfilm-skaping på det konkrete planet og spørsmål som kunst versus røyndom på eit meir abstrakt nivå.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. En bok om voldtekt

  2. Hvis noen vil hente fram krimdronning-tittelen igjen, er det greit for meg

  3. Så galt kan det gå når en voksen tukler med barn

  4. Opp­rørende be­skriv­else av hvor kynisk arbeids­folk er blitt ut­nyttet

  5. Anmelderen er imponert: En historisk roman av de sjeldne!

  6. Kunnskapsbasert og entusiastisk om viking­tida

  1. Bokanmeldelser
  2. Roman
  3. Bokanmeldelse
  4. Anmeldelse
  5. Litteratur