Western på Vidda

Statsteatret feirar grunnlovsjubileet med ein western frå Finnmarksvidda, under mottoet "What happens on Vidda, stays on Vidda".

Publisert: Publisert:

Det blir western frå vidda i Kjellerteatret i april. Cato Skimten Storengen (t.v.) er sheriff med bart, Kim Sørensen spelar tidlegare same, nå nordmann, mens samiske Egil Keskitalo spelar indianar i Statsteatrets "1814". Foto: Kristian Jacobsen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

— Me tar for oss den mørke sida av 1814, seier regissør og manusforfattar Yngve Sundvor.

Statsteatret har akkurat vist eit par scener frå sin nye western: Ein ganske avansert skytescene som kjem til å bli ganske kul om han fungerer. Og sjølvsagt ein barscene som både involverer skyting, krangling og joiking. Og ein ballong.

— Me skal vera like tilgjengelege som alltid. Det skal vera ein fest å gå i teatret, seier Sundvor til Aftenbladet.

1066 – 2066

"1814" er det fjerde stykket Statsteatret set opp. Friteatergruppa skal ta for seg sentrale punkt i norgeshistoria gjennom ti nyskrivne teaterframsyningar. Dei starta med slaget ved Stamford Bridge i 1066, var innom Pesten i 1349 og 350 års dansketid frå 1537. Og nå har dei altså kome til 1814, unionsoppløysinga med Danmark, grunnlov og personalunionen med Sverige. Men mens resten av Norge feirar grunnlovsåret med brask, bram og nasjonalkjensla langt framme i brystet, ser altså d'herrer i teatret mot nord og ei heilt anna historie.

— Den samiske historia er fjern i den norske tanken. Me har masse kunnskap om indianarane i USA, men veit fint lite om våre eigne indianarar: samane, seier Sundvor.

Me skal koma tilbake til indianarane.

Historietime

Men først, litt historie, i veldig grove trekk: For Sundvor meiner altså at dei som budde i Norge levde i eit slags multietnisk samband i det dansk-norske riket fram til 1814, enten dei var nordmenn, samar, eskimoar eller grønlendarar. Men så kjem unionsoppløysinga, skrivinga av eigen grunnlov – og eit plutseleg behov for å trekkja eigne grenser og definera Norge og nordmenn.

— Det var to folk i riket, men 1814 tok bare vare på det eine folket, seier Sundvor. For korleis skulle ein forhalda seg til nomadar? Til folk som snakka eit anna språk og tilhøyrde ein annan kultur – men som var innanfor grensene for det me kallar Norge?

— Samane var ikkje ein del av oss. Så dermed starta Norge eit fornorskingsprosjekt som skulle vara heilt fram til 1960-talet. Og kanskje fram til i dag, seier Sundvor.

— Den mørke sida av 1814, nasjonalkjensle og nasjonsbygging, er defineringa av eit "oss" og eit "dei"?

— Ja. Når "same" framleis kan vera eit skjellsord, handlar det om 200 års statleg rasisme.

Western!?

Du spør deg kanskje om kva alt dette har med cowboyar og indianarar og western å gjera? Det er forståeleg. Men noko av poenget med Statsteatret, er altså at dei leikar seg aktivt med sjangrar. Så i staden for kofter og skallar, går det i cowboyhattar, boots og klirrande sporar når dei skal ta for seg koloniseringa av sameland. Og – i Cato Skimten Storengens tilfelle – imponerande bart og kinnskjegg.

— Eg hentar i barnehagen sånn. Det blir ein del blikk. Ein del tør ikkje spørja, og trur vel at eg er sånn, seier Storengen.

— Det må vera ein slag gutedraum som går i oppfylling når du får spela sheriff?

— Det er akkurat så gøy som det ser ut, seier Storengen.

— Han var ikkje tilsnakkande i 24 timar etter at han hadde fått fatt i kostymet, avslører kollega Per Kjerstad.

Samisk indianar

Og så har Statsteatret denne gongen med seg ein same, Egil Keskitalo. Utkledd som indianar.

— Samane er Norges indianarar?

— Ja, sjølv om historia ikkje har vore like blodig som i USA. Men det samiske folket har opplevd å bli fråteke ei rekkje ting andre tar for gitt, som språk og kultur. Så det ligg ei ganske sterk historie bak dette skråblikket, seier Keskitalo.

Det neste nedslaget Statsteatret skal gjera i norgeshistoria, blir 1880 og utvandringa til Amerika.

Men først skal "1814" ha premiere(r).

— Det blir ur -premiere i Kautokeino 16. april. Og så blir det Norges -premiere på Rogaland teaer 24. april. Det syns me jo er litt fiffig. Spørsmålet er om lesarane dine tar han, avsluttar Sundvor.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Leter etter John Olav med full styrke

  2. Steinar var veldig ensom. Løsningen han valgte, fikk mye større konsekvenser enn han hadde ant.

  3. Bryne suser mot opprykk. EIK er hektet av.

  4. Fire nye smittebærere i Sandnes siden torsdag

  5. Bil kjørte av veien på Ganddal

  6. Gunnar Eiterjord slutter som sjef for Rogfast