– Østin Ommundsen og Jackman endra norsk film

– Arild Østin Ommundsens «Mongoland» og Pål Jackmans «Detektor» viste fingeren til den etablerte norske filmbransjen og bidrog til å endra norsk film, meiner Kjetil Lismoen, som har skrive bok om filmnorge dei siste 20 åra.

Forfattaren Kjetil Lismoen meiner Arild Østin Ommundsen og Pål Jackman var to underdogs som bidrog til å endra norsk film.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
– Evna til å tenkja annleis, slik Østin Ommundsen gjorde i «Mongoland», blir ikkje dyrka i Oslo. Eg set mi lit til at regionane kjem med det neste nye i norsk film, seier Kjetil Lismoen.
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Det høyrest rart ut nå, i 2017. Men i 2000 var det Østin Ommundsen og Jackman gjorde heilt nytt, seier Kjetil Lismoen.

Han er aktuell med boka «Blant hodejegere og nazizombier. Generasjonen som gjenreiste norsk film». Her tek han for seg dei siste 20 åra i ein bransje og ei kunstform som har gått gjennom store endringar - og som kanskje har hatt si stordomstid. Meir om det seinare.

Norwave

Men først: Korleis såg filmnorge ut ved inngangen til 2000-talet?

Ein ny, lovande generasjon filmskaparar hadde debutert på 90-talet, i det som sidan fekk namnet «Norwave». Marius Holst hadde laga «Ti kniver i hjertet» (1994), Bent Hamer hadde gitt ut «Eggs» (1995), Hans Petter Moland fekk sitt gjennombrot med «Kjærlighetens kjøtere» (1995). Eit par år seinare kom Pål Sletaune med «Budbringeren» og Erik Skjoldbjærg med «Insomnia».

– Men så hadde det ikkje skjedd særlig meir. Norsk filmbransje var i krise, seier Lismoen.

Kva krisen bestod i? Vel, det blei laga få norske filmar - og dei traff ikkje publikum. Marknadsdelen til norsk film låg ved inngangen til 90-talet på rundt fem prosent.

– Sånn hadde det vore sidan 1970-talet. Spurde du folk om norsk film, ville 80 prosent seia at «norsk film er dårlig», seier Lismoen.

Filmbransjen var prega av gamle tankar og gamle strukturar. På Jar i Oslo låg mastodonten Norsk Film AS, som portvaktar til dei offentlege filmpengane. Der hadde ein bestemte tankar om kva ein film skulle vera, framleis med eit etterslep av politiske og alvorlige oppfatningar frå 70- og 80-talet.

– Det blei ikkje laga mange norske filmar. Og når det først skjedde, skulle filmen vera Viktig, seier Lismoen.

Det var så godt som umulig for nye folk, nye tankar, nye måtar og nye filmar å sleppa inn i desse etablerte strukturane. Var du underdog, så var du underdog.

Cementen

La oss så seia at du sit i Stavanger, til dømes på Cementen, med kompisane dine, og har lyst til å laga langfilm. Endåtil ein litt annleis langfilm. På stavangersk - ein dialekt ingen snakka på norsk film, og som det var utenkeleg at skulle bli snakka av ein hovudkarakter. Kva gjer du då?

Dei fleste ville latt det bli med snakket. Det oppsiktsvekkande og spesielle med Arild Østin Ommundsen, var at han sette i gang. At han laga «Mongoland» (2001).

– Alle, meg sjølv inkludert, gjekk rundt og venta på at noko nytt skulle skje i norsk film - i Oslo. Det var utenkeleg for alle - inkludert dei som var i Stavanger - at det skulle skje i Stavanger, seier Lismoen.

Han karakteriserer «Mongoland» som eit lite kulturelt jordskjelv. For å staden for å gi opp eller sitta stille og venta til han eventuelt nådde gjennom i filmstøttesystemet, begynte Østin Ommundsen bare å laga filmen, med eigne midlar og eigne venner.

– Både Ommundsen og Jackman er inspirerte av punkens «Do it yourself»-tankegang. Det er ikkje ein ny tanke, amerikansk independentfilm har alltid jobba sånn. Men i Norge var det ein passiv kultur der folk ikkje gjorde noko utan at dei først hadde fått statsstøtte. «Mongoland» viste at det var mulig å laga film uavhengig av systemet, seier Lismoen.

«Dette er ikkje ein film»

Fekk initiativet applaus hos Norsk Film? Absolutt ikkje. Østin Ommundsen prøvde å få støtte til å gjera filmen heilt ferdig. Han søkte, og blei oppringt av filmsjefen sjøl, Tom Remlov, som fortalde at han og sjefsdramaturgen hadde sett verket to gonger på VHS. Dei hadde kome til følgjande konklusjon: Dette er ikkje ein film.

– Det er vanskeleg å seia kva som var manglande kunnskap, kva som var motstand, kva som var uforstand i dette. Men det etablerte systemet var altså veldig oppteke av det handverksmessige og korleis ein film «skulle» vera, seier Lismoen.

Og korleis var «Mongoland»? Ifølgje Lismoen er filmen røff i kanten, i tillegg til at han gir blaffen i tradisjonell dramaturgi.

– Tidlegare måtte hovudpersonen i ein film ha eit klart mål, og kvar replikk måtte ha eit mål og ei meining for handlinga. I «Mongoland» er det ikkje noko mål eller meining. Det handlar om ein gjeng som har mista litt retning, som ikkje har ambisjonar. Karakterane er poenget, måten dei snakkar på er viktigare enn innhaldet i replikkane, du skulle ikkje bli klok av å sjå «Mongoland». Filmen handlar om kjensler, om litt odde karakterar du trur på, seier Lismoen.

– Du meiner filmen lukkast i å portrettera korleis det var å vera ung på 90-talet?

– Definitivt. Alle andre norske ungdomsfilmar hadde tidlegare prøvd å «forstå» ungdommen, på velmeinande, nobelt vis. I «Mongoland» var det ingen som prøvde å selja deg ein visjon om å vera ung, ingen bodskap. Poenget var å leva i augneblinken, utan å vera særleg velformulert, pluss elementet av romantisk komedie - ein sjanger som ikkje eksisterte på norsk på den tida.

Lett tyngde

Og dermed har me kome til Pål Jackman og «Detektor», som hadde premiere i 2000. Både Østin Ommundsen og Jackman hadde blitt lagt merke til som unge talent på Kortfilmfestivalen i Grimstad. Men mens Ommundsen gjorde alvor av dei to kompisanes draum om å laga uavhengig film på lågbudsjett, blei Jackman omfamna av eit ungt miljø av nye filmfolk i Oslo, som manusforfattar Erlend Loe.

– Produsentane som henta inn Jackman ville ha unge, nye filmarbeidarar i produksjonen. Estetisk blei «Detektor» meir polert enn «Mongoland», og med eit heilt anna budsjett. Men også denne filmen skulle bryta ny grunn.

– Kva tilførte Jackman?

– Du merkar at han er musikar. Han våga å vera inderleg. Han var leiken. Han klarte å skildra ganske mørke ting, men utan at det virka tungt. Han tilførte ein lettheit få norske filmskaparar hadde hatt. Før «Detektor» var norske komediar bare komedie, heilt utan alvor eller mørke, svarer Lismoen.

Hadde «Mongoland» og «Detektor» gjort det dårlig på kino, ville dei ikkje hatt virkninga dei fekk. Men publikum elska altså filmane. «Mongoland» blei sett av 100.000, «Detektor» av 250.000.

Filmskulen

Lismoen meiner «Mongoland» og «Detektor» i tillegg blei filmskule for ein haug unge talent som sidan skulle gjera seg bemerka både framfor og bak kamera i norsk film.

– Men brorparten av dei forsvann til Oslo. Det kan virka som «Mongoland» kom for tidleg. Det var ingen infrastruktur i Stavanger som kunne ta hys på den plutselege og overraskande blomstringa og bringa henne vidare.

Det skulle gå ni år før Jackmans neste - og foreløpig siste - langfilm, «Jernanger». Han såg lenge ut til å gå inn i det klassiske, «eingongsregisørsyndromet» som prega norsk filmbransje.

Spol til 2017

Spol så fram til 2017. Kor er Østin Ommundsen, Jackman og norsk film nå? Etter å ha vore innom både store budsjett og barnefilm, er Østin Ommundsen tilbake der han starta: Han gjer det meste sjølv og på sin måte. Sånn var det med «Eventyrland», sånn blir det med komande «Now It´s Dark».

– Det tek lengre tid og inneber mindre pengar, men til gjengjeld har du meir kontroll over filmane du lagar. Så Arilds eksempel er framleis viktig. Han burde strengt tatt reisa rundt i heile landet og gi unge folk håp: «Vil du verkeleg laga film, kan du låna 100.000 kroner og gjera det sjølv - utan tungt utstyr», seier Lismoen.

Og Jackman? Jackman jobbar med tv. Han hadde regi på tre episodar av «Monster», som akkurat gjekk på NRK, og er nå i gang med filminga av «Lykkeland».

– Jackman er kanskje der han burde vera nå. Publikummet til «arthouse»-filmar har flytta seg frå kino til tv-serieformatet. Det same har fleire av regissørane, seier Lismoen, som lurer på om norsk kinofilm har hatt sitt momentum - sjølv om det blir laga mange fleire norske filmar nå enn for 20 år sidan og marknadsandelen ligg på rundt 25 prosent.

– Den einaste grunnen til den høge marknadsandelen, er barne- og familiefilmane. Det vaksne publikummet har forsvunne til tv, seier Lismoen.

Håpet i regionane

Skal norsk spelefilm koma tilbake som kunstnarisk utfordrande format og trekkja publikum igjen, må det tas grep, meiner Lismoen. Det må tenkjast nytt. Og kor kan dette skje? Vel, Lismoen har lært av den nære historia:

– Skal nokon koma med ei motstemme, med noko nytt, må det skje gjennom det regionale filmsystemet. Det statlige filmsystemet i Oslo er konformt, med 2–3 konsulentar på Filmens hus som deler ut pengar, basert på eige skjønn og smak - noko som er eit demokratisk problem, seier Lismoen.

Han meiner norsk film er heilt avhengig av motstemmer til det sentrale systemet, av konkurranse, slik Film i Väst har blitt i Sverige.

– I Oslo går ein i dei same miljøa og tenkjer på den same måten. Evna til å tenkja annleis, slik Østin Ommundsen gjorde i «Mongoland», blir ikkje dyrka i Oslo. Eg set mi lit til at regionane kjem med det neste nye i norsk film.

Publisert:
  1. Film
  2. Arild Østin Ommundsen
  3. Stavanger
  4. Erlend Loe
  5. Eventyrland

Mest lest akkurat nå

  1. Maria fikk nesten ikke puste da hun trente. Hun fikk diagnosen mange har, men få kjenner til.

  2. Hundvågtunnelen er åpen igjen

  3. Åpner grønne ferjekaier i Ryfylke

  4. Alle i Sandnes fikk uvanlig papiravis mandag

  5. Skal man se én utstilling før dette året tar slutt skal man se denne!

  6. Ap: – Hvordan vet Høyre at hundrevis av arbeids­plasser forsvant til Fornebu?