Nisse Nøsts teatervår

Teatervåren på Rogaland teater byr på både ny og gammal dramatikk, premierar og gamle stykke om igjen. Og så kan du gå i teatret kvar dag i eitt år for 1100 kroner.

Teatersjef Arne Nøst hadde fått med seg nissen for å presentera våren på Rogaland teater.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

– Jah, sa teatersjef Arne Nøst og sette seg tungt i stolen på Hovedscenen på Rogaland teater. Bak han stod ein raudkledd nisse med kvitt skjegg. Nisse Nøst var i sesonguavhengig svart, men meinte han hadde Årets julegåve då han skulle bjuda på vårens program: Nyskapinga Dramakortet kostar 1100 kroner, og kjøper du det, kan du få éin billett til kvar einaste teaterframsyning du måtte ha lyst til å sjå, gjennom eit heilt år.

Uansett om du har lyst til å gå i teatret kvar dag eller noko sjeldnare, har Nisse Nøst mykje å by på til våren. Ein del oppsettingar held fram eller kjem tilbake, men her er også mykje nytt. I slutten av januar går til dømes Ungdomsteatret laus på William Shakespeares mest valdelege stykke, «Macbeth», i Rolf Almes bearbeiding og regi. Alme har tidlegare sett opp «The Black Rider», «Sangfuglen» og «Fluenes herre» på teatret.

– Ein skulle tru ungdomsteatret sette opp pedagogiske stykke om mobbing, kroppspress og spisevegring. Men me ville prøva noko anna, og skal altså setja opp eit stykke om vald, sa Alme, og opplyste om at tyske forskarar har funne ut at 82 prosent av unge som spelar valdelege dataspel blir meir harmoniske etterpå.

– Det blir ei framsyning om vald, men også veldig morosamt, sa Alme, og lova åtte mord på scenen.

Rolf Alme skal setja opp valdelege "Macbeth" på Rogaland Teater.

Barne- og ungdomsteatret er i det heile tatt rikt representert i teatervåren, både gjennom «Lørdagsgodt», monologen «Tøff i badedrakt» (om kroppspress...), «Å telle til null» i regi av Nøst, «Keiserens splitter nye klær» og gjestespelet «Forbrytelser og straff».

Bør ein få barn?

11. februar går Espen Hana og Mareike Wang på ein ganske så naken Intimscene for å framføra «Pust» av engelske Duncan Macmillan. Stykket handlar om eit par som diskuterer om det er verdt å setja eit barn til verda, slik ting ser ut i dag.

– Det er ekstremt aktuelt nå, med alt som skjer for tida, sa Wang, som ikkje kan sjå nyheitssendingar for tida. Ho begynner bare å grina.

– Stykket er særs elegant skrive. Du merkar ikkje at tida og scenene skiftar, sa Hana. «Pust» er det tredje stykket der Hana og Wang spelar par, og Hana meiner dei er blitt teatrets radarpar.

– To av Espens trillingar er mine, opplyste Wang.

I "Pust" spelar Espen Hana og Mareike Wang par. Igjen.

I april kjem Viktoria Meirik, som tre gonger har vore nominert til Heddaprisen for beste regi, og som vann i 2010, til Stavanger for å regissera «Glassmenasjeriet» av Tennessee Williams. Stykket er eitt av verdas mest spelte.

– Dette er hjerte-smerte-teater, lova Nisse Nøst.

To urpremierar

Vårens to nyskrivne teaterstykke for vaksne kjem i april og mai, først i form av Statsteatrets «1950 - Spionen», som skal handla om CIA, KGB, kald krig, kommunisme og Aps angst, på ei seng av sigarettreklame, alkohol og det siste innan kvitevarer. Og i mai er det premiere på Tore Renbergs nye stykke, «Indianeren», der Renberg både står for tekst og regi - som i «Femti flotte år med Frode Kommedal».

– Eg skiftar ut folkekomedien med det klassiske dramaet. Det skal handla om relasjonar, om menneske, om ein dag i verda der det skjer noko vesentleg, sa Renberg.

I mars gjestar Åsleik Engmark og Jon Rørmark Stavanger med gjestespelet «Aladdin og hans magiske Europa flyktningeturné 2016–17». Og gjennom heile året kan du sjå stykke du kunne sett før: «Orlando», «Mitt liv som Sally», «Et dukkehjem» og «A Christmas for Carol».

Les også

  1. Sally Nilsson avslutter karrieren med "Mitt liv som Sally"

  2. Renberg tilbake med nytt drama

  3. Tar for seg 864 år på 12 timar

Publisert:
  1. Rogaland Teater
  2. Arne Nøst
  3. Tore Renberg

Mest lest akkurat nå

  1. Nå kan du få «Regå» i hagen

  2. Ble tobarnsmor med 18 års mellomrom: – Jeg er ikke lenger så skråsikker

  3. Birgitte-saken: Selgere av dameklær krasjet i siktedes bil. Var de fra politiet?

  4. Trump vekker avsky etter minneord

  5. –1800–1900–2000. Solgt!

  6. Mourinho: – Finner ikke ord