Fransk for vaksne

FILM: Catherine Deneuve og Juliette Binoche i komplisert mor-dotter-forhold på fransk.

Catherine Deneuve og Juliette Binoche spelar mor og dotter i «Sannheten». Dei smiler når dei møtest - men så enkelt er det ikkje.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Sannheten

Originaltittel: La Vérité. Skuespillere: Catherine Deneuve, Juliette Binoche, Ethan Hawke, Clémentine Grenier. Sjanger: Drama. Regi: Hirokazu Koreeda. Nasjonalitet: Frankrike, 2019. Aldersgrense: Tillaten for alle. Lengde: 1 time, 46 minutt.

«Eg er skodespelar. Den nakne sanninga interesserer meg ikkje.» Dette seier den aldrande og berømte Fabienne (Deneuve) når dottera hennar Lumir (Binoche) rasar over at det som står om henne i moras ferske sjølvbiografi slett ikkje er sant. Fabiennes sjølvbiografi er ironisk nok titulert «La Vérité», altså «Sanninga». Altså det same som japanske Hirokazu Koreedas første franske film, som fekk æra av å opna den prestisjetunge Venezia-festivalen i 2019.

Kva som er sant og ikkje er eit gjennomgåande tema i filmen. For det viser seg at alle, i større og mindre grad, lyg. Det glamorøse biletet av Fabienne på coveret viser til dømes ei skodespelarstjerne i sine beste, langt yngre dagar. Nå er Fabienne godt oppe i åra, ho har definitivt sine beste karrieredagar bak seg. Likevel er det ikkje noko å seia på sjølvbiletet. Fabienne er sjølvopptatt, sjølvgod, kravstor og urimeleg, spydig og ufyseleg, lite raus med andre enn seg sjølv – i den grad ho i det heile tatt ser andre.

Når dottera Lumir, som sjølv er manusforfattar, kjem på besøk med mann og barn, går det ikkje lenge før sarkasmane fyk gjennom lufta. Me skjønnar raskt at mor-dotter-forholdet er alt anna enn enkelt og harmonisk, at her er mykje bagasje frå fortida.

Parallelt har mora fått ei rolle i ein science fiction-film der ho sjølv spelar dottera til ei mor som stadig reiser ut i verdsrommet og derfor aldri blir eldre. Der har du nok ein dimensjon på mor og dotter.

Dermed handlar «Sannheten» ikkje berre om sanning og løgn eller om kompliserte familierelasjonar, men også om aldring, om tida som går.

Det er ein ganske intellektuell film, ein snakkefilm, ein ganske så fransk film – ah, kor lyst eg fekk til å dra til Paris igjen! Men han er altså laga av ein prislønte og kritikarrost japanar. Her er ein del fiffige metaelement av film i filmen, morosame vendingar rundt sanning, løgn, skodespel og manus. Sjølv om tematikken på eitt vis er ganske tung og djup, går føre seg det heile i ein lett og ganske humoristisk tone.

Deneuve og Binoche er to av Frankrikes fremste skodespelarar og gjer begge ein glimrande innsats. Amerikanske Ethan Hawke blir meir av ein bifigur på dei fleste vis. Ikkje snakkar han språket, ikkje er det han dette handlar om.

Men samtidig som dette er intelligent, smart, velspelt og flott filma, er det likevel som om det ikkje tek heilt av. Det gjennomgåande gode humøret tek kanskje litt av brodden av alvoret, og fører til at ein liksom ikkje torer å bora djupt nok i det vonde og vanskelege. Dermed luntar filmen av garde i eit litt for likt ganglag, utan dei store toppane eller botnane. Og dermed kjennest det som han blir litt for lang.

Men for den som liker fransk film, den som liker Catherine Deneuve og Juliette Binoche, den som har levd ei stund og reflektert over både relasjonar og aldring, kan «Sannheten» vera eit fint lite tidsfordriv.

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Filmanmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. Sandnes kommune trapper ikke ned koronaberedskapen fra mandag

  2. Slik blir bompengesatsene på ny E39

  3. – Endelig tror folk på min historie

  4. Knut Arild Hareide inn­rømmer sine «unn­latelses­synder». Nå for­later han riks­politikken

  5. Hovden Høyfjellshotell skal sannsynligvis rives

  6. Anbefaler at samfunnet gjenåpner rundt månedsskiftet september/oktober