Livet i det norske Texas

BOK: Dramatikk, detaljar og distansert analyse kjempar om overtaket i Gunnar Nerheims skildring av eit lite norsk nybyggarsamfunn.

Frå skulen i Cranfills Gap i 1914; 19 jenter leker «Bro, bro brille», eller «London Bridge is falling down». Over halvparten av jentene hadde norske eller danske foreldre. Fra høgre: Jewel Reesing, Jennie Christenson, Ada Grimland, Vivian Gardner, Agnes Arneson, Minnie Cox, Nadine Spenser, Thelma Perry, Orelia Grimland, Lorene Bronstad, Maggie Perry, Willie Mae Hanson, Veta Cox, Beatrice Bertelsen, Leona Parsons, Gladys Tindall and Addie Cox.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Gunnar Nerheim: I hjertet av Texas. 584 sider. Fagbokforlaget.

Dei fleste av oss tenkjer på Midtvesten, Brooklyn og Seattle som «det norske Amerika». Med unntak for våre dagars oljekoloni i Houston er ikkje Texas ein stat me assosierer med norsk utvandring.

Likevel, det var i Texas utvandringspioneren Cleng Peerson budde på sine eldre dagar, i eit norsk lokalsamfunn i Bosque County i Nord-Texas som var etablert i 1853. Og han var ikkje den første. Norske utvandrarar hadde kome til den austre delen av staten så tidleg som i 1846.

Mange var dei ikkje. I 1910 var 0,7 prosent av innbyggjarane i Texas fødde i Norge, eller av norske foreldre i USA. 4445 personar i alt.

Kan eit nærstudium av eit så lite og tett miljø vera nøkkelen til ei betre forståing av dei større prosessane, både i norsk emigrasjonshistorie og i «dagens store folkeforflytninger fra sør og øst til vest og nord»?

Historikar Gunnar Nerheim har skrive om eit nokså ukjent norsk innvandrarsamfunn i Texas.

Det er i alle fall slik historikaren Gunnar Nerheim formulerer utgangspunktet for historieverket sitt om dei norske i Texas, eit resultat av eit mangeårig samarbeid mellom Universitetet i Stavanger og Bosque Museum og andre institusjonar i Texas.  

Blant indianarar og slavar

«I hjertet av Texas» er blitt eit omfangsrikt og imponerande arbeid, som byggjer både på tidlegare publiserte historikararbeid og nytt og breiare kjeldemateriale. Som profesjonell historikar viser Nerheim seg som ein nøktern analytikar med fast, kjeldekritisk handlag, og er ikkje redd for å utfordra tidlegare tolkingar.

Samstundes er faktastoffet så overveldande og detaljrikdommen så stor at lesaren til tider får problem med å følgja med. Delar av boka har preg av ei gards- og ættesoge som kan vera nyttig som oppslagsverk, men som gjer det krevjande å halda den raude tråden.

Heldigvis lar også Nerheim oss også koma enkeltmenneska nærmare inn på livet. Her er dramatikk nok å ta av. Malaria, kolera og andre sjukdommar tok mange liv. Klapperslangar og ville dyr måtte ein alltid passa seg for. Og Bosque County låg på grensa mot indianarane sitt land, noko som av og til førte til blodige konfrontasjonar. Indianarar raida busettingane, drap menn og bortførte kvinner og barn. Gjengjeldinga kunne utarta til reine massakrar. Lite vitnar om at nordmennene hadde særleg sympati for den amerikanske urbefolkninga, disse «vilde hedenske Mennesker», som den elles ganske liberale Elise Wærenskjold skreiv i eit brev heim i 1867.

Cleng-Peerson-monumentet på kyrkjegarden ved «Our Savior’s Lutheran Church» i Norse-distriktet, Bosque County, Texas. Monumentet blei avduka rett før jul i 1886. Teksten lyder: «Cleng Peerson. Den første norske innvandrer til Amerika. Født Norge, Europa Den 17 Mai 1782. Kom til Amerika 1821. Døde i Texas Den 16 December 1865». Nederst på støtta står: «Taknemlige Landsmænd i Texas reiste Ham dette Minde».

Mange hadde derimot eit meir kritisk syn på slaveriet. Rett nok tok nordmennene som blei verande i Aust-Texas, der slaveøkonomien var dominerande, i stor grad skikken der dei kom. Fleire av dei  verva seg med entusiasme til kamp for sørstatane i borgarkrigen. Men bøndene i Bosque County, som dreiv familiejordbruk utan slavar, hadde mindre sans for opprøret i sør. I motsetning til resten av texanarane røysta fleirtalet av dei norske i Bosque i 1861 mot at Texas skulle slå seg saman med dei andre sørstatane og gå ut av unionen. Då verneplikt vart innført i 1862, gjekk mennene meir eller mindre motvillig inn i sørstatshæren, men fleire av dei valde etter kvart å desertera. I synet på borgarkrigen og slaveriet ser dei tyske og norske innvandrarane ut til å ha hatt svært like haldningar, men motstanden var meir uttalt frå tyskarane, der fleire leiande personar hadde vore med i det mislukka revolusjonsforsøket i heimlandet i 1848.

Frå bygd til bygd

Nerheim brukar omgrepet «kjedemigrasjon» om den norske utvandringa til Texas. Utvandrarane kom frå eit fåtal område i Hedmark, Agder og på Vestlandet, og kontakten mellom lokalsamfunna på begge sider av Atlanteren vart halden ved like gjennom tilførsel av stadig nye familiemedlemmer og kjenningar som kom til eit miljø dei var fortrulege med. I Bosque County vart det snakka norsk gjennom opptil fire generasjonar. Og sjølv om norsk-amerikanarane i Texas assimilerte seg tidlegare enn dei meir talrike tyskarane og polakkane, meiner Nerheim det er «meget forbausende og interessant» at dei heldt på etnisiteten så lenge som dei gjorde.

Forfattaren kunne nok grunngitt denne påstanden meir, for det er ikkje innlysande at integreringsmønsteret blant nordmennene i Texas skil seg så mykje frå andre innvandrarsamfunn, i Amerika og elles. Slik sett les eg boka meir som ei nikkande stadfesting av det me visste frå før enn som ei aha-oppleving.  Men den svære og sobert handterte kunnskapsmengda som her ligg føre mellom to permar, rettferdiggjer ein høg karakter.

Publisert:
  1. Bok
  2. Utvandring
  3. Texas
  4. Anmeldelse
  5. Bokanmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. Nordlyset danset på høsthimmelen

  2. To ganger fikk ekte­paret fra Jæren nei til å adoptere. Likevel dro de til Sør-Korea og hentet et barn

  3. KrF-leder Ropstad møter pressen lørdag

  4. Lagmannsretten nekter å behandle drapsforsøkssak

  5. Har du sett nordlys i kveld?

  6. 20 vil bli ny Kolumbus-sjef