Kunstmuseet løftar fram den regionale kunsten

KUNST: Då koronaen snudde opp ned på alt, bestemte Stavanger kunstmuseum seg for å invitera inn regionens kunstnarar. Resultatet – utstillinga «Fra balkongen» – opnar denne helga.

Hanne Beate Ueland (t.v.) og Jane Sverdrupsen har begge vore med på å velja ut verka til utstillinga «Fra balkongen» som opnar på Stavanger kunstmuseum denne helga. Foto: Jon Ingemundsen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
  • Jon Ingemundsen
    Fotojournalist
Publisert: Publisert:

– Me måtte flytta om på utstillingane me hadde planlagt. Samtidig trengde regionens kunstnarar ei handsrekning. Dette kunne bli ei god løysing for alle, seier Hanne Beate Ueland, avdelingsdirektør på Stavanger kunstmuseum.

– Og for meg som nytilflytta blei det ein perfekt introduksjon til det regionale kunstlivet, seier Jane Sverdrupsen, ny dagleg leiar ved Rogaland kunstsenter og ein av kuratorane bak den nye utstillinga.

30 utvalde

Invitasjonen til det regionale kunstlivet gjekk ut i sommar, og fekk nesten 200 svar. 30 av kunstnarane blei plukka ut til ei utstilling som spenner breitt både i tematikk, form og uttrykk.

– Det har vore eit poeng å få bra spenn, både i alder og uttrykk, seier Ueland.

– Hovudfokus var å finna verk som har resonans i forhold til kvarandre, seier Sverdrupsen.

– Kva betyr «resonans i forhold til kvarandre»?

– At verka kommuniserer med kvarandre, på eit vis. At her er strukturar, fargar eller tema som minner om kvarandre, peikar på kvarandre. Verka er ulike, men har likevel noko med kvarandre å gjera, svarer Sverdrupsen.

– Noko av målet er å visa at den regionale kunsten er mykje forskjellig, mange ulike uttrykk, som snakkar om viktige og relevante ting i samfunnet, seier Ueland. Dermed er til dømes Per Christian Browns videoprosjekt om heimlause i Berlin plassert saman med Tove Kommedals små «hus» som har utgangspunkt i flyktningkrisa.

Les også

Ti rogalandskunstnarar til nye Nasjonalmuseets opningsutstilling

Les også

Over to millioner mer til film og kunst

Les også

Pia Myrvold feirer 40 år som kunstner

Kåter og kolbar

På golvet i eitt av romma ligg ei samling – og her lærer me eit nytt ord – kåter. Altså dei knuteaktige utvekstane du kan finna på enkelte tre. Kåtene stammar frå tre i Gjesdal, og mannen som har skore dei av og nå stiller dei ut, heiter Matt Bryans. Den britiske kunstnaren har gått motstraums og flytta frå London til den noko mindre kjende kunstmetropolen Ålgård.

– Eg er glad i den norske naturen. London har parkar. Men dei kjennest tunge og klaustrofobiske etter at ein har vore ute i den norske naturen, der det knapt er folk eller lydar. Sånt finn du ikkje i London, seier Bryans.

Han ser kåtene som interessante i desse koronatidene.

– Dei er eit produkt av ein sjukdom, det kan vera sopp eller insekt som fører til at dette skjer. Kåtene øydelegg ikkje trea, i alle fall ikkje med ein gong, somme har piggar under barken, andre er runde, seier han.

Matt Bryans stiller ut både kåter og kolbar av tre. Foto: Jon Ingemundsen

Kvar si historie

På veggen ved desse naturens svulstar, stiller Bryans ut lange rekker med treverk som er tilverka til å bli noko heilt anna, nemleg geværkolbar. Sist han talde kor mange han har samla, kom Bryans til 623, heilt tilbake til frå 1700-talet og fram til i dag.

– Kvar kolbe har kvar si historie. Somme har inskripsjonar som fortel noko, andre veit me ikkje kva har vore med på, seier Bryans, som liker desse lange linjene i historia.

– Det ser nesten ut som eit heilt bibliotek. Og kvar kolbe fortel si historie, seier Ueland.

Kunsten møter publikum allereie på veg inn i utstillingsromma på Stavanger kunstmuseum. Foto: Jon Ingemundsen

Performance

«På balkongen» byr altså på mange uttrykk, blant anna performance-kunst. Den første skjer laurdag – på opningsdagen – når Anne-Marte Eidseth-Rygg skal knyta saman eit fem meter langt band av sitt eige, dotteras og moras hår. Dagen etter er det Anna Ihle som har ein performance.

– Er ikkje regionens kunstscene per definisjon regional – og noko Stavanger kunstmuseum heile tida skal jobba med?

– Jau, og det gjer me også. Ein del av vår jobb er å halda oss orientert om det regionale kunstlivet. Men dette blei ein sjanse for oss til å bli meir oppdatert og oppdaga kunstnarar som me ikkje kjende så godt, enten fordi dei er unge, held ein låg profil, har flytta ut eller flytta hit. Sånn sett har også me blitt betre kjent med den regionale kunstscenen gjennom dette prosjektet, seier Ueland.

Publisert:
  1. Kunst
  2. Utstilling
  3. Stavanger kunstmuseum
  4. Utstillinger
  5. Stavanger

Mest lest akkurat nå

  1. Sundal: - Tror ikke på normal julefeiring

  2. Mistet lappen for dugg på frontruten

  3. Fire nye smittede i Sandnes - to i Stavanger

  4. – Denne plasseringen er en skam

  5. «Mamma, du trenger ikke å ha med mobilen», sa barna. Da skjønte Randi Flesjø (38) alvoret

  6. Skole­barn, barne­hage­barn, bok­klubbens barn og barn av regn­buen regnes som samme kahoot, gitt at disse er nær­kontakter