Spinnvill svindlarhistorie

FILM: Godt fortalt historie om mannen som lurte heile Norge – og som til slutt lurte seg sjølv.

Bak til venstre, med svart slips, står svindlaren Waleed Ahmed. Fremst står dei kongelege. «Stol på meg» fortel historia om korleis dette gjekk til. Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Stol på meg

Regi: Emil Trier. Med: Waleed Ahmed, Trond Giske, Fabian Stang, FBI, Innovasjon Norge, Ungt Entreprenørskap. Sjanger: Dokumentar. Nasjonalitet: Norge, 2021. Lengde: 1 time, 36 min

«Han var eit perfekt case.» Sånn omtaler tidlegare næringsminister Trond Giske den nesten utrulege historia om Waleed Ahmed, gründeren som både skulle bidra til å redda verda – og bli steinrik på vegen. Ahmed var den karismatiske, positive og idérike ungguten med pakistansk bakgrunn frå Ytre Enebakk som blei presentert som «Norges Mark Zuckerberg» på NRK. Han hadde lansert eit mobildeksel som lada seg sjølv og mobilen opp på (sol)lys. Han blei omfamna av media, næringsminister, Innovasjon Norge, kongelege og Ungt entreprenørskap, samfunnstoppar og prominensar.

Heilt til Dagens Næringsliv avslørte at det heile var ein bløff.

Dette er utgangspunktet for Emil Triers dokumentar «Stol på meg». Og her kunne på mange måtar historia ha slutta – ei historie som allereie på dette tidspunktet er spinnvill.

Men heldigvis sluttar det ikkje der. For Trier følgjer Ahmeds ferd vidare, først i Norge, sidan til USA. Der sjarmerer den unge svindlaren seg vidare og lurer den eine etter den andre. Heilt til det siste, dukkar det opp stadig nye historier og vendingar, som sikrar den dramatiske motoren i historia og gjer dette til ein film du har lyst til å sjå heilt til slutt. Heilt fram til Ahmed ender med å setja kryssfot på seg sjølv og hamnar i fengsel med overraskande lang straff.

Historia blir fortalt med eit velsigna og nesten overraskande godt humør, der me møter ein haug aktørar som møtte Ahmed på sin veg, både dei som blei lurte og dei som fakka han.

Samtidig løftar Trier blikket og bringar inn større problemstillingar og diskusjonar. Om (pakistansk) innvandring til Norge, om utanforskap og ambisjonar, om manglande kritisk sans hos alt frå journalistar til statsrådar og støtteordningar, som i Ahmed nok såg alt dei skulle ønska seg at var sant.

Kanskje handlar det også om vonde ting frå barndommen. Men akkurat det er vanskeleg å vita, sidan det er vanskeleg å stola på at Ahmed snakkar sant etter å ha sett den spinnville historia om korleis han lurte dei aller fleste trill rundt.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Bra britisk spiondrama frå Den kalde krigen

  2. Varmt om livet før døden

  3. Masse å le av med Mann (50)

  4. Ny tv-serie om sex og samtykke. – Sjå denne, skriver vår anmelder

  5. Familiefaren fikk Parkinson - og laget en nydelig film om det

  6. Spinnvill svindlar­historie

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Film
  3. Filmanmeldelse