Sakprosa: Til kamp for fagmakta

Helseaksjonistar har levert eit velmeint, men ujamt bidrag til ein viktig debatt.

I boka vert det argumentert i beste Karl Evang-tradisjon. Ansvaret bør samlast på eitt forvaltingsnivå (les: Staten). Her er helsedirektøren i 1972. Foto: Scanpix

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Torgeir Bruun Wyller

og Heidi Haukelien (red.)

Ny helsepolitikk

305 sider

Dreyers Forlag

På fleire samfunnsområde går det i dag føre seg ein dragkamp mellom administrasjonsmakt og fagmakt. Me ser det i utdanning og forsking, i media og kulturliv – og ikkje minst på helsesektoren.

Dei siste åra har administrasjonsmakta vore på offensiven, som del av dei næringslivsinspirerte New Public Management-reformene i det offentlege. Leiarar og konsulentar har – med den ureflekterte sjølvtilliten som kjenneteiknar den nye tids menn til alle tider - introdusert teoriar, språk og styringsgrep som ofte er blitt oppfatta som ein provokasjon mot tradisjonelle fagverdiar.

Nå ser det ut til at ein motreaksjon byggjer seg opp. Protestane mot målstyring, kontroll, byråkratisering, sentralisering, resultatlønn og andre utslag av den rådande styringsfilosofien, aukar i styrke.

Lærarstreiken i 2014 handla først og fremst om å gjenreisa tilliten til læraren som fagperson. Parallelt har legar, sjukepleiarar og andre helsearbeidarar danna sin helsetenesteaksjon. I debattboka «Ny helsepolitikk» presenterer leiarane, Torgeir Bruun Wyller og Heidi Haukelien, programmet sitt.

I motsett grøft

Boka har mange bidrag, både frå praktikarar i felten og teoretikarar bak skrivepulten. Det gjer boka ujamn, slik bøker av denne typen gjerne blir.

Enkelte av forfattarane nøyer seg med å skildra dei daglege frustrasjonane, noko som for så vidt kan vera talande nok. Andre legg an eit meir analytisk perspektiv.

Språkleg er kvaliteten varierande. Det meiningstomme og klisjefylte administrasjonsspråket smittar også over på somme av dei opposisjonelle.

Alle protestrørsler risikerer å utvikla skylappar og overforenkla bodskapen sin. Ein raud tråd i boka er såleis kravet om å gå tilbake til fagbasert leiing av helseinstitusjonane.

Då er det velgjerande når tidlegare departementsrådgivar Erling Steen minner om kva som var ein viktig del av bakgrunnen for reformene på 1990-talet, nemleg ei sterk oppleving av politisk avmakt overfor profesjonsorganisasjonane:

«Det ble sagt at Helsedepartementet og Helsetilsynet var meir styrt av Legeforeningen enn av statsråden.» Også fagmakt kan drivast for langt. Men Steen er klar på at pendelen nå har svinga altfor langt over mot den andre sida.

Lokalpolitikarane trengst

Det er også bra at det kjem fram ulike synspunkt i spørsmålet om kven som skal driva norsk helsevesen.

Professor Marit Halvorsen argumenterer i beste Karl Evang-tradisjon for at ansvaret bør samlast på eitt forvaltingsnivå (les: Staten).

Dette er ei oppfatning som tydelegvis står sterkt i Helsetenesteaksjonen, i alle fall er det eitt av dei 20 framlegga til ny helsepolitikk som avsluttar boka.

Då er det tankevekkande å lesa bidraget frå professor Halvard Vike. Han meiner at lokalpolitikarane, med sin nærleik til menneska det gjeld, i praksis er dei fremste forsvararane av velferdsstaten sine ideal. Dei er ein avgjerande korreksjon til eit statleg blikk som er meir og meir retta mot kostnader, avvik frå standardar, orden og kontroll. «Det er sannsynlig at den norske velferdsmodellen er fullstendig avhengig av at det finnes et stort antall kommuner, og at mange av dem er små,» skriv Vike.

Det som samlar forfattarane og redaktørane av boka, er uroa for at ein vellykka norsk velferdsmodell, basert på tillit, nå er under sterkt press. Dei er ikkje aleine om det.

Vonleg er konsekvensane av New Public Management blitt så handgripelege for folk flest at organiseringa av offentleg sektor for første gong blir tema i ein valkamp. «Ny helsepolitikk» er eit velmeint, men ikkje heilt vellykka forsøk.

Les også

  1. SAKPROSA: Hvorfor tyskerne ikke vil glemme

  2. Sakprosa: Syria-bok for viderekomne

Publisert:
  1. Helsepolitikk
  2. New Public Management
  3. Velferdsstaten

Mest lest akkurat nå

  1. Sandnes, Sola og Randaberg trosser faglige koronaråd: - Blir helt feil, mener Stavanger

  2. Stavanger letter på tiltakene fredag, men sier nei til skjenking

  3. Jørpeland: Lastebil veltet i et sandtak

  4. Kondis­professor knuser fem myter om vekt og for­brenning: – Det er helt feil

  5. Klepp og Hå opphever skjenkestopp

  6. Tom Tvedt har fått ny jobb – kaster seg inn i saken som splitter Jæren