Oslo – Rogaland: 186 – 6

186 av dei 324 kunstnarane som i dag fekk arbeidsstipend frå Norsk kulturråd, har postadresse Oslo. Seks kom frå Rogaland.

Geir Egil Bergjord har fått to års arbeidsstipend frå Norsk kulturråd, etter å ha jobba i mange, mange år som fotokunstnar. Her er han i sitt eige bilete "Beam me" frå 2003. Foto: Geir Egil Bergjord

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

KOMMENTAR: Dermed held Oslo fram med å dominera kunstnarstipendlistene på ein måte det er vanskeleg å vita om ein skal le eller gråta av.

iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Eg har gjort det til eit årleg ritual å setja meg til med kalkulatoren kvar gong det er julekveld, nyttår og 17. mai for norske kunstnarar. Altså den dagen Norsk kulturråd offentleggjer kven som får Statens kunstnarstipend det året. Er du blant dei heldige, får du til dømes 228.093 kroner fram til pensjonsalder om du er over 56 år og blir mottakar av stipendet for seniorkunstnarar. Same sum får du i ti år om du får stipendet for etablerte kunstnarar.

Les ein listene over årets 53 mottakarar av desse to stipenda, ser ein raskt at dette ikkje er relevant for vår region. Det finst nemleg ingen verdige etablerte eller seniorkunstnarar for Kulturrådet her i fylket i år – akkurat som i perioden 2009 – 2012, då ordninga blei kalla garantiinntekt. I Oslo bur det 26 verdige i år.

Arbeidsstipend

Fleirtalet av stipenda som blei offentleggjorde i går, var likevel arbeidsstipend på 202.000 kroner i året, som du kan få frå eitt til fem år. To rogalendingar fekk det vanlege arbeidsstipendet – Geir Egil Bergjord og Bjørn Arild Ersland. Fire – Mia Melvær, Sandra Vaka Olsen, Kristin Auestad Danielsen og Stine Janvin Motland – fekk stipendet for yngre, nyetablerte kunstnarar. Det blir seks. For Oslo er talet 160. For Hordaland 23.

Til saman hadde 57,4 prosent av mottakarane av årets 324 arbeidsstipend adresse Oslo. Det viser flott stabilitet i fordelinga av kunstnarpengane. Snittet i perioden 2009 – 2012 låg på 55 prosent til Oslo. I same periode var snittet for Stavanger 1,4 prosent.

Nå har Kulturrådet slutta å oppgi heimkommune, og fordeler i staden stipendiatane på fylke. Rogaland ender på 1,9 prosent av stipendvinnarane i 2014. Hordaland har ni prosent. Det er 0,7 prosent betre enn Akershus. Skal me vera litt ekstra slemme, kan me jo slå saman Oslo og Akershus. Då ender 66 prosent av årets arbeidsstipend inst i Oslofjorden. Til orientering bur rundt 12 prosent av landets befolkning i Oslo, og rundt 36 prosent av dei sysselsette i kulturnæringane har adresse der.

Kven bestemmer?

Kven bestemmer kven som skal få stipend? Det gjer komitear beståande av kunstnarar. Det er altså av sine eigne skal få det. I eit ope brev frå stipendkomiteen for biletkunstnarar, skriv komitéleiar Jannik Abel at dei har lagt vekt på høg kunstnarisk kvalitet, faglig tyngde og at dei vil bidra til eit mangfaldig og nyskapande kunstliv. I tillegg har komiteen hatt kjønn og geografisk tilhøyre i bakhovudet.

Det gjer eigentleg tala endå meir deprimerande. For sjølv med den geografiske dimensjonen i bakhovudet, blir altså den geografiske skeivdelinga frå Kulturrådet så massiv.

Den same komiteen for biletkunstnarar står bak tildelinga av stipend frå Norske billedkunstnere, som også blei offentleggjort i går. Her finn ein fleire namn frå Stavanger-regionen som får stipend frå 75.000 kroner i året til 225.000 kroner i året. Kulturrådet delte også ut ei rekkje diversestipend, frå nokre tusenlappar og opp til fleire titusen i går. Men dei største pengane ligg for dei fleste altså i arbeidsstipenda frå Kulturrådet.

Er den geografiske ubalansen i fordelinga av kulturpengar eit problem? Det går i alle fall på tvers av alle (kultur)politiske ambisjonar om ei nokolunde jamn fordeling av kunstnarar og kulturpengar over heile landet. Og det demonstrerer i alle fall at alle andre norske byar enn Oslo har mislukkast med sine ambisjonar om å vera kulturelle tyngdepunkt i kongeriket.

Kunstnarøkonomi

For halvannan månad sidan varsla kulturminister Thorhild Widvey ei eiga utgreiing om kunstnarøkonomien og kunstnarpolitikkens verkemiddel – blant anna stipendordningane. "Formålet er å undersøke hvordan man kan styrke kunstnernes muligheter til å leve av kunstnerisk virksomhet," uttalte Widvey.

Den utgreiinga burde kanskje innehalda ein geografisk dimensjon: Korleis kan ein leva av kunstnarisk verksemd når ein bur andre stader i landet enn i Oslo?

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Helikoptertrafikken stanses – mannskap på plattformer kommer seg ikke i land

  2. Vil teste ut 6-timersdag i Stavanger

  3. Varaordføreren har satt seg et tøft mål ett år etter hjerteinfarktet

  4. Lastebil mistet nesten lasten i rundkjøring - trafikken går som normalt

  5. Skole­barn, barne­hage­barn, bok­klubbens barn og barn av regn­buen regnes som samme kahoot, gitt at disse er nær­kontakter

  6. Erna Solberg: – Ikke rom for de store jule­selskapene i år