Talentstipend til unge rogalendingar

Sju unge talent innanfor kunst og kultur får stipend frå SR-banks talentstipend «G9alt».

Publisert: Publisert:

Fiolinisten Laurens Weinhold får 50.000 kroner i talentstipend frå SR-bank. Foto: Anders Minge

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Fiolinisten Laurens Weinhold frå Stavanger og kunstnaren Linn Isabel Eielsen frå Haugesund får 50.000 kroner kvar i stipend frå «G9alt». 25 år gamle Weinhold er ifølgje juryen eitt av dei største talenta på fiolin i Norge, og er nå teken opp på doktorgradsstudium i Tyskland.

19 år gamle Eielsen er illustratør, musikar, skribent og skodespelar - og ifølgje juryen eit multitalent som nå skal spela inn eit album.

Dei fem som får 25.000 kroner kvar i stipend er skodespelar Herman Pedersen (18) frå Stavanger, slagverkar Skage Rollheim Larsen (18) frå Stavanger, songar Tobias Vigrestad Mellemstrand (17) frå Vigrestad, songar Christian Beharie (25) frå Sandnes og fiolinist Ida Celine Dirdal (20).

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Ordføreren vil lage sjau

  2. Her er flyet på vengene for siste gong

  3. Gutt (16) omkom i ulykke hjemme

  4. Her tar bilen u-sving i Hundvågtunnelen

  5. – Vi kommer for seint inn i prosessen

  6. Purrer på Boreal: Når starter Høgsfjord-sambandet opp igjen?

  1. Stavanger
  2. Kultur