Mørkt og skummelt i tunnelen

FILM: Ganske bra katastrofefilm med skremmande realistisk utgangspunkt.

Publisert: Publisert:

Thorbjørn Harr (t.v.) imponerer som den ansvarlege redningsmannen Stein, mens Mikkel Bratt Silset leverer ei fin framstilling av den meir uansvarlege Ivar i katastrofefilmen «Tunnelen».

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 4 out of 6

Tunnelen

Sjanger: Drama, spenning. Med: Thorbjørn Harr, Lisa Carlehed, Ylva Fuglerud, Ingvid Holthe Bygdnes, Mikkel Bratt Silset, Silje Breivik, Jan Gunnar Røise, Øystein Martinsen, Per Egil Aske, Henrik Holm, Daniel Skadal, Peter Førde, Sigurd Sele, Marit Røste, Kyrre Haugen Sydness. Regi: Pål Øie. Manus: Kjersti Helen Rasmussen. Nasjonalitet: Norge, 2019. Lengde 1 t. 43 min. Aldersgrense 12 år.

Ein må ikkje alltid reisa så langt bort for å finna dei spennande historiene. Tvert om. Dramatikken kan liggja rett framfor auga våre. I Norge betyr det spektakulær natur, barskt vêr – og nordmannens måte å handtera geografien sin på.

Ein skulle kanskje tru at katastrofefilmen «Tunnelen» var ein slags oppfølgjar til «Bølgen» (2015) og «Skjelvet» (2018). Sånn er det ikkje. Mens John Kåre Raake og Harald Rosenløw-Eeg skreiv manus til dei to første, har Kjersti Helen Rasmussen skrive «Tunnelen», med Pål Øie på regi og eit bergensk produksjonsmiljø i ryggen (hurra for at det finst!).

Øie har hatt med seg Kristoffer Joner både i «Villmark» og «Skjult», men i «Tunnelen» er det Thorbjørn Harr som spelar rolla som mannen som hamnar midt i dramatikken. Det fungerer veldig godt. Harr ser staut og stoisk ut frå starten av og blir truverdig i sin desperasjon når det spissar seg til.

Skal katastrofen treffa oss i magen når han først er eit faktum, må me på førehand ha fått eit hjarte for dei som blir ramma. Øie byggjer fint opp i filmens første del. Me blir kjende med den ansvarsfulle brøytebilsjåføren og tidlegare redningsmannen Stein (Harr), som har mista kona og strever med forholdet til tenåringsdottera Elise (Ylva Fuglerud), særleg når han nå har blitt kjærast med Ingrid (Lisa Carlehed). Me blir også kjende med den langt meir uvørdne brøytebilsjåføren Ivar, spelt av Mikkel Bratt Silset – og sjølvsagt introdusert for fleire av dei som skal kjøra inn i tunnelen når det smell.

Dessverre blir me også introduserte for eit par sidekarakterar og -historier som ikkje blir følgde opp eller fungerer, som den snørrhovne Tesla-eigaren (Jan Gunnar Røise) og ein emotype med blått hår.

Den dødelege røyken veltar ut av tunnelen når katastrofen er eit faktum.

Ein katastrofefilm skal vera visuelt spektakulær. Sjur Aarthuns foto frå vestlandsnaturen er flott. Dette er den dyraste spelefilmen som er produsert i Bergen, men budsjettet har nok ikkje vore like stort til spesialeffektar som i «Bølgen» og «Skjelvet». Det går mest i svart røyk.

Alt i alt er det blitt ein sjåverdig og truverdig film med eit skremmande realistisk utgangspunkt, nemleg sikkerheitsopplegget i norske tunnelar.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Beboere slukket kjøkkenbrann i Sandnes

  2. – Stigende smitte­trend for Sandnes

  3. Ryfylke­tunnelen måtte stenge et felt på grunn av tysk sykkel­turist

  4. Bent Høie: – Jeg vet at mange synes det er litt tungt nå

  5. Countryartist gikk seg bort på sin egen tomt – måtte reddes ut av politiet

  6. Direkte: – Kjempesjanse for Sødlund etter at Ringberg har vunnet ballen. Han må ha sklidd, for her var motorvei til mål

  1. Film
  2. Tunnel
  3. Filmanmeldelse
  4. Anmeldelse
  5. Thorbjørn Harr