Stort publikumsfall på Sølvberget

På to år har besøkstalet på biblioteket på Sølvberget i Stavanger falle med 212.000 - utan at leiinga skjønar kvifor. Sølvberget-sjefen trøystar seg med at utlånet aukar.

Sølvberget-sjef Anne Torill Stensberg gler seg over auka utlån - og bekymrar seg for fall i besøket - i 2019. Foto: Jon Ingemundsen

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

– Me har ikkje noko god forklaring på nedgangen i besøk. Fallet er så stort at det bekymrar meg. Me må prøva å finna ut av kva som ligg i desse tala, seier Sølvberget-sjef Anne Torill Stensberg.

Etter at besøket på biblioteket på Sølvberget hadde gått opp og utlånet ned kvart år sidan 2014, viste statistikken for 2018 plutseleg det motsette. Besøket gjekk ned med 55.000, mens utlånet gjekk opp med 23.565.

I 2019 forsterka denne tendensen seg: Utlånet gjekk opp med 35.583 (8,36 prosent) mens besøket gjekk ned med 157.000 (9 prosent).

Dermed har besøkstalet på Sølvberget falle med 212.000 på to år. Det tilsvarer den samla befolkninga i Stavanger og Sandnes kommune.

– Det er eit stort fall, ja, seier Stensberg.

Veit ikkje grunnen

I 2017 gjennomførte Sølvberget 30-årsjubileum, med veldig stor aktivitet og auke i besøket. I fjor peika Stensberg på at 2018 var eit meir ordinært år, og at fallet i publikumsbesøk kunne ha noko med dette å gjera. Men kva er forklaringa på tre gonger så stort fall frå 2018 til 2019?

– Me veit ikkje noko sikkert, så det blir bare spekulasjonar: Kan det vera noko med telleapparata? Kan det ha med bomringen å gjera? Med nedgangen på ti prosent i kinobesøket? Har det noko med at det har blitt lettare å ordna ting digitalt? Me veit rett og slett ikkje.

Dermed veit Sølvberget heller ikkje kven dei 212.000 forsvunne besøkande på to år er. Om dei er unge, gamle, kor dei bur eller korleis dei bruker biblioteket.

Statistikkansvarleg Christian N. Tønnessen på Sølvberget peikar på at sterk auke i utlånet både på Madla bibliotek og av e-bøker kan vera med på å forklara det tilsynelatande paradokset i at besøket går ned mens utlånet går opp. For ein treng ikkje lenger møta fysisk opp på Sølvberget for å låna bøker frå Madla eller på nett.

Telleapparata som registrerer besøkande på Sølvberget er for øvrig dei same som har vore der dei siste åra.

Les også

Snur om kuttene til Sølvberget - Madla bibliotek kan være reddet

Høgt aktivitetsnivå

Besøksnedgangen kan ikkje forklarast av lågare aktivitetsnivå på biblioteket i 2019. Til saman var det 1645 arrangement og aktiviteter for store og små i løpet av året. Rundt 500 av disse arrangementa var for barn og unge.

– Me har arrangert nordisk barnebokkonferanse, opna Kielland-senteret, gjennomført både Kapittel og Sakprosafestival. Tidvis kjennest det veldig fullt her, seier Stensberg.

Trøysten hennar er at det samla utlånet ved biblioteket gjekk opp 8,6 prosent i fjor - eit byks Stensberg omtaler som utruleg bra. Dei store drivarane i utlånsveksten er - slik det har vore gjennom fleire år - barn og unge. Dei låner meir både av faglitteratur (19 prosent) og skjønnlitteratur (6,5 prosent).

– Eg trur me har god effekt av Sommerles-kampanjen vår, seier Stensberg.

Digital utfordring

Men også vaksne låner meir, både av fagbøker (9,4 prosent) og skjønnlitteratur (8,5 prosent). Samtidig merkar biblioteket konkurransen frå strømmetenestene i utlånet av film for barn, musikk på CD og lydbøker. Der held fallet fram, sjølv om filmutlånet til vaksne gjekk litt opp i fjor.

– Veksten på nettsider og app tyder på at folk vil ha det digitale tilbodet vårt. Dette må me utvikla vidare for å vera relevante også framover, seier Stensberg.

– Er færre besøkande eit problem? Er besøk eller utlån viktigast for biblioteket?

– Det eine er ikkje viktigare enn det andre. Frå nasjonalt hald ønskjer ein vekst i utlånet av bøker, og det leverte me i Bokåret 2019. Men det er samtidig eit uttrykt politisk ønske at andelen av befolkninga som besøker biblioteket skal auka. Der har me ikkje levert i 2019.

Les også

  1. Undersøkelse anslår at vi leser færre bøker enn forlagene sier

  2. Frå vondt til verre for Sølvberget

Publisert:
  1. Bibliotek
  2. Sølvberget kulturhus
  3. E-bøker
  4. Lydbøker

Mest lest akkurat nå

  1. 70 prosent av det medisinske utstyret på SUS må byttes ut

  2. To nye smittetilfeller i Stavanger

  3. «Mamma, du trenger ikke å ha med mobilen», sa barna. Da skjønte Randi Flesjø (38) alvoret

  4. Sandnesbrødre vil bygge ishall og 50-metersbasseng på Lura

  5. Leger mener korona­utvalg gjør feil vaksine­prioritering

  6. Skole­barn, barne­hage­barn, bok­klubbens barn og barn av regn­buen regnes som samme kahoot, gitt at disse er nær­kontakter