Avansert rosabloggar

Årets stavangerkunstnar, Kristin Auestad Danielsen, er aktuell med ny diktsamling.

BOK: Moderlege rapportar frå jenterommet, frå ein avansert rosabloggar, og det blir fort litt klamt.

  • Eirik Lodén
    Eirik Lodén
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Kristin Auestad Danielsen: Sterke kjensler og andre dikt. Lyrikk. 77 sider. Samlaget.

Tittelen ”Sterke kjensler” får ein tolka i ljos av det svale ironiske temperamentet til forfattaren Kristin Auestad Danielsen (fødd 1981, debut 2005). Og hadde det ikkje vore for denne evna til halvt humoristisk sjølvdistansering, ville den heller snevre radiusen nærbutikk-skuleveg-jenterom-kjøkken-stove blitt endå meir klaustro- og agorafobisk enn han her framstår som. Det går i ein mor-barn-relasjon i to tidsplan, der tid, generasjonar og historie ofte kan synast å gå i ring. Ein er både forelder og barn, alltid.

Denne skrifta er ikkje redd for banale rapperim og ein hiphop-flopp, for folkeeventyr og barneregler, og tyr gjerne til engelske titlar og frasar når morsmålet blir for armodsleg: ”oh god”, ”shit”. På sitt beste er det noko sjarmfullt leikent over det heile:

Hei, rynke.

Du, strek i fjeset.

Eg har teikna deg.

Streken min er berre min.

Eg begynner å bli gammal.

Kvar dag blir eg eldre,

og eg er mitt verk.

Og folkeeventyret blir på ny til sanninga om folk, som i diktet ”Mobilkamera”: ”Vi har fått ein spegel som / kan snakke / og no leitar / alle etter Snøkvit i skogen.”

Og vidare går det i morskap og klesskap, tampongar og bleier og barnebunader, ”gråpapir og posesuppe”, og med obligatoriske visittar til feministiske ikon som Frida Kahlo og Gertrude Stein. I sluttdiktet ser ho for seg at ho rir naken til hest (i ein slags solidaritet med dei strippa tyskartøsene, men ikkje like solidarisk med IS-kvinnene med ”slør og briller”) som ein oppdatert Jeanne d’Arc, til Grini for å frigjera nokon. Spørsmålet melder seg: Treng me meir frigjering her til lands, no som Grini ikkje er det det ein gong var?

Så lenge ho held seg med denne poetikken risikerer Danielsen i lengda, ikkje ulikt mange av sine kolleger, å enda opp som berre ein litt avansert rosabloggar. Som den alltid myndige A.S. Byatt sa til sine medsystrer uti litteraturen sist ho gjesta Noreg: ”Kom dykk ut av kjøkkenet! Skriv om noko anna!” Det får no vera opp til kvar den som skal skriva, men det kan ofte synast som om oppmodinga fall på norsk steingrunn.

Publisert:
  1. Kristin Auestad Danielsen
  2. Litteratur
  3. Anmeldelse
  4. Bokanmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. – Ble stanset av en ung mann med langt, lyst hår, og en dame

  2. Advokat til Aftenbladet: – De forventer at vi leser obduk­sjons­rapporter på flyet

  3. Pia Myrvold flytter hjem til Stavanger

  4. Koronasmitten øker igjen på Nord-Jæren – kan bli aktuelt med nasjonale tiltak

  5. – Han voldtok henne, drepte henne og satte deretter fyr på leiligheten for å skjule det han hadde gjort

  6. Magne Fjell blir ny havnedirektør