Gode intensjonar, svak gjennomføring

BOK: Forfattaren vil for mykje og materialet er ikkje jobba nok med til at det blir litterært.

Publisert: Publisert:

  • Leif Tore Sædberg

Grade: 2 of 6 stars

Kjell Olden: Minerydding. Roman. 186 sider. Tiden Norsk Forlag.

Ein ung mann forlét studentkjærasten i Noreg og vervar seg til FN-styrkane i Libanon. Kjærasten slit både med seg sjølv og familien, og gjennom opphaldet i Midtausten pådrar den norske FN-soldaten seg sine eigne traume, som han tilbake i gamlelandet må jobba seg gjennom.

Utgangspunktet i Kjell Oldens (f. 1952) debutroman har potensial i seg til ein fungerande intrige, med konfliktar og kontrastar frå det personlege til det internasjonale og kulturelle planet. Dessverre sviktar gjennomføringa, både forteljemessig og språkleg.

Minerydding har ein struktur det er litt vanskeleg å få tak på i starten, prega av ei skisseaktig form med enkelte flashbacks og korte kapittel (enkelte er berre hugselister, og framstår nokså inkjeseiande) med gjentakande og generelle titlar (som «Spring 1» og «Permisjon»). Etter kvart kjem det fram at FN-soldaten og kjærasten Sara har kvar si stemme i romanen. Grepet fungerer berre sånn passeleg, men gir i det minste litt variasjon.

Eit litt for tydeleg ønske om å skriva noko viktig, vera vesentleg, kan merkast, og på mange måtar er det hovudproblemet med romanen. Prosjektet gapar over for mykje – her er krig, fred, kjærleik, sorg, familiekonfliktar, foreldrekompleks, religion, Midtausten-problematikk og kulturell brubygging og det eine med det andre, utan at emna er tilstrekkeleg litterært behandla.

Forfattaren er inne på noko, men han har ikkje knadd nok på stoffet og ideane og gitt dei form av ein klar story. Dermed blir boka ståande som ei rekkje tanke- og idémessige fragment som sprikar i for mange retningar i staden for å få ein kunstnarisk heilskap. Kapitla får preg av å vera notat og anekdotar, springande småforteljingar som saknar sluttpoeng og framdrift.

Det hjelper ikkje at språket gjennomgåande har ein referat-aktig stil og til tider er ganske flatt. Nokre av formuleringane er så lite forseggjorte at dei nærmar seg faretrugande dagboksjangeren. Eit døme er breva frå hovudpersonen til kjærasten, som enkelte gonger er såpass trivielle i uttrykket at dei kanskje skulle blitt verande i privatbrev- og ikkje i roman-sjangeren. Gode intensjonar er vel og bra, men både FN og romanforfattarar kan stundom erfara at det gjerne må meir til for å lykkast i praksis.

Publisert: