Mange ting å le – og gråta – av

FILM: Går det an å både le og grina av kreft og tragedie? Absolutt.

Odd-Magnus Williamson har skrive manus og spelar hovudrolla som stand up-komikar i «Ingenting å le av».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

INGENTING Å LE AV

Kinopremiere: 10.09.2021. Med: Odd-Magnus Williamson, Sara Khorami, Øystein Martinsen, Anne Marie Ottesen, Karoline Krüger, Jan Gunnar Røyse, Penda Faal, Andrine Sæther, Ravdeep Singh, Ylva Bjærkaas Thedin, Jonis Josef: Sjanger: Komedie / Drama. Regi: Petter Næss. Nasjonalitet: Norge, 2020. Aldersgrense: 9 år. Lengde: 1 time, 47 minutt.

Eigentleg oppsummerer tittelen på «Ingenting å le av» det heile: Dette er verkeleg ingenting å le av. Likevel lo eg. Fleire gonger. Korleis kan det gå an?

Komikar og skodespelar Odd-Magnus Williamson - som også har skrive manus - spelar den kjende stand up-komikaren Kasper Berntsen. Kasper har hatt stor suksess, men det er lenge sidan han skreiv nytt materiale, lenge sidan han var ung og svolten. Folk ler ikkje like mykje av han lenger, karrieren er definitivt på hell. Når Kasper på ein og same dag mister sommarshowet sitt, får ein alvorleg kreftdiagnose og blir dumpa av kjærasten, er det ikkje mykje å le av, nei.

Men likevel lo eg.

Mørk humor

Du skal sannsynlegvis ha meir sans for litt mørk humor enn «her, serru serru hatten» og crazy forviklingskomedie for å le av dette. Men som ei av dei Kasper møter når han motvillig må byta ut komiklubbar med samtalegrupper for kreftpasientar seier: Noko av det som er mest drit med å få denne diagnosen, er at folk sluttar å vera morosame rundt ein. Alle er så redde for å seia noko feil.

Men i staden for å trå vart og forsiktig rundt kreften og tragedien, går «Ingenting å le av» rakt inn i det vonde - men altså utan å mista humoren.

Latter og gråt

Hadde det stoppa der, ved den lette tonen og humoren, ville dette blitt eindimensjonalt og overfladisk. Men heldigvis klarer Williamsons manus, skodespelaranes spel og den erfarne regissøren Petter Næss å få fram det såre, det tragiske og alvoret. For under dei vittige replikkane ligg mørket. Samtidig som her er lys, i form av omsorg, vennskap og vilje til liv.

Du føler med karakterane du ser på lerretet. Dermed risikerer du også å fella ei tåre og bli rørt av det du ser - parallelt med at du ler. Du trur på Kaspers smerte, på Marias (Sara Khorami) redsle og frustrasjon, der dei skal prøva å manøvrera seg gjennom sjukdom og tunge tankar. Samtidig som dei prøver å halda på eit visst humør, ikkje gi opp livet og draumane sine.

Øystein Martinsen (t.h.) spelar barndomsvenn og manager Erik Elisabeth.

Litt for lang

Filmen er likevel ikkje heilt lytefri. Tidvis stoppar det noko opp i framdrift og energi, særleg i andre halvdel kunne det vore strama inn.

Øystein Martinsen - til dagleg tilsett ved Rogaland Teater - får brukt sitt komiske talent i rolla som Kaspers barndomsvenn og manager Erik, som liker å gå i dameklær og kallar seg Erik Elisabeth. På eitt vis er dette kanskje det nærmaste ein kjem ei meir «klassisk» komisk rolle i filmen - sjølv om det også her finst eit djupare alvor og komplikasjonar, særleg i møte med dottera. Men eg er usikker på kor mykje denne sidehistoria om kjønnsidentitet eigentleg tilfører filmen, om det ikkje heller er eit sidespor. Har det noko å seia for historia om Erik går i bukse eller skjørt?

For det eg lo mest av, var humoren som tangerte det mørke, det vonde og det tragiske rundt kreftsjukdommen og at det meste går i dass for Kasper. Sånne ting som bryt med forventninga om kva ein kan tulla med og ikkje. Sånne ting ein vanlegvis meiner er ingenting å le av.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Ikkje heilt konge

  2. Punken var visst ikkje død

  3. Absurd frå eit USA i forfall – men alle vil nok ikkje le

  4. Absurd, provoserende og originalt om sex-tape på avveie

  5. Går det an å både le og grina av kreft og tragedie? Absolutt

  6. Rørende og vakkert om kjønns­identitet

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Film
  4. Filmanmeldelse