Superkjedeleg!
FILM: «Eternals» må vera noko av det svakaste som har kome ut av Marvel-universet.
- Jan ZahlKulturjournalist
ETERNALS
Kinopremiere: 03.11.2021. Med: Angelina Jolie, Salma Hayek, Kit Harrington, Gemma Chan, Richard Madden, Kumail Nanjiani, Lia McHugh, Brian Tyree Henry, Lauren Ridloff, Barry Keoghan, Don Lee. Sjanger: Action / Sci-Fi / Superheltfilm. Regi: Chloé Zhao. Nasjonalitet: USA, 2021. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 2 timar, 35 minutt.
Jøje meg, for ein overgang! I april vann Chloé Zhao Oscar både for beste regi og beste film for «Nomadland». Så, i november, debuterer ho som Marvel-regissør. Frå stillferdige drama om vanlege (arbeidarklasse)folk som fell litt utanfor storsamfunnet, til superheltdrama for Disney og den største melkekua i filmindustrien dei siste åra: Marvel-universet.
Korleis går den overgangen? Ikkje veldig bra.
«Eternals» handlar, som dei fleste superheltfilmar, sjølvsagt om verdas undergang. Denne gong bakt inn i ei intrikat – og tullete – historie som bringar oss heilt tilbake til det gamle Mesopotamia i oldtida, innom Babylon, ut i verdsrommet, til indiske og indianske storsivilisasjonar.
Greia er at dei udødelege (eternals) skal beskytta jorda mot avvikarar (deviants). Her er me ved eitt av mange problem i filmen: Avvikarane er dataanimerte beist som ser ut som skrelte Tyrannosaurus Rex eller hundar – laga av leidning. Dei har skarpe tenner og spisse klør, men dei snakkar ikkje, har inga meining, ingen ond motivasjon – ut over å eta folk. Poeng: Eit skikkeleg drama treng ein skikkeleg skurk, gjerne ein litt smart skurk med ein tydeleg – om enn ondskapsfull – plan.
Dermed handlar actionsekvensane i filmen stort sett om at dei udødelege må handtera situasjonen kvar gong avvikarane dukkar opp for å eta folk. Det ser ut som eit dataspel heller enn ein film.
Resten av tida går med til snakk. Bla-bla-bla. Gjerne i vakkert og mjukt skumringslys. Det er ikkje noko å seia å bileta eller landskapa i «Eternals». Men det går altså uendeleg med tid til presentasjon og oppbygging opp mot eit slags vendepunkt. Strengt tatt går det ein heil time før me får vita kva som er clouet i filmen. Så blir det meir snakk. Bla-bla-bla.
Samtidig demonstrerer «Eternals» tydeleg at me lever i identitets- og mangfaldspolitikkens tidsalder. Castet – og moralen – i «Eternals» er så politisk korrekt at det nesten er litt komisk. Superheltane kjem i alle etnisitetar og fasongar, her er ein døv superhelt, ein homofil superhelt og tidenes første Marvel-kyss mellom to menn. Her spelar dei kvinnelege heltane dei mest prominente rollene.
Blir filmen betre av den grunn? I dette tilfellet er svaret nei.
Film- og tv-anmeldelser
Altfor mye av alt
Hvordan er det å være 15 år og plutselig oppdage at snille og kjærlige far er en kriminell?
En heller svak og forutsigbar kjærlighetshistorie i en veldig fransk ramme
Morsom, men tynn ninja-oppfølger
Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...
Manuset er nesten komisk svakt. Og skodespelet. Og regien
Mest lest akkurat nå
89-åring ved sykehjem ble ikke lagt om kvelden. Satt i stolen hele natten
Laget til solabuen vant rundt fem millioner kroner: – Det kom noen tårer
Okea med milliard-kjøp i Nordsjøen
Kan sjefen bestemme når du skal ha ferie? Eksperten har et overraskende svar
Brøt sammen i gråt i jubelrusen: – Jeg kommer aldri til å glemme støtten
Skal sikre drikkevann til rundt 330.000 rogalendinger