Makta avslører seg ikkje

BOK: Ap og LO har nok forma Norge saman, men korleis det har skjedd, er ikkje skrive i protokollar.

Bilder av Ap-toppar og LO-leiarar er ikkje vanskeleg å finne. Her er LO-sjef Yngve Hågensen i livleg prat med Ap-profil Thorbjørn Berntsen og partileiar Jens Stoltenberg i 2005.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Stein Aabø: Noen av oss har snakket sammen. Historien om hvordan samarbeidet mellom Arbeiderpartiet og LO formet Norge. 396 sider. Res Publica.

Ein gong i Yngve Hågensens tid som LO-leiar hadde Samarbeidskomiteen mellom Arbeidarpartiet og LO fått ny sekretær. Ho refererte utførleg kva medlemmene hadde sagt i diskusjonane. Då Hågensen fekk referatet i hende, tok han spontant og reiv det sund. Den tidlegare sekretæren hadde skrive korte referat, der lite anna enn overskrift og konklusjon blei tatt med. Slik skulle det framleis vera, slo den mektige LO-sjefen fast.

Episoden illustrerer problema den tidlegare Dagblad-journalisten Stein Aabø har hatt når han skulle skriva om Samarbeidskomiteen. «Noen av oss har snakket sammen», javel, men kva dei sa, er ikkje festa på papiret. Stadig vekk må forfattaren konstatera at han ikkje får hjelp av protokollane. Påstanden om Samarbeidskomiteens makt og nøkkelrolle i styringa av Norge blir derfor ofte ståande udokumentert. Alternativt kan dette tas som ei stadfesting av ein styringskultur der svært mykje vert avgjort i dei lukka romma, nettopp ved at nokon har snakka saman. Utan innsyn, utan ettersyn.

Stein Aabøs bok fungerer også som ei norgeshistorie i fugleperspektiv, skriv Tom Hetland i si vurdering.

Samarbeidskomiteen vart etablert i 1927, og var eit resultat av samlingsarbeidet i arbeidarrørsla. Etter dei harde stridane mellom revolusjonære og reformistar stod Arbeidarpartiet igjen som vinnar. Dei tette banda som alltid hadde vore mellom parti og fagrørsle skulle nå formaliserast gjennom eit samarbeidsforum, som har eksistert fram til denne dag. Til å begynna med var det to medlemmer frå kvar side, seinare kom det til fleire. 

Mystikk og ærefrykt

Etter kvart som Arbeidarpartiet vart det store maktpartiet i norsk politikk, har denne komiteen vore omgitt av både mystikk og ærefrykt. Aabøs bok må seiast å vera eit bidrag til avmystifisering, endå om mykje altså ligg i det skjulte. 

Komiteen har ikkje hatt fingrane i alle saker. Aabø finn fleire eksempel på saker som ikkje har vore oppe. Det gjeld ikkje minst mange personspørsmål. Då Einar Gerhardsen i 1951 bestemte seg for å trekka seg som statsminister og peikte på Oscar Torp som sin etterfølgjar, vart ikkje komiteen orientert. Det vart forresten heller ikkje kong Haakon, som fekk høyra om statsministerens avgang på radio. Av nyare saker ser det heller ikkje ut til at striden mellom Jens Stoltenberg og Thorbjørn Jagland eller #metoo-saka mot Trond Giske har vore på dagsordenen, i alle fall ikkje formelt.

Protokollane er også svært knappe når det gjeld EU-spørsmålet, medan for eksempel Statoil-privatiseringa, handlingsregelen, arbeidsmiljølova og pensjonsreforma ser ut til å ha vore grundig diskuterte. I det heile er det dei økonomiske sakene – industripolitikk, finanspolitikk og arbeidslivsspørsmål – som komiteen ser ut til å ha brukt mest tid på.

Komiteen hadde si glanstid i tiåra etter krigen, då Arbeidarpartiet var på sitt mektigaste. Statsministeren frå 1935, Johan Nygaardsvold, var ikkje ein gong medlem. Hans base var i stortingsgruppa. Etter krigen fekk det sentrale apparatet meir makt. Statsminister og partiformann Einar Gerhardsen og LO-formann Konrad Nordahl, sekundert av partisekretær Haakon Lie, styrte butikken suverent i to tiår.

Samrøre under kritikk

Seinare har «samrøret» mellom Ap og LO kome under hardare kritikk både frå høgre og venstre. Denne typen politikkutforming har blitt vanskelegare å forsvara prinsipielt i ei tid som krev at makta skal opptre i opne landskap. At fagrørsla skal knyta seg så nært opp til eitt parti, er også problematisk for mange, særleg når eit svakare Ap nå må samarbeida med andre parti for å få makt, og det ikkje er sjølvsagt at Ap er førstevalet for LO-medlemmer.

Aabø peikar på dette, men han kan til tider bli i overkant idylliserande og harmoniserande. Det kan ha med kjeldesituasjonen å gjera, men det skin også gjennom at forfattaren har eit positivt syn på det fagleg-politiske samarbeidet som eit bidrag til stabilitet og godt forankra reformer.

Stein Aabøs bok fungerer også som ei norgeshistorie i fugleperspektiv, der viktige hendingar  og politiske stridsspørsmål dei siste hundre åra passerer raskt i revy. For den som treng ein historierepetisjon, er derfor boka nyttig. Journalistisk spenstige skildringar av dramatiske vendepunkt og miniportrett av sentrale personar krydrar ei framstilling som elles kan bli vel summarisk.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Vil du forstå ytre høyre? I så fall bør du lese denne boken

  2. Reflektert og stillferdig om en verden etter katastrofen

  3. En politisk roman som skaper rene krim­spenningen

  4. Feiende flott roman

  5. Rasende krim fra mannsdominert fiskeribransje

  6. Seriemorder i ferieparadiset

  1. Bokanmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse
  4. Sakprosa
  5. Politikk