Ein indisk «Cinema Paradiso»

FILM: Vakkert, visuelt og rørande om ung indisk gut som oppdagar filmens magiske verd.

Vesle Samaya oppdagar magien i 35 millimeter film i «Filmtyven».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

FILMTYVEN

Kinopremiere: 27.05.2022. Originaltittel: Last Film Show. Med: Bhavin Rabari, Bhavesh Shrimali, Richa Meena, Dipen Raval, Paresh Mehta. Sjanger: Drama. Regi: Pan Nalin. Nasjonalitet: India, 2021. Språk: Gujarati. Aldersgrense: 9 år. Lengde: 1 time, 47 minutt.

For den som har sett «Cinema Paradiso» frå 1988, er det ikkje mogleg å sjå indiske «Filmtyven» utan å få assosiasjonar til den italienske klassikaren. Begge handlar om ein liten gut som oppdagar filmens magi. Begge finn ein farsfigur i kinoens maskinrom. Begge er ei nostalgisk feiring av filmkunsten – før digitaliseringa.

Samay er ein kvikk niåring som lever med foreldra og ei søster i svært enkle kår i ein landsby i Gujarat. Familien er av høgaste kaste, men faren livnærer seg som fattigsleg teseljar på den lokale togstasjonen. Samay prøver å selja te for faren til passasjerane i toga som passerer.

Men etter å ha vore på den lokale kinoen, endrar alt seg for Samay. Han blir nesten forheksa av film, blir ven med den svoltne og loslitne kinomaskinisten Fazal og lærer seg å spleisa og visa fram film på det store lerretet. Han vil sjølv fanga lyset, fortelja historier på film, sidan historier jo er basis for det meste, enten du sel politisk bodskap eller produkt.

«Filmtyven» er laga av ein sjølvlært meister i indisk film – som altså er ein av dei største filmindustriane i verda. Pan Nalin bruker heile fargepaletten når han leverer si kjærleikserklæring til filmkunsten. Her er uendeleg vakre bilete som verkeleg fangar lyset. Her er fantastiske foto av indisk mat og matlaging.

Det er mykje indisk mat i «Filmtyven».

Også emosjonelt bruker Nalin heile registeret. Som ein kanskje kan forventa, er dette noko nostalgisk og sentimentalt fortalt. Men både spel og tematikk er interessant nok til at det ikkje vippar over i søtt kliss.

For samtidig som filmen handlar om film, handlar «Filmtyven» også om India. Om klasse, om utvikling, utdanning og overgangen til meir moderne tider. Samay veks opp i svært enkle kår, men oppdagar at det finst ei verd utanfor landsbyen. Og at nøkkelen til å koma lenger enn sin eigen far, er å læra seg engelsk og dra frå landsbyen.

Det gjer vesle Samay. Sannsynlegvis slik hans skapar Pan Nalin i si tid også gjorde.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Denne filmen om ungdommeleg rå­skap og venn­skap bur du sjå

  2. Musikalsk og visuelt fyrverkeri om Elvis

  3. Charlotte Rampling briljerer som alkoholisert og kjip bestemor

  4. Vår anmelder om enda en Jurassic-oppfølger: Nå må det være nok!

  5. Er alle menn like?

  6. Dette er Obama sin favoritt-western. Det kan eg godt forstå

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. Film