Den kommunistiske tragedien

BOK: Jan Magne Arntsen vil ta eit oppgjer med uretten mot lokale kommunistiske motstandsfolk etter krigen. Men NKP sjølv slepp for lett unna.

To motstandsmenn i 1985, 40 år etter krigen: Harald Sem, til venstre, og kommunisten Helge Hansen. Nå er boka om dei kommunistiske motstandsfolka i Rogaland, der Hansen var sentral, komen.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Jan Magne Arntsen: Krigens vinnere – fredens tapere. Kommunistiske motstandsfolk i krigens skygge. 249 sider. Piren forlag.

Ingen ofra meir i den norske motstandskampen enn kommunistane. I Rogaland vart tolv medlemmer av den kommunistiske motstandsrørsla avretta eller mishandla til døde. Kvar fjerde rogalending som vart avretta av den tyske okkupasjonsmakta, var medlem av Norges Kommunistiske Parti (NKP), trass i at NKP var eit miniparti i fylket før krigen. 

Denne innsatsen vart lenge ikkje vurdert etter forteneste. Dei kommunistiske motstandskjemparane vart eit offer for den kalde krigen, og mistenkte for å vera meir lojale mot Sovjetunionen enn mot det norske demokratiet. Fleire av dei vart utsette for hån, fordømming og ulovleg overvaking, som kom i tillegg til ettervirkningane av fysiske og psykiske påkjenningar under krigen.

I boka «Krigens vinnere – fredens tapere» fortel Jan Magne Arntsen historia om dei viktigaste kommunist-dominerte motstandsmiljøa i Stavanger og Sandnes. To organisasjonar skil seg ut: Tjemsland-gruppa, som Arntsen har skrive bok om tidlegare, og Saborg, ei gruppe med utgangspunkt i Bergen som i 1944 fekk ei avdeling på Nord-Jæren med Helge Hansen som sjef. Ikkje alle som var med i desse gruppene var kommunistar, dei trekte også til seg ungdom som ville ta del i den meir aktive motstandskampen som NKP stod for.

Kommunisme og kristendom

Arntsen teiknar små portrett av eit trettital av dei fremste motstandskjemparane. Samla gir det eit bilde av sterke, idealistiske og ofte originale personlegdommar. Og som vanleg viser det seg at verda blir meir nyansert og mangfaldig når ein studerer ho på nært hald. I motsetning til kva ein skulle tru, var det for eksempel fleire som hadde eit nært forhold både til kommunismen og kristendommen. I eit brev leiaren for Tjemsland-gruppa, Ferdinand Tjemsland, skreiv frå dødscella, kallar han seg for «kristen kommunist». Og kanskje er det ikkje overraskande: Både kommunismen og kristendommen representerte noko å tru på som var større enn enkeltmennesket, som appellerte til offervilje og gav styrke til å stå imot nazismens barbari.

Jan Magne Arntsen vil ikkje berre skriva historie, han vil også gi aktørane oppreising for urett. I utgangspunktet er det ein vanskeleg balansegang. Og også her viser det seg at verkelegheita er nyansert. Mange, men ikkje alle vart taparar etter krigen. Helge Hansen vart direktør for Nordkronen, søstrene Ingeborg (gift Bækholt) og Vesla (gift Vetlesen) fekk lange politiske karrierar: Ingeborg i NKP, SF og SV lokalt, medan Vesla enda opp som bistandsminister i Gro Harlem Brundtlands regjering 1986-1988. Det skal rett nok seiast at Hansen-familien høyrde til Furubotn-fløya som vart ekskludert frå NKP i 1949. Det gjorde derimot ikkje Konrad Dahle og Magne Herigstad i Sandnes, som likevel var respekterte menn lokalt, med tillitsverv både i lokalpolitikken og i fagrørsla.

Forfattaren brukar mykje plass på å dokumentera «hetsen og fornedrelsen» som motstandsveteranane og familiane deira vart utsette for. Her har han hatt god hjelp av Lund-kommisjonen, som i 1996 slo fast at det hadde skjedd omfattande ulovleg overvaking, og som opna for innsyn i politimappene. Den norske rettsstaten og det norske demokratiet svikta på viktige punkt i tiåra etter krigen.

Ufortent lojalitet

Men det gjorde også NKP, og her burde Arntsen ha vore tydelegare. For kommunistfrykt og antikommunisme var ikkje noko som Einar Gerhardsen fann opp på Kråkerøy. Stalins Sovjet var eit land som – rett nok med motsett forteikn – oppviste mange av dei same trekka som Nazi-Tyskland: diktatur, sensur, hemmeleg politi, torturkammer, konsentrasjonsleirar og dødsdommar. Det same systemet vart innført i landa der Moskva fekk politisk kontroll.

At NKP-leiinga aldri tok klart avstand frå noko av dette, og i tillegg, inspirert frå Sovjetunionen, gjennomførte ein brutal utreinskingsprosess av nokre av dei mest aktive motstandskjemparane frå krigsåra, var fullstendig undergravande for tilliten til partiet.

Arntsen omtalar sjølv ein av dei som fekk nok. Halvor Tjelmeland, den seinare markante gymnaslektoren på Bryne, var ein av dei overlevande frå Tjemsland-gruppa. 11. mars 1948, dagen etter at den ikkje-kommunistiske tsjekkoslovakiske utanriksministeren Jan Masaryk vart funnen død på gata i Praha, møtte han personleg opp på partikontoret i Stavanger for å melda seg ut. Andre valde å bli ståande, i lojalitet mot partiet og kommunismen som idé. Det var ein lojalitet som verken dei norske eller dei sovjetiske partitoppane fortente, og som forsterka tragedien til mange gode motstandsfolk.

Publisert: