Er alle menn like?

FILM: Symboltungt og vakkert om menn, skrekk og skuld. Som dessverre skeiar ut i det absurde mot slutten.

Harper kjem til ein idyllisk hage på den britiske landsbygda – og plukkar eit eple av treet. Syndefallet er i gang.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

MEN

Kinopremiere: 03.06.2022. Skuespillere: Jessie Buckley, Rory Kinnear, Gayle Rankin. Sjanger: Drama / Horror. Regi: Alex Garland. Nasjonalitet: USA, 2022. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 1 time, 40 minutt.

Eg er litt usikker på kor mykje eg skal prøva å tolka Alex Garlands «Men». Det er eit kompliment til ein film i horrorsjangeren. Som vel så mykje er eit psykologisk drama. Kanskje. Det er nemleg ikkje heilt godt å seia kva dette er, fordi «Men» er såpass mangfaldig og open for tolking. Heldigvis.

Første scene viser ei kvinne på eit kjøkken. Ho har det tydelegvis ikkje godt. Frå nasen renn det blod. Det skjer fæle ting der heime. Ting som skal festa seg i minnet hennar.

Men filmens eigentlege handling er lagt til eit idyllisk, gammalt hus på den britiske landsbygda. Der går Harper (Buckley) inn i hagen, plukkar eit eple frå treet, tar ein bit. Du treng ikkje vera teolog for å få assosiasjonar til Eva i Edens hage.

I huset møter Harper den lett eksentriske eigaren Geoffrey. Han blir spelt av Rory Kinnear. Eg røper ikkje for mykje når eg avslører at Kinnear spelar alle mennene Harper sidan skal møta, som alle, på kvart sitt vis, er ganske kipe typar. Igjen: Usikker på korleis eg skal tolka dette. Er alle menn eigentleg like? Er alle menn kjipe mot damer? Eksisterer faktisk mennene, eller er alt dette noko som skjer i Harpers hovud?

Det er ikkje første gong Garland bruker sjangerfilm til å dra opp ein diskusjon rundt kjønn. Han gjorde det i «Ex Machina» (2015) og i «Annihilation» (2018) også. Men heldigvis gjer han det på ein måte som ikkje gir tydelege svar, men inviterer deg til å tolka.

I «Men» leikar Garland med skrekkfilmkonvensjonane: Einsam kvinne i tomt hus på landet. Hyggeleg start, veldig vakre naturbilete, stadige hint om mørke og valdeleg utgang. Så eit valdeleg klimaks. Der ramla eg av, rett og slett fordi det heile sporar av. Strengt tatt ikkje i det valdelege eller blodige, men i surrealisme og absurditetar.

Og akkurat den delen skal eg definitivt ikkje prøva å tolka.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Denne filmen om ungdommeleg rå­skap og venn­skap bur du sjå

  2. Musikalsk og visuelt fyrverkeri om Elvis

  3. Charlotte Rampling briljerer som alkoholisert og kjip bestemor

  4. Vår anmelder om enda en Jurassic-oppfølger: Nå må det være nok!

  5. Er alle menn like?

  6. Dette er Obama sin favoritt-western. Det kan eg godt forstå

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. Film