Kort og lettvint

BOK: Thomas Piketty er nok best i mursteinsformat.

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Thomas Piketty: En kort historie om likhet. Omsett frå fransk av Eve-Marie Lund. 316 sider. Cappelen Damm.

Thomas Pikettys bok «Kapitalen i det 21. århundre» frå 2013 har fått stort gjennomslag i den offentlege debatten det siste tiåret. I kjølvatnet av finanskrisa var det eit lydhøyrt publikum for den franske økonomen sine teoriar om økonomiske forskjellar, sjølv om dei færraste truleg las mursteinen frå første til siste side.

Piketty innrømmer at han ofte møter lesarar som etterlyser ein kortare og meir lesarvennleg versjon av forskinga hans, og «En kort historie om likhet» er delvis eit svar på dette ønsket. Dessutan vil han presentera eit meir optimistisk historisk perspektiv, nemleg at den lange linja i økonomisk historie går i retning av større likskap mellom folk. Då snakkar me om tida frå den franske revolusjonen på slutten av 1700-talet og fram til i dag. Sjølv om utviklinga fekk ein knekk omkring 1980 og forskjellane i mange land har auka sidan då, er verda framleis meir egalitær enn ho var i 1900 eller 1950, slår Piketty fast.

Boka er dels ei økonomisk historie i fugleperspektiv, dela eit politisk kampskrift som skal inspirera til ny kamp for større likskap. Denne kombinasjonen lukkast ikkje spesielt godt. Piketty er på sitt beste når han dokumenterer samanhengar og gir oss ny og ofte overraskande innsikt. Og det finst ein del grafar som gir oss aha-opplevingar også i denne boka. 

Thomas Piketty vart superstjerne mest over natta då han ga ut «Kapitalen i det 21. århundre» i 2013. Her frå eit bokbad i Cambridge, Massachusetts, USA året etter.

Men ofte blir det for lettvint. Han hevdar at «alt kan endre seg svært fort» ved politisk-økonomiske grep, men han er ikkje overbevisande. Det finst eit rom mellom det økonomisk-teoretiske laboratoriet og den reine moralske impulsen der Piketty sjeldan går inn. Han skriv lite om styresett, kultur eller korrupsjon, og boka har få spor etter innsikter frå åtferdsøkonomisk kunnskap.  

Suksessen som tok slutt 

Det er forunderleg, for innleiingsvis åtvarar han den som vil forandra verda mot å ta for lett på bygginga av nye, alternative institusjonar. Spora frå den sovjetiske byråkratiske sentralismen  skremmer også Piketty. Det same gjer Kina, som utviklar seg mot det han kallar eit «perfekt digitalt diktatur». 

Piketty viser gjerne til perioden 1914-1980, som i Vesten – med unntak av eit par krigar – etter hans meining var ein lykkeleg periode i kampen for større likskap og meir velferd. Han leverer blant anna eit interessant forsvar for dei sterkt progressive skattesatsane i åra etter 2. verdskrig (USA kom opp i 72 prosent skatt på dei høgaste inntektene), som han meiner var ein «enorm historisk suksess». Leiarlønningane vart haldne nede, det var uansett liten vits i å betala sjefane meir når mesteparten gjekk i skatt. Forskjellar vart jamna ut, samstundes som produktivitetsveksten var dobbelt så høg som på 2000-talet.

Det som ein då kan lura på, er kvifor denne suksessformelen vart kasta på dør i land etter land på 1980-talet, til fordel for ein nyliberal økonomisk modell. Hadde systemet innebygde svake punkt som dagens forkjemparar for større likskap burde studera? I dette og andre spørsmål som ropar på kritisk sjølvransaking, får me lite hjelp av Piketty.

Uklare utopiar

Til gjengjeld er han raus med utopiske forslag: 2 prosent global skatt på formuer over 10 millionar euro, ein minimumsarv til alle på 120.000 euro og ei overnasjonal demokratisk forsamling  med ansvar for globale offentlege gode og med global skatterett. Det heile munnar ut i ein nokså uklar visjon om noko Piketty kallar «allmenngyldig suverenisme». Om det skal bli eit politisk program, bør det nok utformast i tydelegare ordelag av andre.

Les også

Han kjemper for mer likhet. Piketty vil ha tilbake penger fra de rikeste

Piketty kvalifiserer seg nok neppe til nokon språkpris denne gongen heller. Eg har ikkje lese originalen, men har ein mistanke om at den norske teksten ikkje i tilstrekkeleg grad har fridd seg frå forfattarens ordrike franske stil. Kunstige ord som «livegenhet», «dominasjon», «reaksjonsmessig» og «flertallsvedta» gjer det ikkje betre.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Sprudlende flott roman

  2. Et lite mesterverk

  3. Klimaangst og økosorg

  4. Bøkene hans er solgt til 19 land – og denne romanen er skjønn

  5. Varg Veum er krimlitteraturens norske helt – nå prøver han seg på et mysterium fra virkeligheten

  6. Eks-stortings­politikar debuterer som for­fattar – vår kritikar er passe nøgd

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Økonomi