Plaga mann spelar poker
FILM: Frå innsida av amerikanske kasino – og torturen i Abu Ghraib.
- Jan ZahlKulturjournalist
The card counter
Kinopremiere: 19.11.2021. Med: Oscar Isaac, Tiffany Haddish, Willem Dafoe, Tye Sheridan. Sjanger: Drama / Thriller. Regi: Paul Schrader. Nasjonalitet: USA, 2021. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 1 time, 49 minutt.
Paul Schrader er ein av desse legendariske filmfolka. Han har vore med å skrive manus på fire av Martin Scorseses filmar, som «Taxi Driver» (1976) og «Raging Bull» (1980), og har i tillegg regissert ein haug filmar sidan debuten i 1978. Han er mannen bak filmar som «American Gigolo» (1980) og oscarnominerte «First Reformed» 2017.
Schrader vaks opp i ein strengt religiøs og kalvinistisk familie – og fekk ikkje gå på kino. Han såg sin første film då han var 17 år. Som vaksen filmskapar har han vore oppteken av skuld og – ikkje minst – skuldkjensle.
Okei, møt William Tillich (Oscar Isaac). Det vil seia: Det går ein halvtime av «The Card Counter» før me får vita at det er det han heiter. Fram til då veit me at han har sete mange år i fengsel, at han på eitt vis sette pris på rutinane der, at han har sine faste, petimeteraktige ritual kvar gong han tek inn på motell. Og at han reiser rundt om i USA, aleine, og levera av å spela kort. Han lærte seg nemleg å telja og hugsa kort veldig godt dei åra han sat i fengsel. Der hadde han veldig god tid til sånt. Og til å lesa tunge bøker.
Men det er også tydeleg at denne mannen har ei fortid. At her er noko som plagar han. Eg røper ikkje for mykje når eg seier at Tillich har vore i den amerikanske fangeleiren Abu Ghraib. Ikkje som innsett, men som tilsett. Som ein av dei som har pint og plaga dei innsette.
Dette piner og plagar Tillich. For ein ting er å sona for handlingane sine i fengsel. Men blir du nokon gong ferdig med den moralske soninga? Kva kan han gjera for å få fred?
«The Card Counter» beveger seg sakte framover. Kanskje litt for sakte. Me får bli med inn i ei merkeleg side av det amerikanske samfunnet, kasino og gambling, samtidig som Schrader tematiserer etterdønningane av USAs skuld i fangeleirane. Isaac ber på mange måtar filmen, med sitt glitrande underspel. Vil du sjå ei plaga mann, sjå denne.
Film- og tv-anmeldelser
Altfor mye av alt
Hvordan er det å være 15 år og plutselig oppdage at snille og kjærlige far er en kriminell?
En heller svak og forutsigbar kjærlighetshistorie i en veldig fransk ramme
Morsom, men tynn ninja-oppfølger
Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...
Manuset er nesten komisk svakt. Og skodespelet. Og regien
Mest lest akkurat nå
Her er Pøbel sitt svar på Haaland-kommentar
Bilbrann nær butikk i Hillevåg
De var et av Norges største rockeband. Så raknet det
Du skal lete lenge etter en bedre grillopplevelse enn den du får her
Navnet frigitt etter dødsulykke på Sørlandet
Hvis samboeren vil ha fred, foreslår hun gjerne at Kenneth skal ta en tur i garasjen
Aftenbladet anbefaler
Tiril (11) har anoreksi. Flere ganger har hun blitt tvangsflyttet av politi
Politiet gjorde alkoholfunn i konteiner: Butikksjef erkjenner salg av smuglerøl og -sprit
Etter «vaksine-brevet» begynte Heart å føle press. Nå melder hun seg ut av MDG
Flere titalls menn skal ha kjøpt seksualiserte bilder og filmer av den mindreårige jenta