Tull og tøys med Tom

FILM: Den første Venom-filmen var kanskje ikkje det store. Den andre er dårlegare.

Journalisten Eddie (Tom Hardy), monsteret Venom – og ei høne. Der har du nivået på «Venom: Let There Be Carnage».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 2 out of 6

VENOM: LET THERE BE CARNAGE

Kinopremiere: 19.11.2021. Med: Tom Hardy, Michelle Williams, Woody Harrelson, Naomie Harris, Reid Scott, Stephen Graham. Sjanger: Action Regi: Andy Serkis. Nasjonalitet: USA, 2021. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time, 37 minutt.

Me er inne i ein dårleg Marvel-stim. Bevares, eg har hatt mang ei gledesstund med fleire av filmane frå teikneserieuniverset som har skylt over verda som ein gigantisk pengemaskin dei siste åra. Men dei to nyaste Marvel-filmane me har fått presentert dei to siste vekene, er verkeleg ikkje noko å ropa hurra for.

Den nye superheltfilmen «Eternals» var framfor alt superkjedeleg. Mens Venom-oppfølgaren «Let There Be Carnage» rett og slett blir for dum til å engasjera. Ikkje lo eg og ikkje blei eg underhalden.

Journalisten Eddie Brock (Hardy) lever i ein slags symbiose med det svarte og tannrike monsteret Venom – som han strengt tatt prøver å undertrykka og halda styr på. Det er til dømes ei utfordring om du går og ber på eit mønster som aller helst vil eta menneskehjernar for å halda organismen i gang.

Men denne kampen med seg sjølv fører dessverre til ein av mange svakheiter ved filmen. Store delar av tida på lerretet går nemleg med til at Eddie går rundt og snakkar og slost med seg sjølv. Det er godt under middels interessant å sjå og høyra på i lengda.

Men så kryssar Eddie vegar med seriemordaren Cletus Kasady (Harrelson), som via ein del omvegar skal føra til nokre veldige monsterkampar, blant anna høgt til vers på ein katedral. Her er veldig mange tenner, lange og slimete armar og bein, veldig teikneserieaktige monster det er litt uklart om skal vera skremmande eller komiske. Uansett: CGI-effektmakarane har hatt mykje å gjera her.

Kva er det som gjer at det ikkje fungerer særleg godt? Vel, historia er sjølvsagt syltynn. Men det gjeld jo strengt tatt mang ein film, ikkje minst frå superheltuniverset. Problemet med denne historia er at ho i tillegg er omtrent like engasjerande som ein kopp lunken te.

Dei beste superheltfilmane klarer å bringa inn ein menneskeleg, gjerne mørk, dimensjon, sjølv om dei altså handlar om folk som kan fly eller har andre, elleville superkrefter. Som ein av mine favorittar «Logan: The Wolverine» (2017). Og/eller dei tangerer/kommenterer den verkelege verda, sjølv om dei går føre seg i ei komplett urealistisk fantasiverd, som «Black Panther» (2018).

Dei nest beste superheltfilmane er ganske enkelt leikne og morosame. Sånt du ser for pur underhaldning og latter. Men det føreset altså at dei faktisk er leikne, morosame og underhaldande. Som denne filmen er altfor lite av.

Den første Venom-filmen var på sitt vis drøyare både i estetikk og humor – utan å vera veldig god. Oppfølgaren er mindre morosam – og grapsete på ein dum måte.

Eg skulle verkeleg ønska at fascinerande flinke Tom Hardy brukte talentet sitt på noko anna enn å skriva, produsera og spela inn tull og tøys som dette. Kan du ikkje heller bli med på noko bra, igjen, Tom?

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Fargerik julemagi for hele familien

  2. Denne krigs­filmen fekk prestisje­pris i Berlin

  3. Lady Gaga i under­haldande Gucci-drama

  4. Her er filmen om tennis­stjernene Venus og Serena Williams sin veg mot toppen

  5. Disney leverer magi til jul

  6. Den første filmen i Venom-serien var ikkje det store. Den andre er dårlegare

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. Film