Intenst drama om dansk IS-fange

FILM: Velspelt og dramatisk om ung, dansk fotograf som blir kidnappa av IS – basert på sann historie.

Publisert: Publisert:

Daniel Rye sat 13 månader i fangenskap hos terrororganisasjonen IS. Det blei det sidan bok av, og nå film. «13 måneder» blei kåra til årets beste film i Danmark i fjor.

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 5 out of 6

13 måneder

Originaltittel: Ser du månen, Daniel? Med: Espen Smed, Anders W. Berthelsen, Sofie Torp, Toby Kebbel. Sjanger: Drama. Regi: Niels Arden Oplev og Anders W Berthelsen. Nasjonalitet: Danmark, 2019.
Aldersgrense: 15 år. 2 timar 19 minutt.

Daniel Rye var ein lovande dansk turnar. Men når han får eit brot i foten, må han tenkja nytt – og bestemmer seg for å bli fotograf.

Slik hamnar Daniel i Syria, med eit slags naivt mål om å fotografera kvardagslivet i krigens skugge. Ingenting går etter planen. Plutseleg hamnar Daniel sjølv midt i krigens helvete – som fange hos terrororganisasjonen IS. Dei skyr, som kjent, ikkje noko middel i sin fanatiske galmannskamp for kalifatet.

Daniel Rye ville dokumentera situasjonen i Syria som fotograf. I staden blei han teken til fange.

Danske «13 måneder» er basert på den sanne historia om den danske fotografen Daniel Rye, som sat 398 dagar – 13 månader – i fangenskap hos IS i 2013–2014. Då danskane skulle dela ut sin versjon av Oscar/Amanda – Robertprisen – fekk filmen suverent flest nominasjonar. «Ser du månen, Daniel?» – som filmen heiter på originalspråket fekk til slutt prisen både for årets danske film, årets regissør, årets mannlege hovudrolle og årets adapterte manus.

Det er fullt forståeleg.

Daniel Rye opplevde IS-krigaranes brutalitet på nært hald, som fange gjennom 13 lange månader.

«13 måneder» lukkast i å fortelja ei historie full av dramatikk og dilemma, både om Daniel og hans medfangar og om familien heime i Danmark. For samtidig som Daniel blir pina, plaga og torturert i sitt fangenskap, og lever med dødsdommen hengande over seg heile tida, kjempar familien ein desperat kamp for å få han fri.

Dilemmaet er dette: Skal ein forhandla med og betala terroristar løysepengar for å få fri folk dei har teke til fange? Staten Danmark har – som mange andre land – landa på eit prinsipielt «nei». Prinsippet er ikkje vanskeleg å skjønna. Hadde terroristar visst at heimlandet ville betalt millionar av dollar kvar gong dei tok eit vestleg menneske til fange, ville talet på kidnappingar eksplodert.

På den andre sida: Finst det nokon familie som ville akseptert ei slik prinsipiell haldning om det var deira son, bror eller far som blei teken til fange? Sjølvsagt ikkje. Familien heime i Danmark, ein heilt vanleg familie der faren køyrer lastebil og mora jobbar i Legoland, er desperat etter å få sonen heim. Dei har ikkje millionar på konto – men vil gjera alt for å skaffa pengane terroristane krev.

Heime i Danmark kjempar familien ein desperat kamp for å få tak i 15 millionar kroner.

Filmen skildrar dermed ein dobbel kamp. Daniels kamp for å overleva. Og familiens kamp for å få han ut av Syria.

Skodespelarane i alle rollene fungerer veldig godt, enten rollene er store eller små. Jesper Smed gjer ein formidabel innsats som den ulukkelege fangen. Først som ein litt naiv og happy go lucky-aktig type i Danmark – som får seg ei frykteleg oppvakning i Syria.

Kamera ligg tett på Smed. Han får angsten, redselen og desperasjonen til å stå fram som svært overtydande. Det er ikkje dveling eller uttværing av eksplisitte bilete av valden og overgrepa som er det viktigaste verkemiddelet for å få fram den fysiske og psykiske terroren dei internasjonale fangane blir utsette for, men ansikta, kroppane og tankane deira. Resultatet er at du trur på det du ser. Og at sjølv om du veit at Rye overlever, er det spennande å sjå korleis dette går. Det går heller ikkje bra for alle fangane.

Historia inneheld alt ei historie på film krev: Ekte menneske, ekte moralske dilemma, dramatikk på liv og død. Når du i tillegg veit at dette ikkje berre er påfunn og fantasi, men basert på ei verkeleg historie frå ein verkeleg konflikt, blir det heile berre sterkare.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Smitteutbruddet i Haugesund: - Involverer flere hundre mennesker

  2. Ektemannen Artur leter på 11. dagen etter sin kone, Elizbieta

  3. Seilbåt kan bli solgt som hittegods

  4. Stavanger og Sandnes var blant de hardest rammede byene da koronaviruset spredte seg i Norge. Så snudde det brått

  5. Gjedebo-millioner til Innovation Dock - starter opp i Sandnes

  6. Studentsmitte i Bergen og Trondheim - faddergruppe i karantene og fadderarrangement avlyses

  1. Film
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. Danmark
  5. IS