Prostitusjon, homofobi, byråkrati

BOK: Kafka-aktig skildring av livstrugande fordommar og byråkrati.

Publisert: Publisert:

«Heimatt» er den andre posthume romanen frå Jan Roar Leikvoll, som døydde i 2014. Foto: Samlaget

  • Steinar Sivertsen
    Litteraturkritiker

Grade: 4 out of 6

Jan Roar Leikvoll: Heimatt. Roman. Redigert av Christine Leikvoll og David Aasen. 251 sider. Samlaget.

Forfattarskapen til Jan Roar Leikvoll (1974-2014) besto i utgangspunktet av fire røffe, kritikarroste romanar som på originalt vis tematiserer dyret i mennesket, og har eit dystert, misantropisk grunnpreg.

Så blei den langt lysare, bibelsk klingande historia om «Forkynnaren» (2015) publisert posthumt, og no føreligg også «Heimatt», ein tekst som ifølgje eit elleve sider langt etterord er basert på eit ufullført manus redigert av familie og forlag. Det oppviser, slik Christine Leikvoll og redaktør David Aasen ganske riktig påstår, eit romanunivers som er «lagt nærare vår eiga verd» enn det vi elles møter i forfattarskapen. Men at «dei humoristiske, leikne og absurde innslaga er framståande i denne boka», det har eg vanskeleg for å sjå sidan «framandfrykt, homofobi og overvaking» her er dei desidert viktigaste motiva til tendensdiktaren Jan Roar Leikvoll.

«Heimatt» blir fortald i tredje person, og frontfiguren er Ingmar, ein homse som i (den oppdikta, austeuropeiske) industribyen Zorkazavodsk opplevde at kjærasten blei drepen av ein mobb. Då drar han i eksil, til «enklaven», der han blir einaste prostituerte mann på eit populært bordell. Den rolla trivst han i, like til han mistar «opphaldskortet» sitt og gjennomlever eit kafka-liknande mareritt i møtet med eit statleg byråkrati og eit stadig meir framandfiendtleg samfunn som tar frå han elementære demokratiske rettar og gjer at han ser seg tvinga til å måtta flytta «heimatt» igjen, ulovleg og mot eigen vilje.

Det er ikkje vanskeleg å gå med på at dei mange detaljerte byvandringane og byråkratisamanstøytane til hovudpersonen er realistisk utforma, at skildringa av horemamma, kvinnelege prostituerte, mannlege kundar i «den raude bygningen» står til truande, at dvelinga ved insekt og kakerlakkar og referansar til Ingmar (Bergman), Wim (Wenders), Andrej Tarkovskij samt Franz Kafkas «Prosessen» og Gregor Samsa skal ha ein tilsikta symbolsk effekt, at korrupsjon kan vera ei løysing for den som vil vinna fram i det byråkratiske maktspelet eller at konturane av eit stadig meir autoritært, rasistisk overvakingssamfunn som arresterer og deporterer menneske utan lov og dom speglar udemokratiske, valdelege trekk ved dagens høgreradikale, illiberale Europa.

Problemet er at det meste fortonar seg velkjent og lite overrumplande, utan den sjokkarta råskapen som særteiknar Jan Roar Leikvolls første romanar.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Vil kaste Bandidos ut fra hus i Hillevåg

  2. Kjørelærer: – Mange må vente for lenge på å få kjørt opp. Nye bestillingsregler bidrar til kaos

  3. Bytyqis drømme­scoring reddet ett Viking-poeng

  4. Viking-børsen: To kjemperedninger fra Iven Austbø

  5. Eirik Jensen anker til Høyesterett

  6. Turistforeningen fra­råder populær tur ved Lysefjorden

  1. Roman
  2. Bok
  3. Bokanmeldelse
  4. Anmeldelse
  5. Bøker