Ferrante er tilbake

BOK: Oppvakning av dimensjonar i Elena Ferrantes nye roman.

Publisert: Publisert:

Ein kjenner att den språklege råskapen, klarleiken og ordrikdomen frå tidlegare utgjevingar i Elena Ferrantes nye roman, skriv Aftenbladets meldar. Foto: Jonathan Sosa / EyeEm / EyeEm

  • Sofie Braut
    Lektor og skribent

Grade: 5 out of 6

Elena Ferrante (pseudonym): Dei vaksnes løgnaktige liv. 400 sider. Omsett av Kristin Sørsdal. Samlaget.

Den ukjende og mystiske Elena Ferrantes utgjevingar, er fenomen som for lengst har vakse seg ut av formatet ein til vanleg kallar romanlansering. Salstala har vore formidable for bøkene hennar, med Napoli-kvartetten som sjølvsagt flaggskip. I Noreg har Samlaget eit særmerkt grep om utgjevingane, med Kristin Sørsdals distinkte, men likevel nærast transparente og særs vellukka nynorske språkdrakt. 

Desse momenta ligg fast også ved haustens Ferrante-utgjeving, «Dei vaksnes løgnaktige liv». Ein kjenner att den språklege råskapen, klarleiken og ordrikdomen frå tidlegare utgjevingar, og tematikken krinsar rundt ei Napolitansk jente, Giovanna eller Giannì, og hennar oppvekst som einebarn med skjermande foreldre og plettfri danning. Men då ho overhøyrer farens lagnadsmetta kommentar om at ho «begynner å likne på Vittoria», i det ho sjølv omtalar som «ein veldig skjør fase av livet» kjem sterke krefter både i ungjenta sitt indre og i slektsrelasjonar i spel. Dei virvlar den unge Giannì inn i ei oppvakning av dimensjonar. I sentrum for denne malstraumen av hendingar og eksplosive relasjonar dominerer nettopp tante Vittoria; ein karakter som er vanskeleg å gløyma for den som les, og som vekkjer dei mest ambivalente kjensler i hovudpersonen, ikkje minst fordi ho er foreldras fremste nemesis og tabu.

Hos Ferrante ligg dei litterære landskapa som litt overgrodde eventyrskogar, her er personar og situasjonar som ikkje først og fremst er realistiske (sjølv om dei gjerne er det også), dei er i mangt dunkle (slik verkelege menneske er), og set i gang uimotståelege kjedereaksjonar som ein berre må følga til endes. Det finst heilt klart parti som er altfor ordrike og tynga av detaljar, men så opnar det seg stadig bråe stup og briljante glenner, og så vil ein berre vera der når det skjer. Slik er denne merkelege og opplagt tiltrekkjande metodikken som den myteomspunne Ferrante er spesialist på.

Som romantittelen tilseier, er tilhøvet mellom løgn og sanning vesentleg for den oppvaknande Giannì. Allereie tittelen feller ein dom over dei vaksne sin tendens til å velja sine eigne komfortable og tilpassa «sanningar», ofte for å skåna barna. Når barna veks til og snublar borti den meir komplekse røyndomen, kjem ein ikkje vekk frå at slike gode intensjonar like fullt står att som løgnaktige. Romanen gir fleire talande representasjonar i så måte, og eit godt døme er då Giovanni går gjennom ei øskje med fotografi frå foreldra sine tidlegare år. Til og med slik dokumentasjon er retusjert i Giannì sin heim, men det retusjerte held ikkje stand i lengda. Hos Ferrante er ikkje sanning ei slags Ibsensk endeleg løysing for orden og opplysning, men heller noko brutalt og nødvendig; tett forbunde med vonbrot.

Er dette ein danningsroman? I ein forstand, ja, naturlegvis, vi følgjer hovudpersonen gjennom avgjerande barne- og ungdomsår, gjennom seksuell og kjenslemessig oppvakning og i utforskinga av sentrale venskap. Vi er der når det vesentlege skjer og får innblikk i åndeleg og intellektuell lengt. Her er Ferrante streng og usentimental i skildringane og det skaper strålande litteratur. Men på den andre sida er det også så mykje som unge Giannì må avlæra av alt som er blitt prenta inn i henne av danning på det som for henne er falske premiss. Forfattaren leikar seg med danningsromanen, og det språkleg medvitet som Ferrante alltid finn rom for, saman med ein type likefram livsvisdom skaper uventa humor og varme. Giannì seier på eit tidspunkt til presten Don Giacomo: «Eg føler eg er stygg, har ein fæl personlegdom og likevel ønskjer eg å bli elska». Talande nok får ikkje den vaksne med seg hjartesukket, men hovudpersonen må sjølv dukka ned i det slitne og skitne, læra at også dette er ein del av henne og finna seg ein veg. Romanen følgjer henne frå ho er 12 til ho er 16, og ein kan på ingen måte utelukka at ikkje Giovanna også vert å finna som hovudperson i komande utgjevingar.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kommunen har gjeld til langt opp over ørene: - Uten den lave renta hadde dette vært en økonomisk katastrofe

  2. Stavanger-politiker søker om fritak fra sine politiske verv: – Livet sier «stopp litt nå» til meg

  3. – Trippelen var en kjekk og spennende utfordring

  4. Lærere med hoved­fag klarer ikke løse nye eksamens­oppgaver for mate­matikk i videre­gående: – Vi føler oss maktes­løse

  5. 13 fikk bot på E39

  6. Hytta er 15 minutter hjemmefra: – Veien er kort, men jeg har følelsen av å være langt til fjells

  1. Bokanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Elena Ferrante
  4. Litteratur
  5. Roman