Melgaard + Munch = sant

Munchmuseet viser stor kunst i utstillinga «Melgaard+Munch – the end of it all has already happened».

Publisert: Publisert:

Munch sine «Vampyr» og «Pubertet» saman med ein naken unggut og montert på ein bakgrunn av barnepornografi er sterk kost, for sterk for mange. Bjarne Melgaard ønskjer å utforske den seksuelle relasjonen vaksne utøver mot barn, og korleis seksualitet vert forma. Foto: Munchmuseet

  • Berit Moltu
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Ser Edvard Munch og Bjarne Melgaard kanskje det same her? Eigentleg? Foto: Munchmuseet

Edvard Munchs «Kysset» spegla i langt større format av Melgaard, med naivistiske skriveri (og tilsynelatande skrivefeil), i barnleg, teikneserieaktig strek. Foto: Munchmuseet

Koselege «Skater rats» ved første blikk, men slett ikkje så uskuldige, om ein ser etter. Foto: Munchmuseet

  • _«Ullevaal stadion: Han ser seg forundra rundt. Kva er det dei eigentleg roper rundt han, kan det vere? Høyrer han rett? Det er som om dette havet av vanlege familiefedrar, unge og gamle menn og elles danna publikum plutseleg har blitt gjort om til ein gjeng glefsande ulvar som taktfast roper «Rævkøyr han! Rævkøyr han!»

Plutseleg hugsa han, det vesle barnet, den anale valdtekta, den totale fornedringa og skamma»._

Berit Moltu.

Eit enormt kick og ein intellektuell fest av dei sjeldne ventar deg ved å gå inn i Bjarne Melgaard sine verk som no er stilte ut i eit møte med Edvard Munch på Munchmuseet i Oslo. Er dette den same kunstnaren og den same utstillinga som har fått Munchs arvingar til å rase om vanæring av Munch, som har fått kunstkritikarar og journalistar til å be museet stenge utstillinga, setje aldersgrense for barn, og som òg har blitt meldt til politiet med skuldingar for å vere barnepornografisk?Ja.

Collage av tematiske soner

Munchmuseet har med møtet mellom Melgaard og Munch starta ei serie på seks utstillingar som vert vist i løpet av to år, Munch i møte med både nolevande og avdøde mannlege kunstnarar som Melgaard, Van Gogh, Vigeland, Mapplethorpe, Jasper Johns og Asgeir Jorn.

Munchmuseet har satsa på kvalitet og invitert inn Snøhetta til å lage inngangsparti, romløysing og katalog for utstillinga. Det meste av utstillinga er kuratert av Lars Toft-Eriksen, men eitt rom er tildelt Melgaard og eit heilt nytt verk. Dette høvet for ein nolevande kunstnars intervensjon går Munchmuseet glipp av i dei andre møta, då det er avdøde kunstnarar, med unntak av Jasper Jorn på 84 år, som er valde ut. Melgaard har føreslått både fargepalettar for Snøhetta, ideen om collage og fototapet, noko som gjer at hans avtrykk òg er å finne og på den kuraterte delen av utstillinga.

Melgaard er eit overflødigheitshorn av ein kunstnar som skaper, uttrykkjer og kommuniserer i alle kanalar og medium samstundes.

Der er opplagte parallellar i tematikk og malerisk stil (ekspressivitet) mellom Munch og Melgaard. Fokuset hos begge er på seksualitet , sjukdom og død, men òg dei mentale tilstandar som vi finn i Munchs kunst, som angst, einsemd, hor, sjalusi, raseri, sanselaus rus, fortaping og djup depresjon, vert utforska av Melgaard . Utstillinga er organisert i tematiske collagar rundt desse tema. Melgaard speglar ein sivilisasjon som han meiner allereie har gått åt helvete. I så måte er dette ei dystopisk utstilling. Slutten på det heile har allereie hendt…

Men det mest interessante i denne utstillinga ligg ikkje i den direkte ein-til-ein-samanlikninga mellom Munch og Melgaard, men i metakommentaren som vert skapt i dette møtet.

Alt er tekst

Melgaard er eit overflødigheitshorn av ein kunstnar som skaper, uttrykkjer og kommuniserer i alle kanalar og medium samstundes. Frå maleri, teikning, skulptur, ulike former for installasjonar, video og no ikkje minst musikk. Mange av verka hans har eigne soundtrack sett saman av populær— og samtidsmusikk. Det er deilig intellektuelt og estetisk stimulerande og krevjande, samstundes som det er emosjonelt provoserande å vandre rundt i utstillinga. Humoren ligg på lur under, humringa og gleda han vekker i oss på jakt etter å oppdage og skape stadig nye koplingar, intertekstualitet og lag på lag med meining. Verka og møtet framstår som ein tett vev av forteljingar, ein slags multimedial hypertekst.

Collageforma i utstillinga og mangel på verklister understreker dette poenget. Melgaard har ei intens kraft, og det er ein flaum som bombarderer oss frå det han skaper og uttrykkjer. Det er så ein vert reint utmatta i forsøket på å gå inn i alt. Utstillinga kan nok for mange verke kaotisk og krevjande å halde seg til. Her er så mykje. Det er ei kompleks samansetting av objekt som publikum må navigere seg rundt i utan anna kart og kompass enn populærkulturen og si eiga oppfatning av røyndomen.

Muser og kunnskapskjelder

Vi blir som publikum pedagogisk losjert inn i ein kinosal før vi går til utstillinga der tre–fire filmar vert viste. Her er eit par av Melgaard sine eigne videoar frå 2011, som kan reknast som nøkkelverk til kunstnarskapen hans, i tillegg til nylaga filmar knytte til Munch+Melgaaard-utstillinga: Melgaard i ulike samtalar med kurator om prosessen rundt å lage denne utstillinga, og ein video av Melgaard si tildekking til Munchs «Skrik» - med vår tids skrik, eit kornete dokumentarfoto frå internettets indre mørke krokar; ein mann med plastpose over hovudet som får seksuell utløysing i det han ser ut til å bli kvelt av henging. Men meir interessant er Melgaard sine filmar; «After Shelly Duvall ’72» (Frogs on the High Line), der Melgaard er i samtale med to av New York-kunstverda sine kunstkritikarar, galleristen Alissa Bennett (Luxembourg & Dayan) og redaktøren Caroline Busta (Art Forum). Samtalane, som problematiserer relasjonen offer og terrorist, føregår både vekselvis og simultant med ein samtale med psykiateren og løfter fram dei mediale samtalar som føregår på mange plan i kunstnarskapen til Melgaard.

Gåvene er alle mogleg ubehagelege ting som sprøytespissar med blod, ulike ekskrement og lukter etc.

Det heile er sett i scene som eit møte mellom «the Beauty and the Beast», og det er noko uhyggeleg ved Bjarne Melgaards ruvande anabole-steroide, fulle skikkelse når han sperrar augo opp i samtale med den nydelege, tilsynelatande uskyldige, yndige Caroline Busta, der han sit lett henslengt, pent dresskledd i ein lenestol, men med eit par store gummihanskar på som er som «matter out of place» i dette biletet. Kanskje snur Melgaard her ut inn på den vante førestillinga om samfunnet som mest ikkje vil ta i homofile utan med hanskar på i frykt for å bli smitta. Her er det Melgaard som har hanskane på, i eit møte med det som vert rekna som det normative, det normale.

Samtalen med Alissa Bennett startar med ei overrekking av ulike innpakka gåver frå Melgaard som ho vert bedt om å gjette på og pakke ut. Gåvene er alle mogleg ubehagelege ting som sprøytespissar med blod, ulike ekskrement og lukter etc. Dei er suvenirar frå alle dei destruktive, valdelege subkulturar Melgaard oppsøkjer og utforskar i sin kunst. Alissa Bennett er muse for artistar som Bjarne Melgaard, dvs. ei som inspirerer eller er inspirasjon i seg sjølv for skaparevna eller skapinga av kunst, den kreative prosessen, med andre ord ei kjelde til kunnskap.

Nøkkelverk

Til tross for Melgaard sin konnotasjon med pop art-element, teikneseriar, naivistiske skriveri på maleria hans, av og til med tilsynelatande skrivefeil, den direkte, barnlege teikneserieaktige streken (kanskje mest direkte inspirert av ein kunstnar som Meg Cranston), har vi å gjere med ein intellektuell, belest og kunnskapsrik kunstnar, som òg har opptredd som gjesteprofessor ved Università IUAV di Venezia, der han leia eit undervisningsprosjekt om aids og kunsten si muligheit til å endre verda; «Beyond Death: Virtual Discontents and Contemporary Notions about AIDS». Her oppsummerer han mange av dei idear og betraktningar han har jobba mykje med dei siste 10 åra.

Dette ser vi og klart i det andre nøkkelverket vi får tilgang til innleiingsvis, om vi tek oss tid, kunstvideoen der Melgaard intervjuar den amerikanske professor emiritus ved Berkeley University, litteraturvitaren Leo Bersani. Leo Bersani forskar innan «Queer Theory» og er kjend for bøker som «Is the Rectum a Grave?» og «Intimacies», der han diskuterer problem og muligheiter for menneskeleg intimitet.

Leo Bersani si forsking har vore i skjæringspunktet mellom seksualitet, psykoanalyse og estetikk. I samtalen diskuterer dei fenomenet «barebacking» (ubeskytta analsex) og korleis ein har gått frå å vere redde for å få hiv/aids til å erotiserer hiv-viruset gjennom dette fenomenet, der folk bevisst vil bli smitta, nokon òg ved å skrubbe anus for å vere sikker på å blø og slik lukkast i smittinga.

Ifølgje Bersani er der noko å hente på å utforske dei negative elementa i ein kultur, ting som står i opposisjon til ein sosial orden. Gjennom å gå inn i negative rom i samfunnet kan ein få ein nøkkel og kan vere ei kjelde til sosiale reformer. Ein slags subversiv impuls.

Melgaard ønskjer å utforske den seksuelle relasjonen vaksne utøver mot barn, og korleis seksualitet vert forma.

Ifølgje Melgaard syner fenomenet ei ekstrem form for seksuell nevrose, der kroppen vert gjort om til ei krigssone. Melgaard trur ikkje det har å gjere med eit dødsønskje, men meir med ei emosjonell framandgjering. Melgaard deler Munch sitt dystopiske verdenssyn, der han mislukkast i å tru at ein mellommenneskeleg relasjon var mogleg. Ì så måte er det noko fundamentalt antisosialt ved Munch. Noko som han meiner har stor relevans i dag.

Dei fleste som besøkjer utstillinga, hoppar nok bukk over desse innleiande videoane som inngang til utstillinga, og går dermed glipp av viktige nøklar av innsikt.

Barnepornografi?

Melgaard oppsøkjer og subkulturar og det meir tabubelagte, som det amerikanske tidsskriftet NABLA (North American Man/Boy Love Assosiation), eit tidsskrift som har som mål å fremje legalisering av pedofili. Tidsskriftet var på 1990-talet knytt til pedofile miljø. Ein collage med tilsynelatande materiale frå dette tidsskriftet, sett saman med Munch sitt bilete «Pubertet», er naturleg nok ein av collagane som har sett sinna mest i kok. Melgaard ønskjer å utforske den seksuelle relasjonen vaksne utøver mot barn, og korleis seksualitet vert forma.

Eit anna verk som òg har sett sinna i kok og òg blitt meldt til politiet, er det 40 minuttar lange videoverket «All gym queens deserves to die» frå 2000 (tittelen spelar på ei sak i amerikansk media, der ein kvinneleg gymlærar vart pågripen og meldt for overgrep mot unge gutar). Der viser Melgaard i ca. eit minutt ein mann som syg på handa til ein eittårig jentebaby som vert halden opp for han av ein annan mann. Verket inneheld òg sex mellom menneske og dyr og ein seksualisert relasjon med ein persone med Downs syndrom. Videoen syner vidare klipp frå «Planet of the apes», ein hai som jagar eit åte, i tillegg til ein forsmådd elskar. Samanstillinga peikar inn i at mennesket er dyr når det kjem til sex og seksualitet, og i stand til det meste. Melgaard ønskjer å spegle eit samfunn der vald og øydelegging er til stades, ei verd med overgrep og der barn vert objektivert og seksualisert.

Kunst er, ifølgje Melgaard, ein stad der desse problemstillingane kan diskuterast. Ifølgje Bersani er kunst ein ny måte å kople seg til verda att, ein måte å bli heil igjen på , ein måte å skape meining og tilknyting på, der denne har blitt broten.

Bjarne Melgaard set seg sjølv i scene i kunsten sin. Autofiksjon kallar han det, noko midt i mellom fiksjon og røyndom, noko som lever sitt eige liv.

AutofiksjonNorske kunsthistorikarar har hatt ein lei tendens til ei ein-til-ein-lesing mellom kunstnaren og verk. Dette ser vi ofte er gjort med Munch. Den biografiske lesinga kan fort bli eit overgrep både på kunstnaren og verket.

Grepet med å introdusere ein «jeg-person» som fiktiv hending gir ein inngangsport til å gå inn i mange hendingar og erfaringar som du elles ikkje kan gjere som person. Grepet skaper ein viss distanse som gjer dette mogleg. Melgaard kallar dette autofiksjon. Der er både noko autobiografisk i verka, samstundes som det er noko fiktivt i dei.

Verka er verken eit uttykk for kunstnaren, hans private liv og erfaringar, ei heller er dei berre rein fiksjon. Det autofiktive er ein slags hybrid, noko midt i mellom fiksjon og røyndom, som lever sitt eige liv. Dette gjev ein enorm fridom og ein beskyttelse for kunstnaren. På eit nivå er all erkjenning som skjer i den skapande verksemda til ein kunstnar eit sorgarbeid. Melgaard kan òg på denne måten sette seg sjølv i scene i verka sine. Dette gir oss heile tida ei viss form for tvil når vi ser på verka. Personen, det levde liv og kunsten heng tett saman, men òg det livet han ikkje har levd. Men verka inneheld uansett nokre allmennmenneskelege erfaringar.

Resepsjonen av utstillinga kan sjåast mot eit veldig verksamt norsk krav om autentisitet og ekteheit. Men vel så interessant kan det usanne vere, ein ikkje truverdig personlegdom. Ei interessant løgn kan vere meir verksam enn ei keisam sanning. Vi endar her opp med kva som vil fungere. I USA er ein betre til å lese eit verk opp mot ein meir kompleks bakgrunn enn i Noreg, meiner Melgaard.

Daddy's pussy

Tilsynelatande eit standard kaotisk barnerom, ved første augekast, men installasjonen «Daddy's Pussy» er alt anna en koseleg. Foto: Munchmuseet

Melgaard sitt nye verk laga spesielt til denne utstillinga er, etter hans eige ønskje, plassert midt i hjertet av Munch+Melgaard-utstillinga. Verka elles kommuniserer med kvarandre på alle moglege plan, men her har vi eit element som er framand i utstillinga, som er annleis enn dei andre roma – og som slik sett boikottar eller gjer opposisjon til heile prosjektet med Munch.Ved første augeblink kan det sjå ut som eit litt standard kaotisk barnerom vi har kome inn i, med ei overflod av leikedyr, klede, puter og krimskrams. Her er dokker, teikningar og speglar. Her er eit uttal av Australias pungdyr (Melgaard vart født i Sydney), denne gongen er dei i form av ein del skulpturar kalla «Skater Rats», som alle ved nærare ettersyn framstår med erigerte og blotta kjønnsorgan.

I dette rommet har han òg lage ein del nye maleri som òg inkluderer dokker, masker og klede. Dongerykleda er laga av motefirmaet 69 i Los Angeles, som Melgaard har eit samarbeid med . Det er mote og musikk som for tida inspirerer han mest. Elles er der klede frå Melgaard sin tidlegare eigne klesproduksjon kalla «The Casual pleasure of disappointments». Melgaard har òg sett saman eit eige soundtrack med populærmusikk til dette romet. Frank Zappa’s «Bobby Brown» og Chic’s «I want your love» surrar og går.

Melgaard spelar i desse nye verka på det mangetydige i kommersialisering og moteindustri, seksualisering av barn og barndom gjennom mote, her er det stor industri, store pengar på spel. Barndommens rom har blitt intervenert av voksenverda, kapitalisme og kommersialitet. Men mote er òg skjønnheit. Forføringselementet er viktig i moteverda, både det tiltrekkande og det fråstøytande.

I møtet med Melgaard vert Munch på ein mesterleg måte vekt til live gjennom dette dristige og nyskapande møtet og ein ny kontekst, som Melgaard gir.

Rommet er tapetsert med ein veggtapet der eit bilete av ein ung gut som har sex med ein dragefigur vert sett saman til ein slags fraktal-mønstra tapet som omsluttar oss heilt. Den særs ubehageleg og urovekkjande tittelen på heile installasjonen, «Daddy's Pussy», gjer dette som i første augekast ser ut som eit morosamt barnerom, om til noko uhyggeleg. Berre eit tastetrykk unna ein uendeleg flom av pornografi med same namn. Tittelinnramminga gjer òg kunstikonet Munch om til ein «bad daddy», som ein bør gjere opprør mot.

Den nær forbindelsen til dyr er til stades i heile kunstnarskapen til Melgaard. Vi ser òg dette att i dei små dyreskulpturane, installasjonen der eit gjengangstema i fleire av skulpturane er mennesket som søkjer trøyst i omfamning med eit dyr. I hans polaroide bilete av seg sjølv med sine hundar, klistra opp i collagen, kjem Melgaards gutteaktige sjarm fram. Og andre meir pin-up-liknande polaroidar av Melgaard, kikkande opp i bar overkropp, syner unekteleg Melgaard som ein svært sexy mann. Han har tidlegare sagt at han har to motto ilivet: 1. To earn a lot og 2. To fuck as much as possible. Ser vi på denne installasjonen, er eg overtydd om at han vil lukkast med begge deler .

The end of it all has already happened

Ein implikasjon av Melgaard sitt kunstsyn, er at verka lever litt sine eigne liv etter at dei har forlate kunstnaren. «The end of it all has already happened». Melgaard har gestalta sine lag med meining inn i kunstverka, men i kurateringa og samanstillinga oppstår det nye gestaltar, nye meiningar som ikkje Melgaard sjølv nødvendigvis hadde tenkt på. Han ser nye ting i sine verk når dei er utstilte slik. Og vi som tilskodarar legg inn vårt eige, våre eigne erfaringar og referansar i dette møtet med Melgaard sin kunst, og vi skaper vidare. Melgaard gir i utstillinga ein kommentar til installasjonskunst. Du kan ikkje rekonstruere han. I den augneblinken han er i rommet, så er han der. Etterpå vert det ikkje det same. Rekonstruksjonen av ein installasjon vert noko falskt. Kva gjer ein med 10 år gamle installasjonar, restar av verk? Dei vert berre gjort om til overflate i utstillinga.

Slik sett kan vi seie at Munch lenge har vore død på Munchmuseet. I møtet med Melgaard vert Munch på ein mesterleg måte vekt til live gjennom dette dristige og nyskapande møtet og ein ny kontekst, som Melgaard gir.

Resepsjonen, sluttkommentar

Kva ville det vesle barnet innleiingsvis vere mest tent med, eit samfunn som teier om barnet sine erfaringar for det offentlege rom, som skyv erfaringane under teppet som om dei ikkje eksisterte? Eller som Melgaard gjer, løfter fenomena fram, enten vi likar dei eller ikkje, det vonde er òg ein del av det å vere menneske. Til resepsjonen og Melgaard-kritikarane trur eg dette barnet ville seie: «Fuck you, I hate people!»

  • Sjå videoar og høyr soundtrack på Munchmuseets nettside

Les også

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Oppfordrer til Halloween-feiring for de minste barna

  2. Sykefraværet gikk ned, men ikke nok. Nå får de en sjanse til

  3. Silje fikk topp­karakterer og er ingeniør. Nå jobber hun i kles­butikk

  4. To nye smittetilfeller i Sandnes onsdag

  5. Klar melding til egen minister: Grav ut Domkirken!

  6. Gutt påkjørt på Bryne