"Amerika" og "Vandring" på Kapittel

Espen Røsbak har valt tema for dei to neste Kapittel-festivalane. I 2015 skal litteraturfestivalen ta for seg "Amerika". I 2016 er det Obstfelder-jubileum og Kapittel skal handla om "Vandring".

Publisert: Publisert:

Go west: Festivalsjef Espen Røsbak skal nok drøyma ein del om Amerika før han har programmet til Kapittel 15 klart. Foto: Kristian Jacobsen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

— Me trur me veit så mykje om USA og Amerika. Men eigentleg veit me nok ganske lite, seier festivalsjef Espen Røsbak.

Når Kapittel – Stavangers internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom – opnar dørene 16. september, skal det i fem dagar handla om "Amerika".

Metaforen "Amerika"

— Omgrepet og assosiasjonane rundt "Amerika" blir minst like viktige for programmet vårt som det geografiske kontinentet Amerika, seier Røsbak, som meiner kulturinntrykk frå den andre sida av Atlanteren og "det amerikanske" pregar oss kvar dag.

— Ein gong var retninga motsett; Europa eksporterte folk og kultur til Amerika.

— Kva assosiasjonar får du sjølv når du høyrer ordet "Amerika"?

— Eg tenkjer med éin gong på USA.

— Som norsk kulturliv har eit ambivalent forhold til. For samtidig som me er sterkt påverka av USA, er mange sterkt kritiske og meiner USA er rota til mykje vondt?

— Absolutt. Det finst dei som elskar alt amerikansk, men det kritiske perspektivet dominerer nok i kulturfeltet. Og det er ikkje så vanskeleg å skjøna, med tanke på krigen mot terror og eit faktum som at ein forbausande stor del av uutdanna afro-amerikanarar til ei kvar tid sit i fengsel. For sjølv om USA er eit stort demokrati, har dei store menneskerettsutfordringar.

Litterært fyrtårn?

Røsbak har ein personleg motivasjon bak temaet også: Han kjenner ikkje amerikanske litteratur særleg godt.

— Eg er nysgjerrig på å finna ut meir, og håper andre også er det. Er USA staden der dei viktigaste litterære nyvinningane skjer i dag, eller har me eit for ukritisk forhold til amerikansk litteratur, undrar Røsbak.

Som Kjartan Fløgstad har påpeikt i sin legendariske, satiriske tekst "Ikkje Amerika, men Amerika", består Amerika av to kontinent. Røsbak seier dei kjem til å jobba for å få perspektiv både frå nord og sør, kanskje spesielt om rørsla mellom nord og sør.

— Var poenget å bare sjå på USA, hadde me sagt det. Men nå skal me altså sjå på heile Amerika med eit norsk og europeisk blikk.

To jubileum

Både "Amerika" og "Vandring"-temaet er knytt opp mot jubileumsfeiringar av rogalandsforfattarar på heimebane. I 2015 er det 100 år sidan Alfred Hauge blei fødd. Hauges viktigaste bidrag til norsk litteratur er romantrilogien om Cleng Peerson, kvekaren som blei pioneren for norsk utvandring på 1800-talet - frå Stavanger. Peerson er dermed ein viktig opphavsperson til mytane om USA som "mulighetens land".

— Eg må tilstå at eg hadde "Amerika" på blokka før eg visste at det var Hauge-jubileum. Men "Vandring"-temaet er direkte knytt til Obstfelder-jubileet som markerer at det er 150 år sidan han blei fødd, seier Røsbak.

Obstfelder var ein av Skandinavias viktigaste tidlegmodernistar, og Røsbak ser forfattaren som ein vandrar både i livet og litteraturen. Det gjer "Vandring"-temaet til eit ope og litterært interessant omgrep det blir moro å laga eit godt program av, trur Røsbak.

Les også

Publikumsrekord på Kapittel

— Ikkje alle litteraturfestivalar har eigne tema, men eg liker å jobba slik. "Olje" var veldig konkret, om økonomi og politikk. "Amerika" er også ganske konkret, mens "Vandring" er eit grunnleggjande litterært tema. Eg liker variasjonen, og syns det er ei produktiv avgrensing å bygga festivalprogrammet på denne måten.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. - Folk vil få sjokk

  2. Person døde i ATV-ulykke ved Lysefjorden

  3. Her jubler Dagmar (50) etter «livsfarlig» bragd: Dette har ingen nordmenn gjort før henne

  4. For to år siden døde tre mennesker på Sokn camping - denne gangen var det ikke folk i campingvogna da det tok fyr

  5. Hele laget satt i karantene: Toppklubben må stille med juniorlaget

  6. Har funne ei rekke grove lovbrot på KNM «Helge Ingstad»